Når Richard si kone plutseleg ein dag forsvinn sporlaust, startar marerittet. Dette er fyrste bok i ein trilogi.
- Norsk tittel: Alfahannen
- Forfattar: Stig Ellingsen & Simen Ingemundsen
- Sjanger: Thriller, Psykologi
- Antall sider: 235
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Neglebitt Forlag
Stig Ellingsen (Født 1958) har skrevet ei rekkje krimbøker med Bjørn Brenner og Hanne Berntsen som hovedkarakterer. Me treff Bjørn Brenner for fyrste gong i boka «Incubo» som kom ut i 2010.
Simen Ingemundsen (Født 1995) er ein kjent bokblogger, som går under navnet BokTimmy. Han er også foredragsholdar, festivalsjef og arrangør for litterære arrangementer. No kan han også føre opp forfattar på CV’en sin.

Lektor Richard Trones har flykta frå byens larm og tatt en stilling i psykologi og sosiologi ved Jørpeland videregående skule. Ved ein tilfeldighet møter han Anne Ellingsen, ei av dei tre døtrene til kommunens rikeste og mektigste mann, ordfører Helge Ellingsen. Etter ein kort og intens romanse gifter dei seg i eit storslått bryllup. De bosetter seg i den vesle dalen kor nesten alle i slekten bur, og Richard Trones, som sjølv berre har sin gamle mor i live, føler at tilværelsen nesten er fullkommen. Da einaste som mangler er barn. Men ein dag kjem Tina Ellingsen, den yngste datteren på besøk. Hun er slående vakker og en idealistisk og sannhetssøkende forsker. Under en familiemiddag setter hun patriarken Helge Ellingsen ettertrykkelig på plass i alles påhør. Det har aldri nokon gjort før. Dagen etter våkner Richard Trones med høg feber og må søke akutt legehjelp. Det er berre byrjinga på en malstrøm av av dramatiske hendingar som virvler ham inn i en desperat kamp for å redde dem han er mest glad i og finne sanninga blant alle løgnene før han sjølv blir trukket under.
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå Neglebitt Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Alfahannen».
Dette er fyrste bok i ein trilogi. «Alfahannen» er ein psykologisk thriller, med heilt nye karakterer og eit nytt univers av desse to forfattarane som er kjent for sin serie om Berner og Storlien.
I forordet skriv dei følgande: «Boka er første del i en trilogi som tar for seg kriminalitet begått av mennesker som mangler evne til medfølelse eller har evnen til bevisst å koble fra følelsene.»
Hovedkarakteren er Richard Trones. Ein person som er høysensitiv og snill. Han er lykkeleg gift, men svigerfamilien, og spesielt svigerfaren er meir opptatt av det materielle og penger, og er ein særs mektig person i kommunen. Når Richard si kone, Anne, ein dag plutseleg forsvinn utan å gje livsteikn frå seg, startar marerittet for Richard. Han får ingen hjelp frå svigerfamilien, og både dei og politiet mistenker at han står bak. Ein kamp for å bevise sin uskyld startar, men har Richard reint mjøl i posen sjølv?
I starten av boka følte eg da vart masse gjentaking. Særskilt ordet «feber», som vert brukt over førti ganger før eg var nådd side 30. Her kunne forfattarane veksla litt, eventuelt korta ned dette partiet.
Boka har fyrst og fremst manipulering og maktsjuke personer som eit bakteppe. Psykologiens grenser speler óg ein stor rolle, for kva skjer når personer aldri blir sett på som særleg verdt, og aldri er gode nok, uansett kor hyggeleg og hjelpsame dei er? Dei skriv om «mørke personligheter», personer som skader og øydelegg andre mennesker utan å vere onde, dei er psykisk sjuke, eller «den mørke triaden» som dei kallar det i psykologien.
Eg sakna ektefølte følelsar hos Richard, eg følte dei til tidar vart litt robotaktige, særskilt i starten. Hans store kjærleik er sakna, men han går på besøk til moren, (utan å fortelja at kona er sakna) har mobilen på lydlaus om natta… Det virka ikkje heilt som om han brydde seg særleg om ho. No skal da seiast at dette vert betydeleg betre utover i boka.
Dei som har lest tidlegare bøker av Ellingsen og Ingemundsen, vil umiddelbart kjenna att det litt særegne språket dei har i bøkene sine. Plottet er godt, og spenninga varer boka ut. Her er det motorsykkelbandar, sekter og ein god dose psykologi. Richard har to hjelpere, begge kvinnelege, der den eine er kollega og psykolog. Det vert dermed ein god del samtaler og dialogar dei i mellom på eit psykologisk plan.
«Problemet med folk som er for snille er at dere før eller siden får nok. Ingen klarer å gå gjennom livet og bli utnyttet hver dag. Den dagen det er nok sier dere tydelig fra, og da hender det noe svært merkelig. I stedet for at den eller de som har utnyttet dere unnskylder seg, skjer det svært ofte at de også blir sinte fordi de ikke får viljen sin! Det er da det går galt. Det er dessverre en del snille mennesker som sitter og soner lange straffer i fengsel fordi de har drept den eller de som har utnyttet dem.»
Å skrive ein psykologisk thriller/krim er ein vanskeleg sjanger. Ellingsen og Ingemundsen har med «Alfahannen» dermed begitt seg ut på tynn is. Til tider lykkes dei, og denne boka må kategoriseres som ein god start på denne trilogien.
Etter ein litt treig start for min del, tar boka seg opp, og etterkvart vert det spennande og det vart ein slutt med overraskande vendingar. Da er noko med språket som fascinerer, utan at eg heilt klarar å setja fingeren på kva det er. Litt ungdomsaktig skrevet, men for vaksne. Eg liker stilen, og ser fram til fortsettelsen i denne trilogien.
TERNINGKAST: 4