Noen gram stillhet av Truls Horvei

Truls Horvei’s tiende diktsamling handlar om stillhet og pandemi.

  • Norsk tittel: Noen gram stillhet
  • Forfattar: Truls Horvei
  • Sjanger: Poesi & Lyrikk
  • Antall sider: 80
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Kapabel Forlag

Truls Horvei (Født 1957) er forfattar og journalist. Han har studert litteratur ved Universitetet i Bergen. «Frostskrift» (2020) er Horveis niende diktsamling. Den fyrste, «Havfruehester» kom ut i 1988. Han har óg gitt ut to ungdomsromaner, «Blå stenger» (1994) og «Siste kvelden» (1996). I tillegg har han laga seks CD-er med poesi og musikk. I 2021 kom han ut med diktsamlinga «Noen gram stillhet».

Truls Horvei sin tiende diktsamling, Noen gram stillhet, bærer preg av pandemien vi har stått i de siste årene – og stillhet. Stillheten som du finner i naturen, i tomme gater og stillhet fylt med uro over tilværelsens besværlighet. Her er dikt om det umulige med å reise bort, kjenne blaff av glede over fuglesangen, og de tunge dagene når ensomheten fins både inne og ute.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Noen gram stillhet».

Dette er meir eller mindre ei diktsamling om pandemien som har råka verda den siste tida. Den inneheld også enkelte andre dikt, men hovedtyngda er dikt som er skrevet under koronapandemien, og dens ringvirkninger.

Det fyrste diktet handlar om farens siste seilas mot evig kvile. Dette er eit personleg dikt, som set standarden for diktsamlinga. Det nest siste diktet i boka handlar ôg om faren, og saknet og tomrommet etter han. På mange måter er ringen sluttet, og ein får ein flott og verdig avslutning på boka.

Mellom desse to dikta, finn ein stort sett dikt om pandemien, og den stillheta som rår i samfunnet. Horvei skildrar saknet etter kvardagslivet, få eller gå på besøk, ungeskrik, nærkontakt med andre mennesker, og til og med støyen frå gatene er sakna. Dette var nok noko dei fleste kjente på når det stod på som verst, når samfunnet vart nesten heilt lukka.

Savner lyden av unger
i gatene
busser og drosjer
en som banker på døren
vil du ha en kaffekopp
har du et kvarter til en kjapp prat
om ingenting og alt

savner levende møter
ansikter hender
et helt ekte smil
blikket og pusten din

Denne diktsamlinga er litt mørk og trist. Men han skildrer kvardagslivet slik det var på sitt verste, med ensomhet, stillhet, og ein del vart sjuke av å tenke på at dei kunne bli sjuk. Media som spådde dystre framtidsutsikter, og som heile tida snakka om korona. Folk ein møtte på snakka om korona, og opna ein ei avis, så var det koronaoverskrifter som møtte ein. Ein vart rett og slett sliten av å snakke om pandemi, sjukdom og død.

Forfattar brukar masse naturbilete som metaforer. Han søkjer trøyst i naturen, og ser at sjølv om store deler av verda har stoppa opp, så går ting sin vante gong i naturen. Blømende blomstrer, sola som ruller over himmelen, og skyene som danser vals. Han registrerer óg at døden går sin gang.

Å gå gjennom skogen
ser at det levende livner til
løvetannens kyss mot himmelen
blå i dag, grå i morgen
det er nå det gjelder
en sitronsommerfugl lager et
gulgrønt merke i luften, et streif
av glede mot huden

Utdrag frå diktet «Daggry»

Forfattar har gått mange turer i naturen under denne perioden, og henta masse inspirasjon gjennom dette. Han skriv om den stillheten ein finn i naturen, og det gjenspeiles i diktsamlinga, der ein formelig kan kjenne stillheten rundt deg medan dikta vert lest.

Denne gangen er det overskrifter på dikta. Det synes eg alltid er eit pluss. Det skaper ein viss forventning til kva diktet vil handle om, og det er alltid interessant å sjå kva ein forfattar peiker på som er vesentleg i diktet. Sidene er luftige, og dikta er satt opp på ein minimalistisk og enkel måte, som reflekterer stillheten som rår.

Eg synes det er litt vågalt, men óg tøft gjort, å utgi ei diktsamling om eit tema som folk eigentleg er lei av. Folk vil sjå framover mot lysere tider, ikkje tilbake på det som var under pandemien. Når dette er sagt, så handler diktsamlinga sjølvsagt om meir enn kun pandemi. Horvei skriv eit strålende vakkert dikt om alt han skal gjere, eller drøymer om å gjere når den dagen kjem, der alt blir som før. Det brekningspunktet mellom mørket og håpet er viktig å ha med i ei slik bok, og det har Horvei tatt høyde for.

Horvei har óg skrevet haikuversjoner av dikt. Her er det snakk om å vere konkret med får ord. Forfattar har vist med sin diktbok «Bortenfor haugen, bak plommetreet» at han mestrer dette. Det gjer han óg i denne boka. Han har også eit dikt der han skriv om kvifor han skriv dikt. Dette var ein artig vinkling, og viser hans gode vokabular.

sommerfugler virrer
nå er jeg ikke ensom
under himmelen

Som tidligare nevnt, ligg det ei tristhet over dikta, med ein stillhet og ensomhet som mange kjente på. Mange vart utan jobb, mange mista den fysiske kontakten med familie, vener og bekjente. Mange vart isolerte i sin eiga heim, og som garantert vil kjenna att mange av følelsene og innhald i dikta.

Som vanleg er Horvei poetisk, og er til stades i sine dikt. Han levner ingenting til tilfeldigheter, og viser nok ein gong at han mestrer både vanlege fri-dikt, men også haikudikt til fulle.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s