Korrupt av Don Winslow

Spenningskrim på internasjonalt øverste hylle.

  • Norsk tittel: Korrupt
  • Original tittel: The Force
  • Sjanger: Krim, Spenning
  • Antall sider: 443
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: HarperCollins

Don Winslow (Født 1953) og har blant anna jobba som journalist og privatdetektiv før han vart forfattar. Han har gitt ei rekke bøker opp gjennom årene, og fleire av bøkene hans har toppet bestselgerlistene verda over. «Korrupt» er opprinnelig skrevet i 2017, men vart oversatt til norsk i 2022.

Politimann Denny Malone leder en elitegruppe som skal bekjempe gjengkriminalitet, narkotika og våpen i New York. I atten år har han vært i frontlinjen og gjort hva enn som kreves for å overleve i en by bygd på ambisjoner og korrupsjon, der ingen kan kalle seg plettfri? Det kun få vet, er at Denny Malone også er råtten. Han og partnerne har stjålet millioner av dollar i narkotika og kontanter. Nå er han i fellen og blir presset av FBI, og han må balansere på kanten av forræderi, mens byen vakler på randen av en rasistisk eksplosjon som kan legge alt i ruiner. Korrupt er en uforglemmelig historie om grådighet og vold, ulikheter og rase, og en sviende skildring av en by på kanten av et stup. Dette er en moralsk kompleks og fascinerende dissekering av kontroversene samfunnet står overfor i dag.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget HarperCollins. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Korrupt».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein frittstående spenningskrim med eit røft språk og innhald.

Denny Malone er ein fantastisk karakter. Kompleksiteten og oppbygginga av denne personen er verkeleg imponerende. Me fylgjer han gjennom tjukt og tynt, frå heltemodige innsatser til dei djupeste daler. Fyren er 38 år og leder ei elitegruppe som bekjemper gjengkriminalitet, våpen og narkotika i New York. Gjennom å bruke vald, tystere og ein god dose korrupsjon, finn dei vegen til bakmenn, drapsmenn og karteller. Han er ein heltemodig politimann. Men alt har sin pris. Etter kvart vert denne korrupsjonen og grådigheten også gruppas fall. Kva skjer når nettet snører seg sammen rundt elitegruppa, mens gatene i New York renner over av kriminalitet? Denny Malone og hans team står overfor mange etiske valg og samvittighetskvaler.

Miljøskildringene er solide. Det er meir eller mindre ein byvandring gjennom New Yorks gater. Winslow er detaljert når han skriver gate og stedsnavn, og butikker og kjennemerker på desse plassene. Han er også dyktig på metaforbruk i sine skildringer, i tillegg til å halde tempoet og intensiteten oppe, og viser at han mestrer alle aspekter ved å skrive ein bestselger.

Nå er det ikke engang daggry, og det er allerede varmt. Det er en sånn sommer da husverten Gud nekter å skru ned varmen eller slå på luftkjøleren. Byen er hissig og har kort lunte, på randen av utbrudd, slåsskamp eller opptøyer. Stanken av søppel og gammelt piss er litt søt, sur, kvalmende og forderva som parfymen til ei gammel hore.

Elitegruppa til Denny Malone består av eit fåtall knippe personer. Jo færre som veit kva dei holder på med, jo betre. Personene har gode individuelle egenskaper og motsetninger. Me fylgjer dei også ein del i privatlivet, sjølv om hovedtyngda er i jobbsammenheng. Dei er som ein stor familie. Gudforeldre for barna, og om det skulle skje noko med ein av dei, så skal dei andre ta seg av kone og born. Dei er som brødre og stoler heilt og fullt på kvarandre. Når ein ny person vert plassert i gruppa, vokser mistanken blant gutta; Er han ein infiltratør? Ein som tyster videre opp i systemet? Eller er han ein genuin fyr som elsker jobben og byen like masse som dei andre, og som også lar seg bestikke?

Gruppa holder til i Manhatten Norths og er betre kjent som «Da Force» på gata. Dei er viden kjent for å ikkje vise noko som helst nåde på sin veg, og dei rette folka veit at ein kan betale penger under bordet for å komme seg unna. Konvolutter skifter veldig ofte eigere. Gruppa beveger seg stadig på ein knivsegg, der dei er under press frå øverste hold om å skaffe beslag og stoppe overleveringer av store kvanta, samtidig som dei tar nesten daglige razziaer i tunge kriminelle miljøer. Dette skaffer dei fleire og større fiender, og sjansen for å ikkje overleve dagen vert større for kvar dag som går.

Språket er røft. Virkelig røft. Forfatter sparer ikkje på skildringer og ordbruk som nok kan støte ein del lesere. Boka er bygd opp rundt eit gatemiljø der folk ikkje veit anna enn å drepe for å overleve, selge narkotika og våpen for å slå seg oppover, betale ein sum under bordet for å komme seg ut av problema, og ikkje minst rasisme. Her er det rasehat og hets som ein sjelden les om i bøker frå nyere tider. Forfatter speler på politidrap mot mørkhudede, og den «krigen» som oppstod i etterkant av desse drapene, og som førte til enorme demonstrasjoner og forakt for politi blant enkelte. Dette vever han inn i si historie, og me får eit innblikk i kvardagen til politistyrken i New York gjennom denne tiden.

Med sitt mørke innhald er det befriende å innimellom kunne dra litt på smilebåndet i ny og ne, for Winslow har lagt inn eit par artige og syrlige kommentarer og dialoger.

Monty ler så skuldrene rister, og tårene triller nedover kinna hans.
Malone sier: «Brady spør meg: ‘Er du sikker på at fyren var død?’ ‘Ganske sikker’, sier jeg. Han sier: ‘Ganske sikker? Hva faen skal det bety?!’ Jeg sier: ‘Jeg veit ikke, han hadde ikke puls.’ Og han hadde så visst ingen puls etter at Russo satte to i hjertet hans.»

Boka har ein del lange kapitler, noko ein legg spesielt merke til i starten. Ein må verte litt kjent med språket og skrivestilen, for boka er skrevet med røffe kanter og innehar eit eksplosivt innhald. Forfatter skildrer eit gatemiljø fullstendig ute av kontroll, der vald, drap, prostitusjon, narkotika som flyt fritt og korrupsjon er ein del av kvardagen i gatene. Winslow har eit drivende språk, og han veit nøyaktig kva knapper han skal trykke på for å skape den rette stemninga, for å holde tempoet og spenninga oppe og for å skrive ein fantastisk krimroman.

Det er ein del plasser ein må være konsentrert medan ein les. Særskilt gjeld dette når det kjem til gjenger og kven som styrer kva og kven som tilhører rett gruppe. Klarer ein å holde tunga rett i munnen her, så får du ein fantastisk historie servert i fanget. Men skulle du falle litt ut, så kan det bli uoversiktlig og ein kan misse litt sammenheng og intriger.

Forfatter har nokre oppramsinger her og der. Det var noko fascinerende ved det, sjølv om eg ikkje heilt såg nytteverdien. Han bruker det til å understreke enkelte poeng, men det passet likevel ikkje heilt inn i resten av historia i mine auge.

Vi hersker over gjenger – Crips og Bloods og Trinitarios og Latin Lords. Dominican Don’t Play, Broad Day Shooters, Gun Clappin’ Goonies, Goons on Deck (det virker som et tema), From Da Zoo, Money Stackin’ High, Mac Baller Brims. Folk Nation, Insane Gangster Crips, Addicted to Cash, Hot Boys, Get Money Boys.

Sjølv om ein del seier seg sjølv, så vert det likevel ein del overraskende vendinger undervegs. Desperate folk utfører desperate handlinger, enten det er narkolanger, politimann, sjefer eller narkobaroner. På denne måten veit ein aldri korleis boka vil ende. Når boka i tillegg er frittstående, så kan forfatter velge fritt korleis han vil ende boka. Dette er sjølvsagt eit ekstra spenningsmoment i ei allerede fullstappa spenningsbok.

«Korrupt» er eit mesterverk om eit røft og brutalt gatemiljø i New York. Forfatter sparer ikkje på kruttet med sitt språk og sine skildringer. Denne boka gir deg wow-faktor, og er definitivt nok ein bestselger frå Don Winslow.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s