Dronningen av Tove Taalesen

Kongelege frå heile Europa, regjering og kjendisar ankommer Slottet for å delta på ein gallamiddag med slottsball. Dronning Ingeborg skal komme med ei historisk kunngjering. Medier frå mange land sender direkte. Men nokon har onde planar. Eit fullstendig kaos bryt laus, og det blir ein kamp på liv og død.
Ei annleis krimbok frå innsida av det kongelege slott.

  • Norsk tittel: Dronningen
  • Forfattar: Tove Taalesen
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 546
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Panta Forlag

Tove Taalesen har jobba som HR direktør ved ein av dei største restaurantgruppene på Aker Brygge. Ho var Norges fyrste kvinnelege lakei for det norske kongeparet. Ho starta i jobben i 2007. Ho jobba ved Det Kongelege hoff fram til 2018. Sidan har ho reist verda rundt som reiseskribent. «Dronningen» er hennes fyrste roman.

Dronninga har invitert til gallamiddag med slottsball på Slottet i Oslo. Kongelege frå heile Europa, samfunnstoppar og kjendisar er invitert. Alle er spente på kva historisk kunngjering dronninga skal presentera. Dei største mediene er på plass, NRK, TV2, CNN og BBC står klar til å sende direkte både inne og utenfor slottet. Tale Voss har sin fyrste dag som lakei for dronninga. Ho er frykteleg nervøs, og gjer da ho kan for at tidsskjemaene skal bli holdt. Ho overhøyrer ein samtale der det kjem fram at det er ein overhengande fare for ein trusselaksjon mot myndighetspersonar, både i Norge og ellers i Europa. Eit fullstendig kaos oppstår og det blir ein kamp på liv og død gjennom Slottets verden. Kven vil dronninga til livs?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Dronningen».

Tale Voss er Noregs fyrste kvinnelege lakei. Ho kjem raskt under overvåkning og mistanke av Tormod Beyer. Han har ansvaret for sikkerheten til dei kongelege. Han var med i aksjonen 22. Juli på Utøya. Aldri skal han oppleva noko slikt igjen, ikkje på hans vakt! Tormod må bruka all erfaring denne fredagen i desember. Dronning Ingeborg har invitert til ein storstillt gallamiddag, og invitert mange kongelege og kjendisar til Slottet. Der skal ho komme med ei stor kunngjering, men også ha ein siste moglegheit til å bevisa at Noreg fortsatt treng monarkiet. Om 3 dagar skal stortingsrepresentantane stemma for eller i mot om Noreg skal gå over til republikk. I kulissane er det personar som har verkeleg onde planar. Eit foreståande terrorangrep er på trappene, og personar på innsida av Slottet er desperate etter å gje Dronning Ingeborg og monarkiet eit siste dødsstøt. Samtidig er alle kameraer retta mot Slottet. NRK har direktesending heile dagen, og har invitert kjente og ukjente gjester i sitt studio på Slottsplassen. Her blir det diskutert og argumentert med for og motforestillinger for å behalda monarkiet. Men dagen kjem til å bli langt meir dramatisk enn alle kunne sett for seg.

«Han holdt blikket hennes. Det så ut som han likte å se hvordan øynene utvidet seg, og poppet ut av øyehulen, hun trodde de gjorde det. Hun kjente det. Nå sitret det i øynene hennes, og tåkesløret hadde lagt seg som et tynt lag foran synsnerven.»

Forfattaren sit med fyrsteklasses insideinformasjon innenfra Slottet. Ho var, som hovedpersonen i boka, den fyrste kvinnelege lakeien i Noreg. Ho har jobba 10 år i Det Kongelege hoff, og ho tar oss med inn i Slottets kriker og kroker, der me også får eit innblikk i hierakiet som skjuler seg bak murveggene. Sjølv om det kan virke gammeldags, litt som «Downtown Abbey», så går eg ut i frå at eit hieraki er naudsynt for at ting skal fungera. Alle må ha bestemte rollar, og vere underdanige sine sjefar og kongelege. Tove Taalesen skriv i sitt forord at ho har tatt seg kunstneriske friheter, men at enkelte beskrivelsar av f.eks kunstgjenstandar og innredning er korrekte. Dei forskjellige salene og Slottskapellet er så godt beskrevet, at eg følte eg gjekk gjennom romma medan eg las. Eg faktasjekka enkelte ting som stod i boka, og alt stemte. Dette gjer boka sjølvsagt meir interessant, ikkje berre får du ein solid krimroman, men du får også mange interessante faktaopplysningar frå Slottet.

Boka startar dramatisk. Forfattaren foregrip historias gang og gjev oss ein liten forsmak på kva me har i vente. Boka vekslar mellom å følgja forskjellige personar. Me følger særskilt Tale Voss, ein mann ved navn Aleksej Vladimirovitsj Sorokin som er antikvarisk malar på Slottet, Tormod Beyer som har ansvaret for sikkerheita, NRK-studioet som sender direkte,og dronninga sjølv. Med mange cliffhangere, vert boka sjeldan kjedeleg. Kanskje ein kunne korta ned på diskusjonane i NRK-studioet, der ein har fleire gjester innom og diskuterer om monarkiet skal bestå eller ikkje. Likevel, realistisk er det, og eit artig innslag i boka. Det er óg nevnt fleire nylege hendingar, som f.eks koronapandemien og Prins Harry og Meghan som braut ut med sine kongelege oppgåver.

Med utgangspunkt i Slottet vert det ei annleis, men særdeles solid krimbok. Tove Taalesen har verkeleg noko å fare med som forfattar. Eg håpar det kjem fleire bøker frå forfattaren, for dette var spennande og interessant lesning om hierakiet og omgivelsane i og rundt det kongelege slott.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s