Storslått mesterverk av ein roman frå tida rundt bronsealderen.
- Norsk tittel: Mannen som bar solen
- Original tittel: Manden der bar solen
- Forfatter: Kristian Bang Foss
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 447
- Utgivelsesår: 2026
- Utgiver: Pangolin Forlag
Kristian Bang Foss (Født 1977) er ein dansk forfattar. Han debuterte som forfattar med romanen «Fiskens vindue» i 2004. Hans internasjonale gjennombrudd kom i 2012 da han gav ut «Døden kjører Audi». Han har utgitt fleire kritikerroste romaner som har fått fleire priser. I 2023 gav han ut «Manden der bar solen.»

Den unge høvdingsønnen Raudon har vært langt sør i mange år, men reiser nå hjem for å ta over makten fra faren. Han forelsker seg hodestups i enken Thunran, uten å røpe at han skal gifte seg med en annen. Samtidig viser det seg at tvillingbroren hans også vil ha makten, og faren er ikke klar til å gi den fra seg. Det blir stadig vanskeligere å få tak i bronse, de eldgamle rikene rundt Middelhavet kollapser – farene fra langt borte nærmer seg. Midt i alt sammen står Raudon alene, revet mellom krig og kjærlighet, mellom makt og kaos.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Pangolin Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mannen som bar solen».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette
Dette er ein storslått roman der handlinga foregår i bronsealderen.
Me skal tilbake til det 12’ århundre før vår tidsrekning. Her møter me Raudon, som er ein ung høvdingsønn av hultene. Han er brutal og viker ikkje for nokon. No må han reise heim for å overta makta etter den aldrende far sin. Men tvillingbroren hans vil også ha makta, og det oppstår konflikter innad i familien. Raudon slit i tillegg med sine eigne problem når han vert forelska i ei enke, samtidig som han skal gifte seg med ei anna kvinne. På toppen av dette brygger det opp til krig fra alle kanter når rikene rundt dei kollapser ein etter ein. Raudon må dermed ta livsendrende val som skal få store konsekvenser for ham og heile riket.
Forfattar skriv om ei tid som var barbarisk. Og for å få det til å bli truverdig, så må han ha med detaljerte hendingar som kan få nokon og einkvar til å nesten snu seg vekk i vemmelse. Ein får dermed skildringer som avkapping av kroppsdeler, brutale drap, valdelige sammenstøt, voldtekter, ofring til gudene og ein tankegong som handler om å overleve, koste kva det koste vil. Det er med andre ord ikkje ei bok for sarte sjeler. Så er du advart.
Raudon gikk ned på knærne og tok tak i hodet hennes, vred det så det knaste og kroppen hennes ble slapp.
Dette er ei tid der magi og trolldom står sterkt, samtidig som gudsfrykten er stor. Og nettopp dette med gudfryktighet er noko alle karakterene i boka kjenner litt ekstra på. Derfor må ofring til for å holde seg inne med gudene. Det minste teikn til at noko galt skjer, så trur dei at dei har gjort gudene sinte, og dei vert redde og må derfor ofre dyr, mennesker eller andre ting som f.eks bronse.
«Det er sant at Bernon har sikret oss gudenes gunst. Men i går kveld føltes vår dyrekjøpte trygghet som et spindelvev. To vinterlyn slo ned, det første var en straff, det andre var en advarsel til oss alle.»
Bang Foss tek eit djupdykk ned i materien. Det er lange skildringer som setter tonen i romanen. Han drar oss attende i tid og maler eit univers som er så truverdig som ein nesten kan få det. Miljøskildringene er storslåtte og tidvis langdryge, men samtidig så vert éin eitt med historia. Kamphandlingene er blodbad og valdelige, og han legg ingen demper på handlingene som vart utført på den tida, snarere tvert imot.
Det aller meste kretser rund Raudon og hans familie og virke. Det handler om kjærleikslivet hans som er innfløkt og krevende. Det handler om maktbalansen mellom ham og tvillingbroren hans, Hauhon, og det handler om å vise styrke, mot og kampvilje i kriger. Det minste teikn på svakhet og ein mister folka sine. Forfattar er dyktig på å veksle mellom kjærleikshistorie og valdelige kamphandlinger. To store motsetninger og også store forskjeller i spenningstopper. Men det skaper ein likevekt i historia som er nødvendig for at det ikkje skal vippe over enten den eine eller andre vegen.
Det er ein del lange kapitler som kan gjere boka mindre lesevennlig enn det som er nødvendig. Det er også ein god del reising med skip og trasking i terreng som kan føles litt repeterende til tider. Nokre av navnene i boka er tunge å lese, som f.eks Hlaupafrauja. Det kan stoppe den glidende leseopplevelsen når ein her og der må stoppe opp litt for å skjønne kva som står. Samtidig så har forfattar nytta seg av urkeltiske og urgemanske navn for å oppretthalde realismen i historia, så ein kan ikkje ta forfattar på akkurat det.
Karakterene i boka er mange, og bak i boka er det oversikt over alle personene, stader og elver og dei forskjellige stammene og folkeslaga. Igjen så undres eg alltid over kvifor dette ikkje står foran i boka. Eg treng ikkje den oversikta når eg har lest ferdig boka….
Raudon er ein karakter som er ein strålende samansatt person. Det er store kontraster i karakteren, der han er ein drapsmaskin i det eine øyeblikket, og ein kjærlig mann som verner om sine næreste i det andre øyeblikket. Han gjennomgår alle sinnelag og han har faktisk ein empati for andre langt der inne ein stad som gjer han til ein makelig person, på tross av alt han gjer og seier. Det er med andre ord eit elsk/hat forhold ein får til hovedkarakteren som provoserer.
Det er ein storslått historie forfattar kjem med. Det er eit godt driv, gode spenningstopper og han veksler mellom krig og kjærleik på ein fortreffelig måte. Han nytter seg av litterære metaforer og har eit kunstnerisk språk av ypperste klasse.
Vannet slikket ikke bredden, men lå urørlig som i et stille kar. Bak skipene døde kjølvannet ut som ekkoet av et skrik, tåken stengte horisonten og gjorde omverdenen til fortid og skjørt minne, som om det var tiden selv som kom rullende i et hvitglødende angrep fra det åpne, tomme, flate vannet.
Kristian Bang Foss tar deg med på ei reise som du ikkje har lyst å være med på grunna all den valden og brutaliteten som ligg og venter, men som du likevel ikkje klarer å hoppe av, fordi den er så fordømt godt skrevet!
«Mannen som bar solen» er eit storslått mesterverk av ein roman, der krig og kjærleik går hånd i hånd gjennom heile boka. Levende miljøskildringer og ei truverdig historie gjer til at ein vert dratt rett inn i universet til Kristian Bang Foss. Til tross for sitt brutale innhald er dette rett og slett ein roman som berre må leses og oppleves.
TERNINGKAST: 5+