Norbritannia av Gry Blekastad Almås

I denne boka tar forfattaren oss med til steder og mennesker i Storbritannia som fortel oss om forbindelsen mellom våre land. Ei underholdande og opplysande reise gjennom mange temaer.

  • Norsk tittel: Norbritannia
  • Forfattar: Gry Blekastad Almås
  • Sjanger: Dokumentar
  • Antall sider: 255
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Gry Blekastad Almås (Født 1970) er programleder i NRK og har vert korrespondent i London. Kanskje mest kjent for sin rolle som nyhetsanker i NRK og programleder for helsemagasinet Puls for samme kanal. Ho har også dekka alle britiske valg dei siste ti åra. No er ho ute med sin dokumentarbok «Norbritannia».

Kor stort preg har nordmenn satt på Storbritannia opp igjennom historia? Gry Blekastad Almås har reist rundt i Storbritannia og intervjuet kjente og ukjente personer, både norske og britiske på jakt etter nettopp dette. Her kan ein lese om alt frå krigsseilernes «trygge» havn, vikingenes plyndringstokter og bosettinger, ein hittil nesten heilt ukjent fangeleir blant nordmenn, og sjølvsagt fotballkulturen og publivet. Samt mange fleire temaer i denne underholdande og kunnskapsrike boka. Finnes det eit «Norbritannia» i Storbritannia?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Norbritannia».

I «Norbritannia» finn me mange spennande og interessante temaer og kapitlar. Dette er ei reise rundt i Storbritannia, som inneheld mange sterke historiar, underholdande lesning og ikkje minst mange nyttige og unyttige faktaopplysningar, som ein kan dra frem i lystige lag, og dermed fremstå som ein klok og vis person.

Kor mange visste f.eks at fotballaget Tranmere Rovers har fått navnet sitt frå gammalnorsk, eller at Orknøyene og Shetland var i norske hender fram til 1468, då Kong Christian pantsatte dei til Skottland etter å ha havnet i pengenød? Dette og mange andre funfacts finn ein blant linjene i boka.

Det eg savna med denne boka, var bilete. Eg skulle gjerne sett bilete av stadar, personar forfattar var i kontakt med, og av plaketter og gravsteinar ho oppdaga rundtomkring. Det ville i mine auge satt eit nærare preg på innholdet.

Forfattaren skriv på ein overbevisande og lett måte. Da er ikkje vanskeleg å sjå at denne personen har vert journalist i ei årrekkje. Eg likar måten ho lar nordmenn fortelja sin historie, og slepp til lokale folk for å høyra deira oppfatning av nordmenns påverknad på plassen. Nokre stadar er båndet tettare enn nokon gong, medan andre stadar er det blitt meir og meir utvatna.

«Butikker frister med tilbud om å kle seg som en viking, man kan te seg som en viking, det er vikingwhiskey, vikingskip og runemønster på T-skjorter, smykker og strikkeklær. Byens museum ønsker velkommen på norsk, og både norske og nesten norske flagg pryder gatene.»

Gry Blekastad Almås skriv slik det er. Her er det ingen forskjønning eller overdrivelse. Ho har satt seg godt inn i det stoffet og stadane ho har vert og besøkt. Ho har óg klart å spora opp dei som har kunnskap om staden og historia som ligg bak.

Dette handlar ikkje berre om Noreg og nordmenn. Forfattaren skriv også om forfallet mange av stadane ho besøkjer har opplevd dei siste tiåra. Nedlagte fabrikkar, fråflytting og generell motlaushet blant lokalbefolkninga, og sjølvsagt er brexit også eit tema blant folket.

Denne boka gav meg masse ny informasjon om Storbritannia, folkeslaget og tilknytninga me nordmenn har til desse landa. Gry Blekastad Almås knyt forbindelsane saman med eit stødig og lettskrevet språk. Eg kan varmt anbefala denne boka til dei som har interesse for Storbritannia. Den er opplysande og interessant, samt at du får svaret på om det verkeleg finnes eit «Norbritannia» i Storbritannia.

TERNINGKAST: 5

2 kommentarer om “Norbritannia av Gry Blekastad Almås

  1. Elida 31/08/2020 kl. 14:34

    Denne boka står i reserveringskøen på biblioteket og eg ser fram til den. Grundig anmeldelse som gjer at eg har meir lyst til å lese, og takk for at du skriver at boka er utan bilete. Eg satt med forventninger om bilete, og er glad for at du skriver at den er utan så blir ikkje eg skuffa. Ha ein fin dag!

    Liker

    • bokbloggeren 31/08/2020 kl. 14:38

      Takk for da. Ja, eg vart litt skuffa over at det ikkje var bilete i boka. Men boka er uansett velskrevet, og du kan glede deg til å lese den!

      Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s