Syk av kjærlighet av Walther Spro

Tosten har nådd eit midlertidig bunnpunkt i jobb og samliv. Han får ein idé om korleis han skal få gnisten tilbake i samlivet. Det byr på store utfordringar og umoralske valg i denne tragikomiske romanen.

  • Norsk tittel: Syk av kjærlighet
  • Forfattar: Walther Spro
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 285
  • Utgivelsesår: 2018
  • Utgiver: Forlagshuset Publica

Walther Spro (Født 1965) er bosatt i Arendal. I startfasen skreiv han tekster for eit band han var med i, og han skreiv óg dikt som seinare vart utgitt som ei diktsamling på eget forlag. Han har tidlegare gitt ut ei barnebok. «Syk av kjærlighet» er hans romandebut.

Tosten er ein mann som har kommet til eit punkt i livet kor alt er blitt kvardagsleg og grått. Kona har konstant hodepine og vegrar seg mot nærkontakt, dottera har hodet ned i Ipad’n, og jobben hans er blitt trøstesløs kjedelig. Den «gla-kristne» naboen hans, Ståle, er overdrevent positiv og smilande, og prøver ved enhver anledning å få Tosten med i menigheten sin. No ynskjer Tosten forandring. Han vil få tilbake gnisten i forholdet, og samtidig setje naboen på plass. Svaret på dette finn han der han minst ventar da, og han set i gong ein prosess som skal føra han inn i løgn og bedrag. Vil han lykkast?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Syk av kjærlighet».

Tosten bur saman med kona Bente og dottera Karoline i eit hus i Sellebakk. Eit sted midt mellom Fredrikstad og Sarpsborg. Han brukar masse tid på å grubla over livet. Han higrer etter meir nærkontakt med kona, men ho delar ikkje den samme interessen, for å seie det mildt. Han jobbar som skiftleder på ein fabrikk, men som i livet ellers, vert det kjedeligt og traust. Han har kommet i ein stillstand i livet han ikkje heilt klarar å komme seg ut av. På venteværelset foran sin årlege helsesjekk tar han opp eit Se&Hør blad og blar i det. Og det er her den perfekte planen og idéen tar form i hodet hans. Med ein plan som er totalt blotta for moral og skruplar, set han i gong prosessen for å få tilbake gnisten i forholdet. Men det er ikkje berre kona som er problemet. Den gifte og prektige naboen, Ståle, prøver å frelse Tosten, og få han inn i menigheten sin. Noke Tosten er sterkt i mot. Kva må han gjere for å få slutt på dette maset? Han legg ein plan for dette også….

Denne boka låg i postkassa mi ein dag. Eg pakker den ut, les bakpå og tenkjer mitt. Når eg har lest ferdig boka får eg store assosiasjoner til Susan Boyle’s fyrste opptreden i Britain Got Talent. Ho kjem inn på scenen, og folk himler med augene og rister oppgitt på hovudet. Men med ein gong ho opnar munnen og byrjar å synge, er folk frå seg av begeistring. Slik var det også med meg og denne boka. Litt sånn lunken mottakelse, før eg byrja å lesa. Allereie etter det fyrste kapittelet var eg så positivt overraska at eg ikkje klarte å leggja boka fra meg.

Dette er ei latterbombe av ei bok. Gullkorna står i kø. Det er så mange fantastiske metaforer og skildringar i denne boka, at eg sikkert kunne skrevet ei bok om da.

I løpet av sekunder sto jeg ved bassengkanten med jenta i armene. Kanskje det ikke gikk mer enn ett sekund. Jeg fikk superkrefter og må ha vært «Lucky Luke-kjapp»; skyggen min sto tørr igjen ved bassengkanten da jeg kom opp igjen. Supermann og de andre heltene ville stått og måpt over hvor raskt jeg reagerte.»

Walther Spro har skrevet ei bok om det trauste daglegdagse kvardagslivet. Dette er ein tragikomisk roman om å prøva å få livet på rett kjøl igjen. Hovedtemaet i boka blir nok umoralske valg. Korleis eit enkelt valg her i livet kan spinne deg inn i eit nettverk av løgn og bedrag. Samtidig som karakteren er umoralsk, så ligg det eit menneskeleg følelsesregister i botn av forteljinga. For han har enorm kjærleik til både kone og dotter. Han vil dottera berre godt, og gjer da han kan for at ho skal få ein så fin oppvekst som mogleg.

Forfattar harselerer med forskjellige temaer, som kreft, trosretningar og homofili. Litt såkalt «underbukse»-humor finn ein óg. Men ikkje slik at det er over kanten. I mine auge er dette uskyldig moro, som får latteren frem i kapittel etter kapittel. Til tider er det mørk humor og ein hovedkarakter som er totalt blotta for moral og sjølvinnsikt. I byrjinga er Tosten på eit sted i livet der ein føler med han. Men dette forandrar seg snart. Så dette er nok ikkje boka der ein får særlig stor sympati med hovedperson, men akk så morsomt!

Skildringane er eineståande. Episoden der han forsøker seg på ein romantisk helaften er fantastisk. Den har eg ledd av mange ganger i ettertid. Minuset med denne boka vil nok vere at med såpass mange humoristiske skildringar og påfunn så kan det fort bli ei bok du enten liker, eller ikkje liker. I så måte ei litt «skummel» bok å gje ut. Men i mitt tilfelle så storkoste eg meg med boka. Savnet kanskje litt meir tankar og følelsar sett frå Bente’s ståsted.

Boka er lettlest, full av sjarmerande og hysteriske skildringar. Her les ein om sorger og gleder, om løgn og bedrag, men mest av alt er dette ein komedie av ei bok, i positiv forstand. Ofte i standup-verdenen når showet er over, står publikum og klapper og vil ha meir. Eg skulle gjerne klappet vidare til Walther Spro gjev ut ei liknande bok, men eg må desverre vidare til neste bokanmeldelse.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s