På leit etter hjartet ditt av Tone Nilsen-Bie

Ein meget sterk og god ungdomsroman om sorg.

  • Norsk tittel: På leit etter hjartet ditt
  • Forfattar: Tone Nilsen-Bie
  • Sjanger: Ungdom, Roman
  • Antall sider: 103
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Utenfor Allfarvei Forlag

Tone Nilsen-Bie er tidlegare publisert i ulike antologiar, og skriv i tillegg for scenen. «Sumarvariasjonar» som kom ut i 2021, er hennar skjønnlitterære debut. I 2022 gav ho ut ungdomsromanen «På leit etter hjartet ditt».

Tirill har vore forelska i Sigve i fleire år.
Endeleg bryt han med kjærasten. I Tirill vaknar eit fornya håp om at det no skal bli dei to.
Ingen av dei to kan føresjå kva som kjem til skje.
Sorga Tirill får kasta på seg lét seg ikkje stanse, men veks i staden sterkare. Saknet etter han ho aldri fekk gjer Tirill reint besett, og alt handlar om å finne ut korleis ho kan gje slepp.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Utenfor Allfarvei. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «På leit etter hjartet ditt».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein ungdomsroman på nynorsk om sorg, som også passer utmerket for vaksne.

Tirill er eg-personen i boka. Ho har vore forelska i Sigve i mange år. Plutseleg ein dag får ho moglegheita når han oppsøker ho med beskjeden om at han har slått opp med kjærasten sin. Tirill er av den oppfatning at Sigve er full når han fortel at det er ho han vil ha, og forlater han. Det som så skjer skal få uante konsekvenser.

Dette er ei sterk bok, der forfattar speler på følelser. Det handler om val ein tek, om dårleg samvittighet, skyldfølelse, og heile tida ligg tankene rundt dette med kva om eller tenk om… Det er ikkje alltid ein kan gå tilbake på val ein tar, og det kan får uante konsekvenser som ein bærer på resten av livet, og som kan forme deg som person seinare i livet.

Aldri får eg høyra hjartet ditt hamre mot mitt igjen. Eg elska deg frå før eg møtte deg fyrste gongen. Eg vakna etter ein draum og elska deg. Utan å ana noko om kven du var, eller om du i det heile fanst. Eg var kjær i ein draum. Du var draumen min.

Boka er på like over hundre sider, og innehar relativt korte kapitler. Den er lettlest, og passer målgruppa som hånd i hanske. I utgangspunktet ville eg sagt at dette er ei bok for jenter, siden det handler om følelsene til ei jente. Men etterkvart som historia utfolder seg, så treff den med sitt innhald, uansett hvilken kjønn ein er.

Temaet i boka er sorg, men den inneheld også val som kvar enkelt menneske kan ta, og som kan redde liv. Eg synes at Tone Nilsen-Bie verkeleg har fått fram kva konsekvenser eit val kan ha for ein sjølv og for andre menneske, og klarer å skrive på ein slik måte at ein trur på historia fullt og heilt.

Det er underleg korleis hjernen jobbar. Korleis den finn logikk i kaoset. Korleis den rettferdiggjer merkelege val. Sånne val eg har teke for å koma hit. Eg måtte gjera dette for å klare å leva vidare. Eg vonar dei vil sjå det på same måte, om dei finn ut av løgna eg har fortalt.

Formuleringene til Nilsen-Bie er meget gode. Dei treff deg rett i hjarterota, og eg vil tippe at mange vil felle ei tåre og to i denne boka. Me fylgjer Tirill heile vegen, hennes følelser, hennes tanker og hennes væremåte. Måten ho blir slukt av sorg, måten ho isolerer seg sjølv frå omverdenen, og måten ho forsøker å finne att til ein normal kvardag. Det er heile spekteret, og det er skrevet på ein effektiv og særs imponerende måte.

Heile romanen er skrevet med ei følsam hand. Skildringane er vare og forsiktige i det eine augneblikket, for så å skru det til i det neste. Men likefullt er det eit poetisk strålende språk.

Det sludda no. Tunge flak, som iskyss mot kjakane. Det var umogleg å sjå kven som køyrde forbi. Kan hende det var du. Kan hende du vinka. Kan hende du såg at håret mitt vart tyngt av vatn. At sminka mi rann som forureina bekkar, men eg såg ingen ting. Berre bilar på bilar som passerte. Lysa som blenda meg når dei reflekterte frå den våte asfalten.

Boka er delt inn i to deler. Den fyrste delen tar utgongspunkt i det som skjer mellom dei to, medan del 2 foregår eit halvt års tid etter hendelsen. Tirill er ein karakter som mange nok kan kjenne seg att i. Ho er ei heilt normal jente i slutten av tenåra, som tok eit val ho angra på, og som sidan gjer fleire dumme og uetiske val. Men alt bunner i det som hendte den gong. Alt kan spores tilbake, og viser kor gjennomtenkt teksten er.

Handlinga har eit godt driv, og eg leste ut boka på ein kveld. Historia står støtt, og ein trur på det Tirill tenker og føler. Dermed får ein ein stor tilhørighet til det som skjer, og romanen vert vanskeleg å legga frå seg.

«På leit etter hjartet sitt» er ein strålende ungdomsroman om sorg. Den er så bra at vaksne også vil ha stor glede av denne. Dette er uten tvil ei bok til ettertanke. Den inneheld viktige temaer som ein ikkje tenker over i det daglege, og som vil vere ein realitetssjekk for alle som les boka. Anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s