Normandie 1944 – Kampen om brohodet av Arve R. Pisani

Ein særs detaljert krigsdokumentar om invasjonen i Normandie i 1944. Dette er bind 1 i ein serie.

  • Norsk tittel: Normandie 1944 – Kampen om brohodet
  • Forfattar: Arve R. Pisani
  • Sjanger: Krigsdokumentar
  • Antall sider: 267
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Arve R. Pisani Publishing

Arve R. Pisani (Født 1947) er bosatt på Jomfruland ved Kragerø. Han har siden 1974 gjort omfattende studier av kampene i Normandie i 1944. Pisani debuterte som forfattar i 2012 med boka «Normandie 1944. Bocage – Normandies helvete», før han gav ut «Veien til Falaise» i 2014. «Normandie 1944 – Kampen om brohodet» som kom ut i 2020, er ein nyutgivelse/omarbeiding av boka frå 2012.

I slutten av mai, og de første dagene av juni 1944, klargjorde de allierte mer enn 5000 fartøy, historiens største invasjonsflåte, for ferden over den engelske kanal til kysten av Frankrike; nærmere bestemt Normandie. Om bord var det 160 000 soldater.
Invasjonskysten var 80 kilometer lang, og den bestod av fem invasjonsstrender. Regnet fra vest mot øst hadde de fått navnene: Utah, Omaha, Gold, Juno og Sword. De to første var amerikanske, Gold og Sword var britiske, mens Juno var kanadisk.
Til å sikre brohodets flanker ble det satt inn tre luftbårne divisjoner bestående av omkring 24 000 fallskjermjegere og glideflysoldater. De første av disse dalte ned over Normandies mørklagte landskap klokken 00:15, like over midnatt 6. juni 1944.
I Normandie ventet de tyske soldatene i åndeløs spenning. Skjønt, de fleste både trodde og håpet nok at de allierte ville invadere lengre nord, ved Calais. Og, denne kvelden var været så ugunstig at invasjonen uansett ikke ville komme denne natten. Forfatteren, Arve R. Pisani, skildrer de alliertes kamp på liv og død de første dramatiske dagene for å sikre et fotfeste på det nazi-okkuperte europeiske fastlandet. På motsatt side av fronten beskriver han inngående de tyske soldatenes like desperate kamp for å kaste de allierte på sjøen igjen.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Normandie 1944 – Kampen om brohodet».

Dette er ein krigsdokumentar frå 2.verdskrig. Den tar for seg den berømte D-dagen og kampen om Normandie i 1944, samt dagene etter.

Denne boka er ein nyutgivelse/omarbeiding av «Normandie 1944 Bocage- Normandies helvete» som forfattar gav ut i 2012. Ein del er sløyfet, og masse nytt stoff er lagt til. Boka inngår i ein serie på tre bind under tittelen Normandie 1944. Dette er bind nr. 1.

Eg kan byrja med å nevne at forfattar har intervjuet og hatt korrespondanse med over tre hundre veteraner over fleire tiår. Dette har ført til unike skildringer og førstehåndsinformasjon av tidsvitner frå begge sider av krigen. Pisani har óg nytta primærdokumenter og manuskripter, og har med dette skapt eit heilhetsbilete av det som skjedde på og rundt Normandie dei skjebnesvangre dagane i juni 1944.

Forfattar nyttar fotnoter på sidene. I alt er det 178 fotnoter. Det kan virke litt overveldende dei fyrste sidene, men ein kjem fort inn i det, og utover i boka tenker ein ikkje over det i det heile tatt. Med tanke på all informasjon som ligg til grunn i denne boka, skjønar eg at forfatter vil nytte seg av dette.

Denne boka er ikkje for «nybyrjarar» innan krigslitteratur. Eg vil ikkje anbefale å byrja på denne boka viss du ikkje har ein viss kunnskap frå andre verdskrig frå før. For dette er ein krigsdokumentar med stor mengde med detaljert informasjon. Med andre ord ligg det eit enormt arbeid bak, og ikkje minst dette med å pusle saman forskjellig informasjon til å passe inn i tidslinja.

Soldatene tilhørte 916. infanteriregiment, 352. infanteridivisjon og 716. infanteridivisjon. Støttepunktet 62 var 332 meter langt og 323 meter dypt. Høyden på de forskjellige stillingene var fra 12 til 50 meter over stranden. Støttepunktet var oppsatt med to 75 mm kanoner og to 50 mm panservernkanoner. Det var tre maskingeværreder utstyrt med hvert sitt MG 42 og et med et dobbeltløpet maskingevær.

Pisani har hatt kontakt med mange veteraner, og det har skapt eit meget interessant bilete av slagmarka. Frå å kun fortelje kva som skjedde sett ovenfrå og på avstand, har Pisani kunne dra meg som lesar ned på marka og rett inn i kamphandlingene. Ein vert med i krigen, sett frå soldaters auge. Frå både den allierte og tyske siden. Dette skaper eit heilt anna bilete, og viser dei enorme påkjenningene og den rå og brutale kvardagen dei opplevde.

Boka har 16 kapitler. Nokre kapitler er lengre enn andre, men siden det er mange bilete, kart og plansjer, fyker sidene av gårde. Det må også nevnes at det er gode og forklarende undertekster til kvart bilete og kart. Boka startar den 5.juni, der den store armadaen er på vei mot Omaha Beach, og slutter 13 juni. Fyrst og fremst handlar det om landgangen i Normandie, og dei kamphandlingene som oppstod. Men me får også inngående kjennskap til det som skjedde dei neste dagene, då med fremrykninger, og ikkje minst det berømte slaget 9. juni i Le Carrefour.

Språket er solid. Forfattar klarar å formidle grusomhetene og det taktiske spillet på ein veldig god måte. Sjølv med mange faguttrykk klarer Pisani å lage liv i teksten, og virkeliggjøre krigen side for side.

For mange tyske soldater var det å velge mellom pest eller kolera. Dei måtte kjempe og ikkje trekke seg tilbake. Ordet «Führerbefehl» raste gjennom hovudet på dei; Ikkje ein meter skulle avgis. Den som ikkje adlydde ordren, ville bli skutt. For dei allierte sin del, vart det ofte forvirring rundt dette om det var allierte eller tyske soldater og tropper som var i nærleiken. Då var cricketen god å ha, sjølv om den kun fungerte i stille omgivelser.

Det er nære og dramatiske skildringer me får servert. Pisani har klart å skape ei rå, brutal og ærleg bok om krigens voldelighet. Me fylgjer også enkeltpersoner gjennom desse dagene, noko som eg følte var eit godt trekk av forfattar. På denne måten får me eit ekstra innblikk i dei ekstreme forholda dei måtte gjennom over ein lengre periode.

Grusomhetene de så på veien tilbake var ubeskrivelige. De passerte en samling commando-soldater. Fremdeles med ansiktene svertet med fett. Slengt i en haug. Blodløse. Døde. Et annet sted passerte de en rekke soldater som satt i veikanten. Øynene var forbundet med blodige filler. Og innimellom dem, disse ensomme, voksaktige likene, badende i en dam av blod. Ved en hekk passerte de en flokk på tyve infanterister. De lå som om de ventet på å gå til angrep. Ingen av dem vinket tilbake til de forbipasserende commando-soldatene. Fordi de var døde. En brå død hadde overrasket dem.

Det er som nevnt, ein stor mengde informasjon i boka. Dette kan til tider gå ut over leseflyten, då ein stadig «må» lese fotnoter, og det nevnes kva regiment og divisjoner som er involvert til ein kvar tid, samt soner og sektorer dei befinn seg i. Men dette er ein dokumentar med høg grad av detaljer, og då er det sjølvsagt at dette må vere med.

«Normandie 1944 – Kampen om brohodet» er ein krigsdokumentar med ein enorm mengde informasjon. Med førstehåndsinformasjon frå mange veteraner frå krigens dager, er dette ei gullgruve for alle med stor interesse for detaljer frå den andre verdskrig. Eg tar av meg hatten for det arbeidet forfattar har lagt ned, og anbefaler denne boka på det varmeste.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s