Dette er ei diktsamling i tre deler, der me møtar ei mor og dotter gjennom barndom, sjukdom og død.
- Norsk tittel: Klemme ein gong for ja to gonger for nei
- Forfattar: Lise-Marie Vikse Kallåk
- Sjanger: Dikt
- Antall sider: 67
- Utgivelsesår: 2019
- Utgiver: Tekstmaker Forlag
Lise-Marie Vikse Kallåk (Født 1963) er frå Haugesund. Ho er utdanna cand.mag, og har jobba som lærar, journalist og kunstpedagog. Kallåk debuterte med diktsamlinga «Månen landa i natt» i 2015. Sidan har ho gitt ut ytterligare to diktsamlingar; «Sofaen den same båten» (2018) og «Klemme ein gong for ja to gonger for nei» (2019). I tillegg har ho gitt ut «Atelierdøra på gløtt», ei fagprosa bok i 2015.

«Klemme ein gong for ja to gonger for nei» er ei diktsamling i tre delar.
Me møter ei mor og dottera hennar gjennom barndom og lausriving. Ei mor som blir kreftsjuk og døyr. Sorga og saknet som veks fram hos dottera.
Det er ei samling om omsorg og minner, om kva som skjer når ein mistar ein forelder i vaksen alder.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Klemme ein gong for ja to gonger for nei».
Dette er ei diktsamling på nynorsk, som er delt inn i tre delar. Den fyrste delen tar for seg barndomen. Den andre delen vert mora alvorleg sjuk. Og den tredje delen handlar om døden og tida etter å ha mista ein kjær person i livet. Livet vert dermed fulgt som ein raud tråd gjennom boka.
Dette vart ein litt uvant skrivemåte for min del. Det er nødvendigvis ikkje heilt samansette dikt. Her kan ei linje bryte med resten, men samtidig formidla like masse som resten av diktet. Fascinerande. Nokre dikt kan ha fleire forskjellige bodskap, alt etter korleis ein tolkar innholdet, sidan ikkje alle ord og setningar er like konkrete. Dermed fremstod nokre dikt litt svevande for mitt tilfelle, utan at det la nokon dempar på leseopplevelsen.
Du kom med frukost
eg brødfjøler med mor
du kom med innetider
og kjærleikserklæringer
eg var regelen
som skulle brytas
i oppgangar og portrom
hastverk i hender
morgondogg
og løfter fordampa
Me får eit innblikk i ei svunnen tid. Ut frå dei fyrste dikta lyser det omtanke og kjærleik til dottera, og at ho skal ha ein best mogeleg barndom. Me les om eit barn som veks opp, og som byrjar å lausriva seg frå mora, mens ho på si side sitt trufast og ventar på at dottera skal kome trygt heim, dag som natt.
Når ein alvorleg sjukdom trer inn i eit liv, og ein berre kan sitja makteslaus å sjå på at ein person forfaller, så handlar da berre om å vera til, og strekka ut ei hand når da trengs. Kallåk skildrar dette så sårt og vemodig, men likefullt vakkert og poetisk.
Da er ingen overskrift til dikta, ei heller bilete. I denne diktsamlinga er det enkle, korte ord og setninger som skapar bileta. Forfattar har med få ord klart å få fram essensen ved å mista ei mor. Óg dette med at eit bilete kan falme etter ei stund, men dei gode minnene vert bevart livet ut. Og kanskje det viktigaste bodskapet; at da er ingen aldersgrense for å kjenne på sorg og sakn.
Frå ein fin og god barndom, til sjukdom og død. Denne diktsamlinga inneheld eit levd liv skrevet med ei varsom og poetisk hånd. Ein skal vere rimelig hardhuda viss ein ikkje lar seg bevege av dei virkningsfulle orda i «Klemme ein gong for ja to gonger for nei».
TERNINGKAST: 5-