Den sorte bruden av Anne Elvedal

Helenes fostersøster forsvinn sporlaust. For å få svar må Helene bruka sine evner med å kommunisere med dei døde. Dette skal få store fylgjer i denne paranormale grøsseren for ungdom.

  • Norsk tittel: Den sorte bruden
  • Forfattar: Anne Elvedal
  • Sjanger: Ungdom, Paranormal Grøsser
  • Antall sider: 378
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Cappelen Damm

Anne Elvedal (Født 1973) er ein ettertraktet manusforfattar. Ho har skrevet manus til filmer og TV-serier som «Børning 2», «Elias og jakten på havets gull» og ikkje minst serien «Twin», som er solgt til 46 land. «Dødens spill» (2020) er hennes skjønnlitterære debut. Dette er den fyrste boka i ein trilogi for ungdom. I 2021 kom «Den sorte bruden», som er bok nr. 2 i trilogien.

Kva var det Rebekka og Martin starta med det gamle åndebrettet i sitt tidlegare liv?
Helenes fostersøster forsvinn sporlaust på veg heim frå butikken. For å få svar på om ho fortsatt lever, trosser Helene advarselen om å aldri ta i bruk sine evner til å kommunisera med døde, og kastes inn i eit farleg spel styrt av mørke krefter.
Kven den døde jenta ho får kontakt med? Kven vugger på den gamle dokkevogna om natta? Kan ho stola på lensmannssonen som påstår at han også har spesielle evner? Og viktigst av alt: Kan Helene stola på seg sjølv?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Cappelen Damm. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Den sorte bruden».

Dette er bok nr to i denne trilogien som er retta mot ei målgruppa på 14-18 år. Den kan fint lesast frittståande, men for å få maks utbytte av den og serien generelt, anbefalar eg å starte med «Dødens spill», som kom ut i 2020. Serien er ein paranormal grøsserserie.

Eg likte veldig god den fyrste boka, og var spent på om Anne Elvedal ville klare å holde spenninga, grøsserelementa og tempoet oppe i den alltid litt vanskelige bok nummer to. Eg kan avsløra med ein gong at da klarar ho strålande.

Da fyrste som slo meg var at eg vart imponert over at ho klarer å ha med innhold frå bok nr. 1, men samtidig ha ein frittståande oppfylgjar utan å avsløre for mykje frå «Dødens spill». På slutten av boka er det riktignok fleire trådar tilbake til den fyrste boka, men alt i alt eit solid stykke arbeid på den fronten.

Hovedkarakteren i denne boka er Helene. Helene bur saman med sin eldre bror i ein fosterfamilie. Broren er ikkje som alle andre, og har sine utfordringar. Men så lenge Helene klarar å passe på han, er alt under kontroll. Dette er langt frå den fyrste fosterfamilien dei er i, men no er dei kommet til ein familie som dei trives i, og føler seg komfortabel med. Men når deira ekte dotter, sju år gamle May-Liss, plutseleg ein dag forsvinn sporlaust, skal alt endra seg. Ikkje berre i familien, men også i heile Hommelvik, ei bygd i Trøndelag.

Helene er ei snart 16 år gamal jente som kan kommunisere med dei døde. Når ho tar i bruk eit åndebrett for å finna ut om May-Liss lever eller er død, byrjar ting for alvor å skje….

«Han sitter på kne utafor rommet og brekker seg. Svetten renner fra panna hans, drypper ned på gulvet.
Og da ser jeg det. Dukkene. De står i en klynge på plankene ved vogna. Ansiktene er vendt mot oss. De stirrer på oss. Stivt og dødt.»

Boka er på 378 sider, noko som kan virka avskrekkande på mange. Men kapitla er passe lange, spennande avslutningar gjer at ein vil fortsetja på neste kapittel umiddelbart, og språket et så lekent og enkelt, men likevel meget spennande. For kva er sant? Kva er syner? Kva er draumar? Alt flyt inn i kvarandre i eit stort grøss av ei bok.

Etter nokre kapitler med introduksjon og litt om det dagligdagse livet i bygda, byrjar boka for alvor å ta seg opp. Elvedal sparar ikkje på grøsserelementa, spenningsnivået og det paranormale i denne boka. Når ho i tillegg legg på ein trykkende hetesommer, får me ei tyngande bok med mange fantastiske scener, der da overnaturlege speler ein viktig rolle. Elvedal klarar å mane fram stemmer, lukter, sinnsstemninger og skumle omgivnadar på ein meisterleg måte.

Som nevnt er språket veldig enkelt å lese. Er det nokre ting som kanskje ikkje alle skjønar, som f.eks dette med besettelse av ei sjel, så forklarar forfattar dette på ein enkel måte gjennom ein dialog med personer. Ein treng ikkje sitta å fundera på kva ting tyder, da er berre til å setja seg godt til rette og nyta romanen.

Universet er sommeraktig og varmt. Veldig varmt. Dette gjer at ein føler den tyngende og stilleståande lufta som henger over bygda, og da er før alt verkeleg byrjar å skje. Persongalleriet er da stor spennvidde på, noko som gjer at forfattar kan leika seg med mange typar personligheter og konfliktar, og på denne måten holde oppe tempo og spenning.

Ouijabrett, eller åndebrett, er noko som har ein sentral plass i begge bøkene. Dette er noko som har fascinert og skremt mange sidan 1890. Det er mystisk, spiritistisk, myteomspunnet og skremmende på ein gong. Elvedal klarar å kombinere desse elementa til nokre særs spennande episoder i romanen.

Eg er så glad for at forfattere skriv for ungdom i denne aldersgruppa. Eg føler at dette er eit aldersnivå som blir litt oversett. Med denne trilogien så har Elvedal gjort ein kjempejobb med å skapa eit spennande og grøsseraktig univers, som forhåpentligvis kan skapa fornyet leserglede og nokre fantastiske timer med spennande lesning for denne målgruppa.

Historia er ikkje berre mørk og skummel. Her finn ein óg gryande kjærleik, familiedrama, bygdesladder, latter og humor. Da er óg ein del om da å ikkje finna sin plass i ein skuleklasse, men vera den som blir hakka på og mobba. Da vert ein del gode og overraskande vendingar undervegs i ei bok der forfattar Anne Elvedal er ein strålande historieforteljar.

Eg klarte enkelt og greit ikkje å leggja frå meg denne paranormale grøssaren av ei bok, og eg gleder meg allereie til den siste boka i serien. Til alle ungdommer og vaksne; Sjekk ut denne serien! Den er fantastisk. Denne serien holder eit skyhøgt internasjonalt nivå, og kan anbefales på da varmaste.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s