Stillferdig roman som gjev inntrykk.
- Norsk tittel: Vibrato
- Forfatter: Bjørn Johnsen
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 285
- Utgivelsesår: 2026
- Utgiver: Jerv Forlag
Bjørn Johnsen (Født 1952) er frå Mosjøen, og er utdanna lektor med mastergrad i musikkvitenskap. Han debuterte som forfattar i 2005 med romanen «Menneskejerven». Sidan har han gitt ut «Han som kom tilbake» (2009), «Mosjøens pophistorie» (2012), læreboka «Musikkfaget for ungdomstrinnet» (2013), romanen «Enok» (2021) , Amygdala (2024) og «Vibrato» i 2026.

Den siste berøringen før tonen ebber ut. Noen berøringer varer et sekund, andre et helt liv. Lindemann levde for presisjon og klang, helt til en eneste bevegelse satte verden i svingninger. Ei berøring. Et rykte. Et liv i ruiner.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Vibrato».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman som handler om musikk, nærleik og rykter som kan øydelegge liv.
Me fylgjer ein fiolinlærer og ein ung fiolinist som også er ein av hans elever. Ei lett berøring og rykter er nok til å legge eit liv i ruiner, og deira to vegar går i kvar sin retning. Me fylgjer desse to personene parallelt og me får eit innblikk i kva liv dei lever i årene som kjem.
Boka startar med at ein mann velger å forlate familien sin, pakkar sakene sine og berre drar av stad utan mål og meining. Einaste målet er å komme seg så langt vekk frå staden som mogleg. Sakte, men sikkert får me bakgrunnshistorien for dette uvanlege og drastiske valet.
Han er et svakt menneske som lot dem trykke ham ned, lot dem spille ham fra hverandre. Ikke forsøkte han å reise seg, ble bare liggende, lot seg knuse med glasset i hånda og tåpeligheten i blikket. En taper, et vrak, et avskum.
Lindemann er rundt 40 år og fiolinistlærer. Han lever og ånder for musikken, og er ein begavet og godt likt lærer som går inn i faget sitt med hud og hår. Sofie vil bli fiolinist, og tar spillinga på alvor etter kvart når ho ser at øvinga bærer frukter. Gjennom sin eminente lærer føler ho musikken bre seg gjennom kroppen når ho ta fiolinen i bruk. Sofie har ingen vener, men forsøker likevel å blende inn blant dei andre elevene. Etterkvart skifter ho personlighet og er villig til å gå langt for å bli likt… Men alt har sin pris, også for Sofie.
Mannen kjøper ein avsidesliggende gård usett. Her vert han kjent med ein liten gut og hans hund som stadig kjem innom på besøk. Mannen får puste her ute, og skuldrene kan senke seg. Men fortid og rykter flytter seg ofte med vinden…
Det er eit stillferdig språk. Vemodig, nesten på grensa til melankolsk, og ein vert dratt inn i eit univers der musikken er hovedgrunnen for historia.
«Vibrato», sa Lindemann andektig og gjentok ordet sakte. «Vibrato.» Forsiktig senker han instrumentet. «Det er sjela som snakker», fortsatte Lindemann. «Du kan høre den gjennom tonens siste pust.»
Historia innehar fleire «inndelinger» der ein ser at karakterer tar eigne val, at det får konsekvenser for langt fleire enn dei sjølve, og nokre tar ansvar for sine handlinger i ettertid. Me fylgjer karakterer som utvikler seg og vert meir modne, men som samtidig mister seg sjølv oppi det heile. Korleis historia vil ende til slutt er eit stort spenningsmoment i seg sjølv.
Det er eit fascinerende språk forfatter varter opp med. Til tider følte eg at det bikka litt over og at ein fekk langdryge filosofiske utgreiinger som føltes meir som fyllstoff enn som eit verkemiddel i teksten. Dette er sjølvsagt meir smak og behag, men for min del vart det litt overflødig her og der.
Sofie likte måten han kastet ut setninger på. Hvordan han lot et utsagn henge i lufta. Et anslag. Akustikken i det klangløse rommet endret seg og ble til ei steinkirke med høyde under taket. Menigheten ventet på postulatet. Hun visste hva som kom etterpå. Agitatoren.
Karakterene er godt samansatt og viser fleire sider ved seg sjølv gjennom situasjoner som oppstår og etterkvart eit levd liv og modenhet. Eg synes at forfattar klarer å reflektere personligheter på ein solid måte og han får dei til å bli menneskelige med sine feil og mangler.
Dette er ein roman som foregår i sakte tempo. Det er noko poetisk over det heile. Kan nesten sammenlignes med fiolinspilling som er sårt, gir gjenklang og der ein spiller på forskjellige strenger.
«Vibrato» er ein roman som kryper inn under huda på meg som lesar. Den er stillferdig og filosofisk, og innehar ein historie som er troverdig og utspiller seg på vidt forskjellige stader i livene til karakterene. Bjørn Johnsen er eit navn å legge merke til, for dette er nok ein roman som gjev rom for ettertanke og som heng ved deg ei stund etter at boka er lagt vekk.
TERNINGKAST: 4+