Rød stjerne av Ørjan N. Karlsson

Ein intens og realistisk spenningsroman der Noregs frihet og suverenitet står på spel. Dette er den tredje boka med Ida Vinterdal i hovedrolla.

  • Norsk tittel: Rød stjerne
  • Forfattar: Ørjan N. Karlsson
  • Sjanger: Spenning/Thriller
  • Antall sider: 372
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Gyldendal Norsk Forlag

Ørjan N. Karlsson (Født 1970) har tidlegare jobba i Forsvarsdepartementet, og er idag fagdirektør i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Han debuterte som forfattar med spenningsromanen «Gruve 13» i 2004. Sidan den gong har han utgitt ei rekke bøker i forskjellige sjangrar. Han har óg gitt ut bøker for ungdom. Karlsson har hatt stor suksess med thrillerserien om Ida Vinterdal. «Hvit armada» (2019), «Blå storm» (2020) og «Rød stjerne» (2021).

1. januar: Norge blir medlem av FNs sikkerhetsråd. Fem uker senere blir Monrad Foyn, Norges ambassadør til FN, funnet død i sin residens i New York.
På Svalbard gjør det norske politiet en sjokkerende oppdagelse da likene av to russiske spesialsoldater blir funnet utenfor en omstridt radarstasjon.
Er det en sammenheng mellom de to sakene? Ida Vinterdal, lagfører i spesialstyrken Gruppe Alpha, som sendes til Svalbard for å assistere politiet, tror det er det. Noen er i alle fall villig til å ta i bruk alle midler for å holde sannheten skjult.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Gyldendal Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Rød stjerne».

«Rød stjerne» er den tredje boka med Ida Vinterdal i hovedrolla. Denne spenningsromanen kan fint leses frittstående. Dette er mitt fyrste møte med karakteren, så eg har ingen forutsetninger for å samanlikne boka med tidlegare utgivelser i serien.

Dette er ein actionfylt spenningsroman som verkeleg er spennende frå start til slutt, der forfattar kjem med henvisninger til verkelege hendingar, og skaper med dette ei realistisk ramme rundt si eige historie.

Karlsson har valgt å ha kapitler som omhandler ein spesifikk hovedperson. Dette er merket med navn som overskrift, der me fylgjer i alt fire forskjellige personer i deres kamp for å finne ut kva som egentlig foregår. Forfattar legg inn meget intrikate og interessante cliffhangere ved kvart kapittelslutt, noko som gjer at det heile tida er eit strålende driv i forteljinga, og spenningsnivået vert opprettholdt boka gjennom. Eit skoleeksempel på korleis ein god spenningsroman skal bygges opp.

Tidleg i boka får eg som lesar ein følelse av at noko stort er på gong. Med parallelle historier, kan ein danne seg eit meir oversiktelig bilete undervegs. Plottet er meget interessant. Svalbard er gjenstand for stadige diskusjoner i verdensbilete. Russere, amerikanere og kinesere finner dette området som eit viktig knutepunkt, og som er eit område med stadig aktivitet. Ein russisk u-båt vert torpedert av ein uidentifisert u-båt, russiske fregatter patruljerer like nord for Svalbards territorialgrense, og to russiske spesialsoldater vert funnen drept på Svalbard. Det brygger seg opp til ein storkonflikt, med Noreg i hovedrollen.
Samtidig finn ein den norske FN-ambassadøren død i sin leilighet i New York. PST sin utsendte, Kyrre Kaupang, får 48 timer på seg til å finne årsak, før det vert offentleg kjent. Dette er starten på eit intenst oppdrag, som fører han inn i situasjoner han skulle vert foruten.

Karlsson er ein meister til å sette stemninga i romanen. Eg vil trekke fram ein heilt spesifikk scene, nemlig når ein russisk ambassadør vert kalla inn på teppet av den norske utenriksministeren og statssekretæren. Ambassadøren krever ein uforbeholden unnskyldning frå Noreg etter å ha antatt at norske spesialstyrker står bak likvideringa av dei to russiske soldatene på Svalbard. Då tenner både utenriksminister og statssekretær på alle plugger. Skildringene her bør være med i alle læreplaner for å skape ein god og truverdig scene. Dette åleine er verdt å lese denne boka.

Handlinga foregår fleire stadar, men hovedsaklig er det Svalbard og New York som opptar det meste. Forfattar klarar å skape eit ublidt, kaldt og dystert mørke på Svalbard, med sine strålende miljøskildringer.

Etter som lyset fra flyplassen svant hen bak dem, dukket en ny lyskilde opp i front. Innerst i Adventfjorden glitret Longyearbyen som en iskrystall. Det gule lyset fra vinduer og lyktestolper lokket dem til seg med løfter om varme og trygghet. Et vern mot uvær og kulde. Samtidig kjente Ida tyngden fra fjellene rundt byen. En usynlig, men følbar vekt som presset mot bevisstheten hennes. Her ute nøyde ikke naturen seg med å spille annenfiolin. Den komponerte hele symfonien.

Språket og dialogene flyt særs godt, kapitla er relativt korte, og når det ligg ein uggen følelse av realisme i historia, er det ikkje rart at undertegnede gløymde tid og stad, og satt att med ein halvsvidd middag. Dette er virkelig ein pageturner frå fyrste side av!

Er det noko eg vil setja fingeren på med denne romanen, må det vere ein situasjon der lederen for den hemmelege delen av PST mistenker at rommet han oppheld seg i, er overvåka. Likevel legg han, og dei som er med han i rommet, ut om strengt hemmeleg informasjon….

Det foregår eit politisk spel, hemmeligstemplet rapporter, militære aksjoner, etterretningsvirksomhet og samarbeid på tvers av landegrenser. Linja mellom kven ein kan stole på og ikkje er syltynn. Ørjan N. Karlsson har klart å skape eit univers og ei historie som er truverdig og realistisk. Det er ei dirrende spenning som til slutt vert utløyst i heseblesende aksjoner. Og her er det veldig lett å overdrive, skape eit bilete som blir for kaotisk og storslagent at det vipper over til det litt komiske. Dette har forfattar unngått, og dermed kan eg som leser fylgje med kvart skudd, kvar bevegelse, kvart skjulested og kvar nærkamp som på ein film. Meisterleg!

Bak dem steg turbinhvinet. Helikopteret gjorde seg klar til nok en angrepsrunde. Og selv om piloten ikke kunne se dem bak steinen, forsto han hvor de hadde søkt dekning.
Mitraljøsen åpnet ild, og en sverm av prosjektiler klasket inn i baksiden av kampesteinen. Sammenstøtet fikk den massive granittblokken til å riste.

Grunnen til at eg elsker å lese bøker, er nettopp det å lese slike bøker som dette. «Rød stjerne» drar deg rett inn i handlinga, og spytter deg ikkje ut av bobla før siste side er lest.

Lista for ein god spenningsroman er herved satt. Denne holder eit høgt internasjonalt nivå, og er ei bok eg kan anbefale på det varmeste. Wow, for ei bok!

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s