Offiseren av Helge Thime-Iversen

Denne gongen får Njaal Natland ei sak som kan forårsake tusenvis av tapte liv. Da blir ein kamp på liv og død, der tida jobber mot dei.

  • Norsk tittel: Offiseren
  • Forfattar: Helge Thime-Iversen
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 392
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Liv Forlag

Helge Thime-Iversen (Født 1971) er utdanna historiker. Sidan 2006 har han hatt ulike stillingar i Sjøfartsdirektoratet. Han debuterte som forfattar i 2013 med krimromanen «X», før han gav ut «Blodørn» i 2019 og «Offiseren» i 2021. Alle desse tre romanene omhandlar Kriposetterforskaren Njaal Natland.

På ferjestrekninga mellom Halhjem og Sandvikvåg på E-39 vert ein mann kasta over bord frå ei ferje. Dei einaste augnevitnene er dei to små døtrene til vedkommande. Samtidig vert Kriposetterforsker Njaal Natland kontakta angående ei koda tallrekke som kan knyttast til ein kommande terroraksjon. Ein intens og personleg jakt startar. Både på ein drapsmann, men også for å finna ei løysning på tallkoden. Klarar Njaal og hans hjelpere å finna løysinga før ein terroraksjon slår til? Og er det planar om ein slik aksjon på norsk jord?

Denne boka er eit leseeksemplar frå Liv Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Offiseren».

Dette er den tredje krimromanen med Njaal Natland i hovedrollen. Dette er mitt fyrste møte med karakter og forfattar, så eg har ingen sammenligningsgrunnlag med tidlegare bøker frå samme forfattar. Men eg kan hvertfall seie at denne boka kan lesast frittståande utan noke som helst problem eller forviklingar.

Boka startar med at ein mann vert kasta over bord frå ei ferje. Njaal Natland er på ferie i Roma på dette stadiet, så den nyankomne etterforskeren Michelle Reyes får saken fyrst. Dette er ei dame med bein i nesa, og med sterke meininger. Her har forfattar truffet blink med valg av karakter ved sida av Njaal.
Saken utviklar seg stadig, og den får større og større omfang, og både PST og Etterretningstjenesten vert invovlert. For Njaal og Michelle vert det ei tung sak, då dei møtes med hemmelighetskremmeri uansett kor dei møter opp for å få opplysningar. Samstundes får Njaal fleire tallkoder han må prøva å løysa for å unngå moglege terrorhendingar.

Deler av handlinga foregår i mitt eige lokalmiljø, og her kjenne eg meg umiddelbart att i miljø og byskildringar. Da er gode og detaljerte skildringar, utan at dei vert lange og kjedelege. Hovedforteljinga foregår i Oslo og området rundt. Men me er innom Vestlandet, Sandefjord, og tar også turen innom Roma og St. Petersburg.

Heilt frå starten av er boka spennande, utan å vere frykteleg spennande i utgongspunktet. Ein føler da er noko stort som bygger seg opp heile veien. Og spenninga kjem for fullt utover i boka. Boka vart rett og slett umogleg å legga frå seg. Med korte kapitler og cliffhangere vart den lest nesten samanhengande.

«Hjertet hamret, armene begynte å skjelve, beina truet med å gi opp og adrenalinet rant fritt. Han sto lydløs i ro etter et hastig liten amen. Så dukket et metallfarget løp opp i åpningen. Ett til på motsatt side. Begge automatvåpnene gled inn i rommet som små, truende romskip inntil en hånd kom til syne, en arm, en skulder.»

Det er ein god del navn i boka ein må holde rede på. Også på litt meir perifere personer. Her skulle eg gjerne sett at forfattar ikkje la på navn på desse personane, men heller omtalte dei som «politimannen», «lederen» etc..

Boka handlar sjølvsagt om terrorisme, terrorceller, konspirasjonsteorier,hemmeleghetskremmeri, rikets sikkerhet, tallkoder og tenking rundt moglege tallkombinasjonar. I tillegg til litt god gammaldags etterforskning der ein oppsøker personar for å få mest mogleg informasjon i ein samtale. Og når ein sper på med spenning, eit godt plott og gode karakterer til denne suppa, vert det fort eit gourmetmåltid av ei bok.

Eg likte særskilt sluttpartiet. Her har Thime-Iversen verkeleg klart å formidla teksten slik at dei fremstår som levande bilete for meg som lesar. Eg vart så oppslukt i handlinga at tid og sted forsvant rundt meg. Det var nesten litt trist å vere ferdig med siste side.

Boka innehar 98 kapitler, som er fordelt på ein tidsperiode over dagene i april og mai i eit ukjent årstall. Språket er lett og flytande, og da skjer heile tida noke, og da er både spennande og interessante teorier som dukker opp undervegs. For kva om dette faktisk ikkje er så langt frå sanninga? Konspirasjonsteorier er det hvertfall, og dei vert nok ikkje mindre etter å ha lest denne boka.

Rydd plass i kalenderen din, sett deg godt til rette, og la deg føre inn i dette strålende universet til forfattar Helge Thime-Iversen, for dette er ei veldig god krim og spenningsbok som eg varmt kan anbefala vidare.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s