Politibetjentene Tom Grayston og Dagny Stokka vikles inn i ein mørk underverden i denne spennende og velskrevne krimromanen.
- Norsk tittel: Slakt
- Forfattar: Espen Skjerven
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 492
- Utgivelsesår: 2019
- Utgiver: Pitch Forlag
Espen Skjerven (Født 1974) er utdanna jurist og jobber som dommer i Jæren tingrett. Han har tidlegare arbeida i Økokrim, Kripos og som forretningsadvokat. Han debuterte som forfattar med krimboka «Slakt» i 2019.

Investor Erik Hoff kjemper for sin uskyld i en brutal dobbeldrapssak i Sandnes. Når politibetjentene Tom Grayston og Dagny Stokka undersøker nye tips i saken, vikles de inn i en mørk underverden av prostitusjon, overgrep og grov menneskehandel. Sannhet og tillit settes på prøve, og grensen mellom skyld og uskyld viskes ut.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Slakt».
Dette er fyrste bok i ein krimserie om Tom Grayston. «Slakt» er ein truverdig politikrim som foregår i Sandnes og Stavanger-området.
Denne boka inneheld det meste av det ein finn i dagens krimbøker, nemlig bestialske drap, tøffe og vanskelege temaer, og ein hovedkarakter som ofte går eigne veger. Det store spørsmålet er om denne boka skil seg ut frå den store jungelen av krimbøker som allereie finnes på marknaden? Svaret er vel både ja og nei…
Boka startar med nokre dager i retten. Her skulle eg gjerne sett at forfattar la til enda meir sidan han sjølv er dommer, og kan sine saker frå innsida. Men frå det lille me får, føler eg at eg personleg er til stades i retten. Eg håper at det kjem meir frå rettslokala i hans fremtidige bøker.
Plottet står fjellstøtt krimromanen gjennom. Den byr på overraskende vendinger, store avsløringer, og ein realisme som gjer vondt å vite at den eksisterer. Skjerven skriv om vold, menneskehandel, det mørke nettet, barneporno og pedofile, og har enkelte skildringer som gjer at eg som leser skifter side på kven eg har sympati for. Det er ei bok med eit sterkt innhold, og som provoserer. Samtidig er det verkelegheita for alt for mange.. Sjølv om det er fiksjon, så skraper Skjerven i overflata på ei vond sanning.
Hovedkarakteren er Tom Grayston. Ein person som tidlegare har jobbet i beredskapstroppen, og som no er politibetjent og etterforskingsleder. Skjerven har verkeleg skapt ein karakter som er i høgste grad levende og har menneskeleggjort Tom på ein strålende måte. Dette er bokas klare styrke, i forhold til mange andre krimromaner. Tom er skilt, har to barn som han bur langt fra, men som er med i tankene hans kvar dag. Her møter me ein hovedkarakter som er sporty, som har stor omsut for familien, som ofte går egne vegar, og som har ein sjeldan sterk rettferdighetssans. Eg føler at Skjerven har klart å skapa eit balansert bilete av ein person, då han fremstår som ein sympatisk fyr, men samtidig har sine feil og mangler, utan å vere ein alkoholiker eller sex-avhengig.
Miljøskildringene i romanen er strålende. Alt frå det tøffe og skiftende Vestlandsvéret, til det meir kvardagslege som korleis eit kontor er innreda. Det er detaljert, men utan å vippa over til det kjedsommelige. Dermed levendegjør han omgivelsene utan at det går utover innhaldet.
Språket er lett, dialogene flyt veldig bra, og både tid og sider flyr avsted i eit hurtig tempo. Det er 68 kapitler i boka, noko som gjer den ekstra leservennlig, til tross for eit til tider makabert innhald.
I midten av vestibylen stod et moderne kunstverk. En metallstang, utsmykket med tre store metallkruseduller, strakte seg flere etasjer oppover mot taket. Tom krysset steingulvet og passerte veggen med bilder av falne politimenn i tjeneste. Langs trappen opp til tredje etasje hang flotte barnetegninger av politibiler og fargerik kunst som et overgrepsoffer hadde skjenket politiet.
Historien bygger seg opp over tid, og det er fyrst i siste del at boka tar av med action og spenning. Men før den tid, får me gode skildringer frå eit møysommelig etterforskningsarbeid med avhøyr, ransakinger og forskjellige hypoteser. Det er óg lagt stor vekt på privatlivet til Tom Grayston. På mange måter er det ein salig blanding mellom roman og krim, på ein positiv måte. Det er spennende å få små drypp av livet til Tom. Som f.eks kvifor han slutta i Deltagruppa, kvifor han har dårleg samvittighet for at søsteren sit i rullestol, kva har skjedd mellom han og foreldra, kvifor vart han skilt, og har han følelser for sin politimakker? Det er så mange ting og tanker som spinn rundt han, at boka aldri vert kjedeleg.
Eg følte det var ein og anna logiske brister her og der, men ikkje slik at det øydela for realismen og historia.
Boka starter med ein del navn som må holdes styr på, men det er også hovedsakelig nesten alle personene i romanen. Det kjem heldigvis få nye utover i boka, noko som etterkvart gjer den oversiktelig og enkel å lese.
Slanger er eit tema, og det er nokre klaustrofobiske scener, som gjorde at beina mine raskt vart flytta opp frå bakken medan eg las.
Noko av innholdet er groteskt og røft å lesa om. Det går kaldt nedover ryggen og håra reiser seg på armene av enkelte av skildringene.
Han kjente henne igjen, den lille jenta med krøllete, lyst hår som lå på ryggen i sengen. Hun var naken og stirret på Tom med store, blå øyne. På magen hennes rant det sæd. Akutt raseri blokkerte alle tanker og all fornuft i Tom. Treningen han hadde gjennomgått i Delta, hjalp ikke en dritt. Dette var noe annet. Verre enn alle aksjonene han hadde vært med på. Å være vitne til grov utnytting av uskylden, forsvarsløsheten og sårbarheten hos de aller svakeste. Barna som de voksne skulle beskytte. Det smertet dypt ned i hjerteroten.
Det vert samarbeid internt i politiet på tvers av avdelinger. Dette fungerer godt, og det er lite konflikter. Dynamikken mellom politi og jurist fremstår som truverdig, og ein får eit bilete av korleis dette fungerer i praksis. Skjerven har gjort hjemmeleksa si, og skapt eit univers som provoserer med sin ondskap, men samtidig som det oser realisme av.
Dette var ein meget god krimdebut frå Espen Skjerven. Han skriv enkelt, og legg hovedkarakteren på eit folkeleg nivå, som gjer at ein får sympati for han, og vil lese videre for å sjå korleis det går med han. Samtidig sjokkerer forfattar med enkelte av sine røffe skildringer. Med andre ord; Denne krimboka har alt! «Slakt» kan eg varmt anbefale videre.
TERNINGKAST: 5