Hyllest til Lørenskog i diktformat.
- Norsk tittel: I Lørenskog er jeg hjemme
- Forfattar: Kristine Begot
- Sjanger: Poesi, Dikt
- Antall sider: Ikkje oppgitt
- Utgivelsesår: 2026
- Utgiver: Sirkel Forlag
Kristine Begot (Født 1987) debuterte med samtidsromanen «Gi meg en sjanse» i 2022 og gav ut «Bortkastet skjønnhet» og «Å lime sammen knuste vaser» i 2023. «Blå morpho» og «I Lørenskog er jeg hjemme» vart utgitt i 2026.

Diktene i denne boka er inspirert av lokalsamfunnet i Lørenskog, og av den gode følelsen av å bli ønsket varmt velkommen. Denne boka er en poetisk hyllest til Lørenskog.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «I Lørenskog er jeg hjemme».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei diktsamling som er ei hyllest til Lørenskog.
Begot har slått seg ned i Lørenskog, og har i den anledning satt seg ned og skrevet i poetiske vendinger om blant anna lokalsamfunnet, innbyggerne og stadene som har betydd, og betyr mykje for ho.
Her er det ingen sidetall eller overskrifter. Det er svart tekst mot kvite sider. Nakent og minimalistisk. Her vert ein ikkje forstyrra av tall, teiknsetting eller feite overskrifter. Orda taler sitt eiga språk og det fungerer.
Forfatter romantiserer nok Lørenskog meir enn det som strengt tatt hadde vert nødvendig, men er det ein hyllest så er det ein hyllest. Ho skriv blant anna om gode naboer, om Østmarka, Losby Gods og om ein kommune i utvikling og modernisering.
Rolig spasertur gjennom nabolaget
Nattemørket lysner under gatelykt
Satellitter ligner glødende stjerner
Passasjerfly er nattens stjerneskudd
Det er nokre fotografier innimellom som viser forskjellige stadar i Lørenskog. Dette er eit fint verkemiddel for å bryte opp innimellom. Det skaper ettertanke og kanskje også minner for dei som har tilknytning til staden.
Dikta er fri-dikt og dermed ikkje på rim. Stort sett er det forklarende dikt, men eit og anna litt svevende finn ein også. Begot skriv ikkje berre om Lørenskog, ho er også innom sitt eiga liv, sine spøkelser og minner. Diktsamlinga er inspirert av hennes liv gjennom lokalsamfunnet, og den viser for ein utenforstående at ho er blitt tatt godt i mot, og at ho trives.
Det skildres om gårdsdrift og byliv. Fri natur og asfalt. Høge boligblokker og Østmarka. Det urbane bylivet og padle- og telttur. Kontrastene er store, men det meste er likevel lett tilgjengelig.
Begot skildrer også kjærleikslivet sitt. Følelser som blusser opp og stader og møter som vert til minner. Som vanleg er det poetiske gode vendinger og metaforene kjem tett. Setningene er godt bygd opp og Begot framviser eit stort ordforråd gjennom sine dikt.
Himmelen er malt som en blodappelsin
Som bittersøt marmelade på brødskive
To tjukke skiver grilles i brødristeren
Pappa pleide å kalle dem bondeskiver
«I Lørenskog er jeg hjemme» er ei diktsamling som er ein hyllest til Lørenskog. Kristine Begot viser at ho ikkje berre er ein strålende romanforfattar, men også innan poesiens verd klarer ho å hamle opp med dei store. Den kan fint lesast av folk som ikkje har tilhørighet til staden, men sjølvsagt vil lokalbefolkningen ha størst utbytte av boka.
TERNINGKAST: 5-