Med åtte uker igjen til jul, byrjar verkeleg ting å skje i livet til Petra. Ho har ein draum om å drive med noko innan kunst, men vert denne draumen oppfylt?
- Norsk tittel: Petra Pettersens perfekte plan
- Forfattar: Lene Lauritsen Kjølner
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 249
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: Fagervik Forlag
Lene Lauritsen Kjølner (Født 1962) er skribent og forfattar. Ho debuterte som forfattar med novella «Armer og Bein» i 2013. I 2014 kom den fyrste av til no sju bøker (2020) om privatetterforskar Olivia Henriksen. Med «Høyt henger de» vann ho Nytt blod-prisen for beste krimdebut. Ho har også gitt ut ei rekkje noveller.

Petra Pettersen lever eit trygt, men forutsigbart liv. Ho er gift med sjømannen Einar, har to utflytta døtrer, og er inne i sitt femtende år som selger i ein bokhandel. Men ho har ein draum om å jobba med «eit eller anna innan kunst». Når muligheten plutseleg ein dag dukkar opp ganske nøyaktig åtte veker før jul, må ho berre slå til. Dette skjer like etter at ho har bakt den tradisjonelle engelske julekaka saman med grandtante Bertha, og like før Einar er utro. Den eine hendinga fylgjer den andre, og spørsmålet er om ho klarar å oppfylgja draumen sin?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Petra Pettersens perfekte plan».
Dette er verkeleg ei feelgood roman frå Kjølner. Og dei som har lest bøkene hennes om privatetterforskar Olivia Henriksen, kjenn raskt igjen den gode humoren og dialogane med snert i. Alltid spennande når forfattar byrjar på ein ny hovedkarakter og nytt miljø og sjangar. Eg synes Kjølner har klart dette på ein strålande måte. Da føles som eg har kjent Petra Pettersen i lang tid allereie.
Boka er riktignok ikkje utan enkelte feil og manglar. Eg syntes det var litt mange skrivefeil i boka. Ikkje av den grove sorten, men det vart såpass mange at ein la merke til dei.
Fyrste kapittel har overskrift med «Hvasser – åtte uker før jul». Her skulle eg ynskje at forfattar telte ned desse vekene utover i kapitlene, slik at ein fekk ein fornemmelse av tidsrom. Hendingar overlappa kvarandre, og plutseleg var det jul, utan at ein får inntrykk av at det var nært forestående.
Persongalleriet er veldig variert og meget bra. Forfattar skildrar miljø og personar på ein unik måte. Dette er blitt eit av varemerka til Kjølner.
Det skjer masse rundt Petra Pettersen, og også i denne serien har hovedkarakteren ei veldig involvert venninna som blandar seg opp i alt, og er særdeles nysgjerrig, noko som skapar ein del morosamme dialogar.
Humor kan vera vanskeleg å skriva, då alle har forskjellig smak. Men eg føler at den humoren me blir servert her, kjem under kategorien generell humor. Situasjonar og dialogar der lesar kan kjenna seg att i, og som er kvardagsleg og lun. Så denne boka vil treffe eit bredt spekter av lesarar.
«Noen ganger får man sjokk. Små sjokk, større sjokk. Det jeg fikk denne dagen var på linje med det ingeniør Marius Primus fikk da han så lava fra Vesuv komme strømmende nedover åssiden, i ferd med å begrave Pompeii under et solid lag med glødende masse.»
Er dette ei julebok? Tja, åtte veker til jul er grunnlaget og bakteppet for romanen, og ingrediensane minnar ein del om romantiske julekomedier ein finn på filmlerretet, så den innehar ein del juleting, men hovedvekta av handlinga handlar ikkje direkte om jul. Her fylgjer me derimot dei omveltningane som skjer i Petra’s liv på godt og vondt.
Dette er ei bok som ein kan ta fram igjen år etter år og lese om att og om att, for den inneheld alt ei såkalt «feelgood bok» skal inneholde. Drama, sjalusi, kjærleik, overraskende vendingar, morosamme situasjonar, stort mangfald i karakterar, og eit avslappande og koselig miljø i vinterlege omgjevnader.
TERNINGKAST: 5-