Rasputins Relikvie av Marion L. Villekjær

Ein historisk spenningsroman der symboler, sagn, gåter, skrifter, hellige graver og skattejakt er nokre av ingrediensene.

  • Norsk tittel: Rasputins Relikvie
  • Forfattar: Marion L. Villekjær
  • Sjanger: Spenning, Historisk
  • Antall sider: 236
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Green Valley Publishing

Marion L. Villekjær debuterte som forfatter med den historiske spenningsromanen «Rasputins relikvie» i 2022.

Etter en traumatisk opplevelse har Amanda satt livet litt på vent, og tilbringer dagene på jobben ved Historisk museum, eller hjemme. Så da Kristoffer dukker opp på kontoret hennes med en hesteskalle som viser seg å være fra en helgengrav, bruker hun ikke lang tid på å bli med han opp til Østerdalen for å finne ut av hvor den kom fra. Jakten på graven viser seg å være farligere enn antatt, da det er flere som er interessert. Menn fra den russiske sekten khlysty vil også ha fingrene i det som skjuler seg i graven. Sekten har vært ute etter graven og dens innhold siden Rasputins tider. Hva er det egentlig de er på jakt etter? Hvem kan Amanda stole på?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Rasputins Relikvie».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein spenningsroman som er basert på fakta og historie.

Det er ingen tvil om at forfattar har latt seg inspirere av karakterer som Bjørn Beltø og Robert Langdon. Eg liker at Villekjær har laget ei kvinneleg utgave av desse to, og samtidig gått sine eigne vegar for å få eit personleg preg på både historie og karakter. Amanda er ei 26 år gamal kvinne som jobber som museolog på eit historisk museum. Ho virker til å trives i ein travel kvardag, noko ho ikkje opplever så masse av på museet. Når Kristoffer kjem ramlende inn med ein hesteskalle med eit metallkors i pannen, er ho ikkje sein med å reise til Østerdalen for å finne ut meir om det finnes ei helgengrav der. Dette skal føre dei begge inn i eit nett av mysterier og gåter. Det vert heller ikkje enklere oppgåve når dei oppdagar at det er fleire som er på jakt etter svar…

Boka veksler mellom tre forskjellige historier. Den eine foregår på 1000-talet, der me fylgjer Sigurd Raudsønn. Dette er opphavet til heile historia, og utover i boka får me eit stadig klarere bilete på kva som ligg til grunn for det som skjer i nå-tida. Den andre historia er Amanda og Kristoffer sin jakt på ei helgengrav. Den tredje historia me fylgjer er Boris og Khlysty-sekta som er villige til å gjere kva som helst for å få kloa i denne grava som i følge sagnet skal ligge eit sted i Østerdalen.

Historiske fakta er ein gjennomgående tråd i romanen, der me er innom både Kænugard og Gardarike. Me kan lese om kjente navn som kjempet om den kongelige tronen på 1000-talet, og samfunnet generelt på denne tida. Middelalderkirker er også ein vesentleg del av historia, og det er alltid spennende å lese om kva som foregikk der, og dets hemmelege innhald og symbolikk som vart nedtegna og videreført til nyere kyrkjer. Dette speler forfatter på, og det fungerer heilt utmerket.

De første herskerne i Gardarike var av skandinavisk herkomst, og flere norske konger tok seg koner fra Gardarike. Olav den hellige tilbrakte en del år hos fyrst Jaroslav. Halvbroren hans, som senere ble kjent som Harald Hardråde, var en stund leder for væringgarden og endte opp med å gifte seg med datteren til fyrsten, før han kom hjem igjen til Norge for å dele kongemakten med nevøen sin.

Det er mange etiske kvaler Amanda må gjennom. Ein er pliktig til å levere inn gamle funn, men samtidig må ho då gje vekk både ansvaret og jakten på den hellige graven. Ho som jobber med dette dagleg risikerer å miste både jobb og omdømme om ho held dette funnet hemmeleg. Samtidig er ho avhengig av hjelp av andre for å finne ut meir. Kven kan ho stole på? Og er Kristoffer den han utgir seg for å være? Eller har han ein baktanke med det heile? Det er mange slike spørsmål som dukker opp undervegs. Villekjær har vert flink til å legge ut nokre falske spor og tvister her og der. Ein veit aldri heilt kor ein har personene, og kva rolle dei har oppi det heile. Dette fører til at ei bok som i utgangspunktet er spennende, vert enda meir spennende, og dermed vanskeleg å legga frå seg.

Hovedkarakteren er Amanda. Ein får ganske tidleg ein følelse av at ho har hatt ein broket oppvekst. Som med alt det andre i romanen får me små drypp av hint undervegs, og til slutt har me dannet oss eit bilete på kva som har skjedd under oppveksten. Dette har formet ho til det mennesket ho er i dag, og viser kva karakter som bor i ho. Karakteren er dynamisk og levende, og den har heile tida ein progresjon i utviklingsmønsteret. Dette er med på å skape eit troverdig bilete av karakteren, noko som alltid er viktig for å få leseren med inn i historia.

Dei andre karakterene i boka kjem ein ikkje like tett innpå. Skulle gjerne sett at det var meir karakteristikker rundt desse, større motsetninger og høgere konfliktnivå. Det kan virke som forfattar har lagt størst vekt på sjølve historia, framfor å dulle med detaljer på personnivå. Noko som er heilt greit, siden dette er smak og behag.

Plottet, historia og formidlingsevna er stor, men eg følge likevel at det var noko som forsvann på vegen mellom ide og tanke og frem til nedskrevet sluttprodukt. Det er ikkje alt ein får skikkeleg tak i, og ein ting virket direkte ulogisk. Denne episoden burde vert skrevet på ein anna måte i mine auge, eller vert utelatt frå romanen, siden det øydelegger det realistiske bilete ein ellers har av boka. Det er nok sikkert ikkje alle som heng seg opp i det, men eg som analyserer innhaldet fann dette særs merkverdig.

Boka er bygd opp rundt gamle sagn, nedskrevne tekster, kongelege personer, mektige mennesker med enorme formuer frå 1000-talet, symboler, gravsteder og den berømte skattejakten med fleire involverte. Alle ingredienser er med for å skape ein drivende god spenningsroman. Men har Villekjær klart å bruke ingrediensene riktig? Og svaret der er ja. Eg sakna kanskje ein skikkelig god cliffhanger og to, men så lenge plottet og historia er spennende og medrivende, er det ikkje så nødvendig med gode kapittelslutter, siden ein allereie har leseren i sin hule hand.

Lyden av torden ble byttet ut med en kraftig hamring av regn mot det gamle blikktaket, et tegn på at tordenværet var på vei til å gli over, og at de kunne komme seg hjem. Han tok tak i skulderen hennes, men akkurat da satte hun spaden i noe hardt, og han kjente armen hennes rykke til under hans. Spaden gnisset mot noe, det hørtes ut som stein.

Eg likte også måten forfatter inkluderer ein mystisk russisk sekt inn i forteljinga. Denne sekta har ein meget spesiell måte å tenke på, og skader andre mennesker for å rense seg sjølv for synd. Sekta har faktisk eksistert, og gjer det fremdeles, dog i eit litt anna format. Det er ein god bi-historie som smeltes inn i teksten på ein naturleg og troverdig måte. Igjen kjem dette med historisk fakta inn, og det er ein raud tråd boka gjennom.

Det er eit intrikat plott som ein må konsentrere seg om viss ein skal klare å fylgje med heile tida. Ein må være til stede medan ein les, men til gjengjeld får ein servert ein heilstøpt historie.

Bevegelsen fikk henne til å skli sidelengs ned en sprekk mellom steinveggen og den lille kammen de hadde gått på. Amanda kjente huden bli revet opp der hun raste nedover den lille skråningen, med kurs rett mot noen store kampesteiner som en gang hadde tatt samme turen som henne og blitt stoppet av veggen av stein.

Språket og dialogene sitter, og ein får aldri ein følelse av at dette er skrevet av ein ukjent forfattar. Det gleder mitt lesehjerte å kunne oppdage enda ei ny forfatterstjerne på bokhimmelen.

«Rasputins Relikvie» er ein spenningsroman frå start til slutt. Med sin jakt på symboler, graver, middelalderkyrkjer og skatter, er dette ein fartsfylt roman med eit godt plott. Beltø og Langdon har herved fått ein kvinneleg utfordrer, og eg håper på fleire bøker med Amanda i hovedrollen. Anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s