GranittGutta – dronemysteriet av Svein Jarle Åbrekk

To kamerater må løysa fleire mystiske saker i denne spenningsromanen for barn og unge.

  • Norsk tittel: GranittGutta – dronemysteriet
  • Forfattar: Svein Jarle Åbrekk
  • Sjanger: Barn og Ungdom
  • Antall sider: 126
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Svein Jarle Åbrekk

Svein Jarle Åbrekk (Født 1979) har gått på Høgtun Folkehøgskule, og jobber no ved Varhaug skule i Hå kommune i Rogaland. «GranittGutta – dronemysteriet» som kom ut i 2020 er forfatters debutroman.

Kameratene Frank og Kristoffer bur i Granittvegen, den kjedeligste og minst actionfylte gata i heile Kramsvik. Dei er nesten naboer, berre huset til gamle fru Syvertsen skiljer dei. Dei to gutane elsker å spele data. Dei sit på kvar sitt guterom og speler saman online. Ein kveld dei spelar saman dukker det plutseleg opp ei drone utanfor vindauga til ein av gutane. Når gutane undersøkjer dette nærare dukkar det opp nye og enda meir mystiske ting. Endeleg begynner det å skje ting i Granittvegen.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «GranittGutta – dronemysteriet».

Denne spenningsboka er skrevet for barn i alderen 8-12 år, og er på nynorsk. Boka inneheld nokre flotte svart/kvitt teikningar for å skape den rette stemninga. Her har illustratør Trond Kulterud gjort ein meget god jobb med å få fram spenning og mystikk i teikningane.

Karakterane Frank og Kristoffer er to karakterer som passar godt i lag. Forfattar har klart å skapa ein god og naturleg kjemi mellom dei. Kristoffer sit i rullestol etter ei alvorleg alpinulykka som ung, men er den positive av dei to. Dei likar å spøke med kvarandre, og humor er det masse av i denne boka. Det er kjekt å sjå at forfattar har skapt eit bilete av da å sitja i ein rullestol ikkje er til noko form for hinder, og at ein kan spøke med det, utan at det blir ubekvemt eller over grensa.

Sjølv brukte Kristoffer to andre grunnar når han skulle forklare slutten på idrettskarrieren. «Det vart så vanskeleg å finne passelege sko til rullestolen» var den mest brukte. Andre gongar endra han forklaringa si og sa at han sleit med balansen på grunn av at han hadde blitt så voldsomt hjulbeint.

Dialogane er særs gode. Det er ungdommelig språk og uttrykk. Samtidig klarar forfattar å få gamle fru Syvertsen til å oppføre seg som gamal. Det levner ingen tvil om dei store forskjellane i oppførsel og språk om kven som er ung og gamal. Dette vil også barn forstå på ein enkel og god måte.

Åbrekk klarar å få inn litt læring i historia også. Her kan me blant anna læra og forstå kva f.eks føydalisme er. Kanskje ikkje det mest nyttige å veta her i livet, men artig at det er med i romanen. Han har også tatt med diverse ordtak, noko som er eit morosamt verkemiddel når det blir misforstått av den andre parten.

Språket er lett og størrelsen på teksten er riktig i forhold til målgruppa. Det er 20 relativt korte kapitler, som gjer at boka vert overkommeleg også for dei som kanskje ikkje liker å lese så masse. Det må også nevnes at denne boka gies ut på eiget forlag. Språkvasken er uklanderlig, og heilhetsinntrykket av boka er særs god, så her er det gjort ein imponerende jobb.

Boka startar litt roleg, men spenningskurven er stigande heilt til me får eit svar på kva som egentleg foregår i denne gata. Forfattar har også med ein liten moralsk preken på slutten, noko som eg syntes var kloke ord på eit enkelt språk. Med litt gaming og realistiske skildringar medan dei speler, samt dronesnakk så trur eg denne vil vekka interessen hos mange barn og unge. For denne boka kan vere like interessant for ein 8-åring som for ein 16-åring.

Denne romanen inneheld alt eg meiner ei god bok til denne målgruppa skal inneholde; Eit godt venskap, samarbeid, lett språk, spenning og mystikk, og ein god dose varm og lun humor.

«GranittGutta – dronemysteriet» er ei fantastisk spenningsbok for barn og unge. Passar kanskje best for gutar, men eg vil tru mange jenter vil storkose seg med denne romanen også. Kjenner du eit barn som du vil vekke leselysten hos, så er denne boka ein veldig god plass å byrja. Eg håpar det kjem fleire bøker om gutta i Granittvegen, for denne vil eg anbefala på det varmaste.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar