Kva skjedde med vennen til Noa i Israel i 1977? Noa jaktar på sanninga, og medan han skriv kjem han stadig nærare svaret. Men klarar han å skilje mellom minner, teoriar, fri fantasi og verkelegheit? Ein roman om einsomheit og søken etter svar.
- Norsk tittel: Noe hendte
- Forfattar: Tage Guldvog
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 294
- Utgivelsesår: 2018
- Utgiver: Tage Guldvog
Tage Guldvog kjem her ut med sin fyrste roman. Den er tilgjengelig som pocket og e-bok. Forfattaren held på med å skrive på ei ny bok. (Pr 2020).

Året er 1977. På torget utenfor fødselskirken i Betlehem i Israel står Noa og skuer utover folkehavet. Unge nordeuropeere har reist ned hit der vold og død truer dagleglivet. Idag er det imidlertid juleaften der moro og alkohol får fritt utløp. Soldater står oppstilt med maskingevær rundt om. Noa ser i eit kort glimt da han trur er ein kjent skikkelse. Hans gamle venn Zak sammen med ei mørkhåret kvinne? Dei forsvinn i mylderet av folk.
Påsken 2010 er Noa på ferie i ein fiskerlandsby. Der kan han slappe av og vere anonym. Her treff han ei mørkhåra kvinne. Minnene frå 1977 dukk opp igjen. Kva skjedde egentlig der nede, og klarar han å skilla mellom vage minner, virkelighet og fri fantasi?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Noe hendte».
Noa møter Zak på gata i Oslo i 1989. Han inviterer Zak med seg heim til leiligheten sin. Zak seier: «De skjøt dem ned rett foran øynene på oss». Meir seier han ikkje om den saken. Dette er ein setning Noa ikkje klarar å gløyma. Året er 2010. Noa er ein mann i 50-åra frå Oslo, som treng ein roleg påskeferie. Valget fell på ein liten fiskerlandsby på dei britiske øyer. Her tar han inn på eit lite hotell, og vert kjent med ei kvinne ved navn Claire, som har ein fransk aksent og det tar ikkje lang tid før han blir betatt. Praten går lett mellom desse to. Claire fortel at ho reiste med ein frå Oslo til Israel i 1977. Noa fattar umiddelbar interesse. Er det hans gode gamle venn Zak ho reiste med? Og er det den samme kvinna han såg eit glimt av for så mange år sidan? Noa drar ut på ei reise med tankar, minner og fantasier og oppsøkjer personar i fleire land for å prøva å finna sanninga på kva som skjedde i Israel den gongen i 1977.
«Palestinerne. Fattige og stolte. Israelerne. Rike. Stolte. Grusom vold og brå død. Døden er lik for palestiner og israeler. Hva gjør det med mennesker å bo et sted der uforutsigbar vold er en konstant trussel? Der frykt er dagligdags og virkelig? Fra min fredelige lenestol med kaffekoppen i den ene hånden virker det svært fremmed, ubehagelig og ubegripelig.»
For min del starta «Noe hendte» litt forvirrande. Da tok litt tid før eg kom inn i språket, dei til tidar korte setningane og den litt underfundige skrivestilen. Skjønte heller ikkje heilt hovedtrekka i historia i byrjinga. Men etterkvart som eg kom meir inn i boka, åpenbarte det seg ei veldig god historie.
Boka vekslar hovedsakleg mellom 1977 og «nåtid» i 2010/2011. Da er gode skiljer mellom, så ein er aldri i tvil om kva periode ein les om. Alt er kanskje ikkje like relevant for sjølve historia, men det hemmar ikkje framdrifta i boka.
Me vert kjent med Noa. Ein til tider ensom sjel, som har ein rekonvaliseringsperiode på hytta si i skogkanten. Her har han kun kontakt med postmannen Knut. Eit møte som vert ein utfordring. Men hovedhandlinga handlar om kva som egentleg skjedde i 1977. Eit samfunn med konfliktar, vold og død som bakteppe. Noa set seg ned og skriv om den gong han var i Israel. Men kva er egentleg minner, tankar, verkelegheit og fri fantasi? Etter kvart som historia skrider fram, og fleire biter vert lagt til puslespelet, vert også boka ein aldri så liten pageturner.
Det er ein fascinerande skrivestil på forfattaren. Nesten litt filosofisk. Så det vart ein anna leseopplevelse enn det eg hadde sett for meg. Men når eg fyrst vart kjent med den, vart det ein befriande leseopplevelse.
Etter ein litt treig start for min del, er det ei bok som utviklar seg i veldig positiv retning. Dialogane er gode, hovedkarakterane er litt mystiske og har ei fortid som har forma dei som voksne, og språket er som nevnt litt annerledes enn det eg normalt leser. Men alt i alt var dette fornøyelig lesning.
TERNINGKAST: 4+