Tante Plante og Krutten Karamell redder humlene av Stine Heggedal

Tante Plante er endelig tilbake i denne tredje boken i serien.

  • Norsk tittel: Tante Plante og Krutten Karamell redder humlene
  • Forfatter: Stine Heggedal
  • Sjanger: Born og unge
  • Antall sider: 85
  • Utgivelsesår: 2026
  • Utgiver: Blomsterengen Forlag

Stine Heggedal er fra Oslo. Tidlegare har ho jobba med utleige av leiligheter. «Tante Plante redder biene» er hennes forfattardebut. Heilt sida ho var ung har ho hatt lyst til å verta forfattar. I 2026 gav ho ut «Tante Plante og Krutten Karamell redder humlene».

Fru Fisefin er klin kokos! Tante Plante og Krutten Karamell må redde humlene! Det er kaos i Bjørkeby. Fru Fisefin skal sage ned seljetreet, som er maten til humlene. Krutten Karamell bor i en hytte oppe i treet, og han har absolutt ikke tenkt til å flytte! Tante Plante og vennene gjør alt de kan for å hjelpe til. Men det blir vanskeligere enn de hadde trodd. Klarer de å redde humlene og treet i tide?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Tante Plante».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei barnebok og bok nr. 3 i serien om Tante Plante. Bøkene kan heilt fint leses frittstående.

Fru Fisefin vil sage ned det store seljetreet foran huset sitt. Eit tre som huser hytta til Krutten Karamell, men også det som er maten til dei mange humlene som surrer rundt. Ho gjer seg dermed upopulær nok ein gong, og er både slem og kranglete. Tante Plante og vennene hennes må dermed trå til for å forsøke å ordne opp før det er for seint.

Som dei to foregående bøkene så starter boka med at Daniel Due vil bæsje på Fru Fisefin. Det er like barnlig og morosamt kvar gong, og er blitt eit varemerke for serien.

Eg liker mangfaldet i karakterene. Det er mennesker og dyr i skjønn forening, og sjølvsagt kan enkelte dyr snakke i den magiske Poppelskogen.

Her finn borna to forskjellige univers. Det eine er menneskeverda der alle problema oppstår, og den andre er Poppelskogen, der alt det magiske oppstår. For å komme til Poppelskogen må dei gå gjennom ei dør i ei tre, og der er det alltid fint vèr og dyr kan snakke.

Krutten Karamell er ein ung gut som bur i ei lita hytte i seljetreet. Han er langt fra den mest sympatiske, og han stjeler til og med fra Fru Fisefin, forsøker å stikke av frå politiet, og havner etterkvart i fengsel. Samtidig er Tante Plante avhengig av hans hjelp for å redde treet, så her står motsetningene i kø.

Illustrasjonene er fargerike og innehar ein særegen stil. Det er masse illustrasjoner gjennom boka, og det kjem godt med sidan den ikkje er delt opp i kapitler. Dei minste borna vil likevel klare å holde konsentrasjonen oppe ved å ha noko visuelt å koble tekst og handling til. Illustratør Natalia Popova har gjort ein strålende jobb gjennom sitt arbeid i denne boka, og det er illustrasjoner som lyser opp og er eit blikkfang.

Heggedal skriv om miljø og dyr, og viktigheten av å ta vare på dette. Ho viser konsekvenser og sammenheng mellom menneskestyrte endringer og påvirkning av miljøet til dyrene. Så her vil borna både kose seg og lære litt samtidig.

Hun slår opp døren til boden sin og kommer ut med en sprayflaske med plantegift! Med store bevegelser dusjer hun giften over løvetannblomstene Perle sa at skulle stå.

I boka finn ein blant anna ein god dose magi, lett humor og spenning. Det er eit barnlig språk og forfattar har fylgt samme suksessoppskrift som i dei foregående bøkene om Tante Plante. Dette vert gjenkjennbart for borna, og alle elsker tanken på at det finnes ein magisk verden dei kan krype inn i.

Historia er velskrevet, lærerik og gjennomtenkt. Me får også møte den «skumle» kongen i Poppelskogen. Ein konge som høyres stor og skummel ut når han snakker. Ein konge som dei er litt nervøs for å møte. Derfor er det heilt fantastisk å sjå illustrasjonen av ham, og alt det ein hadde danna seg av bilete av ham vart kasta rett over bord. Ein fin tvist som viser sammehengen mellom tekst og illustrasjon og at eit fyrsteinntrykk nødvendigvis ikkje alltid stemmer….

«Tante Plante og Krutten Karamell redder humlene» er ei barnlig og rikt illustrert barnebok som inneheld spenning, humor og magi. Med ein fin og informativ tematikk, gode karakterer og ein strålende kjemi mellom tekst og illustrasjoner, er dette ei bok som mange born vil få stor glede av. Stine Heggedal har skapt eit univers (for ikkje å seie to univers) som det alltid er ein fornøyelse å tråkke inn i.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar