Diktsamlinga tar pulsen på nokre månader i 2018, i overgangen mellom vinter og vår.
- Norsk tittel: Frostskrift
- Forfattar: Truls Horvei
- Sjanger: Poesi & Lyrikk
- Antall sider: 69
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: Kapabel Forlag
Truls Horvei (Født 1957) er forfattar og journalist. Han har studert litteratur ved Universitetet i Bergen. «Frostskrift» (2020) er Horveis niende diktsamling. Den fyrste, «Havfruehester» kom ut i 1988. Han har óg gitt ut to ungdomsromaner, «Blå stenger» (1994) og «Siste kvelden» (1996). I tillegg har han laga seks CD-er med poesi og musikk.

«Frostskrift» tar pulsen på nokre månader i 2018, i overgangen mellom vinter og vår. Dikta handlar om eit langvarig forhold, om barnebarn, å oppleva at dagane vert meir trøblete og om døden. Dette er dikt til å kjenne seg att i, ei skrift for snørike døgn og yr løvetann.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Frostskrift».
Dette er mitt fyrste møte med Truls Horvei og hans dikt. Boka har ingen bilete eller overskrifter. Det er luftige sider og eit minimalistisk uttrykk. Her skal orda tale for seg, og da klarer Horvei på ein særs god måte.
Truls Horvei har budd i ein nynorsk-kommune i over 30 år, så eg vart litt overraska av at dikta var skrevet på bokmål, men det er ingen problem å sjå at han er ein person med eit stort vokabular og ein ordkunstnar, for det føles så naturleg det han skriv. Det flyt godt og det er mange strålande betraktningar og metaforer.
Orgeltoner
sangeren i kapellet
den hvite kisten og blomstene
lytte, tenke, være i dette rommet
gråte, men samtidig smile
over barnet som babler i vei
under minnetalen
Boka er delt inn i to deler. Den fyrste delen, som er hoveddelen, er frå februar til april i 2018, der temaet er overgongen mellom vinter og vår, frå mørke til lyse tider. Del to er er meir spredt utover året og litt inn i 2019. Dette er meir bonusdikt utan den raude tråden ein kan sjå i del ein.
Dikta er utan rim, det er få kommateikn og knapt eit einaste punktum boka gjennom. Med andre ord er teksten flytande og effektfull. Eg skulle likevel gjerne ynskja meg overskrift på dikta. Eg synes det er interessant å lesa kva ein diktar trekk ut som eit tema i sine eigne dikt. Men dette er nok kanskje berre smak og behag.
Nokre av dikta betyr nok meir for forfattaren sjølv, enn det han klarar å formidla til meg som ein uforståande lesar. Det er personlege hendingar han skildrar, men ein finn likevel gjenkjennelse i desse dikta óg.
Det er masse naturskildringar, særskilt (og logisk nok) snøen og frosten som må gje tapt for vårens inntog. Men ein finn óg litt humor og kvardagslege hendingar, så spennvidda er ganske stor i dikta. Alt frå død til nytt liv, frå mørke tankar og død til lys og glede. Og sanneleg dukker det opp eit dikt om Tussilago farfara óg.
Horvei er flink til å skildra døden på ein trist og var måte. Han skriv også om dette med å ikkje gløyma dei rundt oss, og leva i nuet før da er for seint. Barnebarn er óg ein viktig ingrediens i denne diktsamlinga. Sjølv om ein vert eldre med åra, så gir barnebarn fornya energi til ein skrantende kropp. Og nettopp dette med død og nytt liv går hånd i hånd. Den grå og triste snøen som må gi tapt for grønne bakker og blomstrer som livner til liv. Metaforene er mange, og Horvei meistrar dette utmerket.
Dette er ei diktsamling eg som lesar kan kjenna meg att i. Alt frå verdsproblem til den kvardagslege biten er skrevet på ein poetisk og veldig fin måte. Er du glad i poesi, kan eg varmt anbefala Truls Horvei si bok «Frostskrift».
TERNINGKAST: 5-