Søndagsbitch av Heidi Raae

29 år gamle Nina Lunde har som mål å finna seg ein kjæraste og framtidig mann innan ho fyller 30 år. Tida er knapp, og ho gjer alt ho kan for å finna han. Ei morosam roman der mange absurde situasjonar oppstår.

  • Norsk tittel: Søndagsbitch
  • Forfattar: Heidi Raae
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 255
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Heidi Raae

Heidi Raae (Født i 1979) er ein norsk forfattar som bur i Ski. Ho debuterte med «Søndagsbitch» i 2017. Sidan har ho gitt ut samme bok i revidert utgave i 2020, og ho har også skrevet oppfølgjaren «Mandagsengel», som også vart gjeven ut i 2020.

Nina Lunde er 29 år og singel. Ho håpar sterkt at ho kan finna den store kjærleiken før ho fyller 30 år. Motivasjonen synk i takt med at ho sit å ser på alle innlegga på Facebook der folk lever det «perfekte» liv. Da hjelp heller ikkje at Nina ser på seg sjølv som ein tapar med ein stygg utsjånad. Ho blir tipsa om speed-dating som skal foregå i nærleiken. Uten dei heilt store forventningane meldar ho seg på. Dette blir starten på ei ellevill jakt etter draumemannen i hennar liv.

Denne boka, som er den reviderte utgåva frå 2020, er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Søndagsbitch».

Mor til Nina maser heile tida om barnebarn og at ho må finna seg ein mann, for den biologiske klokka tikkar. Og er det nokon som verkeleg vil ha ein mann i livet sitt, så er det Nina. Med litt hjelp fra arbeidskollega Helle, som forøvrig ikkje har installert filter i tankegongen sin, kastar ho seg ut i det. Nettdating og Facebook-stalking blir eit fast innslag i kvardagen.
Julie er ei barndomsvenninne, som ho byrjar å få god kontakt med igjen. Ho er den rake motsetninga til Nina. Julie har alltid vert den populære og perfekte dama som alle snudde seg etter. No byrjar problemstillinga i romanen, for da har seg nemlig slik at Nina byrjar å forelska seg i Oscar, som er mannen til Julie. Oscar er tannlege og er ein sjarmerande og pen mann. Vil han så masse som ofre eit blikk på Nina? Og kor langt vil Nina gå for å få han interessert?

Når eg fekk boka tilsendt frå forfattar, fekk eg beskjed på at dette var «ei damebok». Etter å ha lest den, kan eg langt på vei bekrefta da. Det er masse følelsar og tårer i boka, men samtidig må eg understreka at den fint kan lesast av hardbarka mannfolk òg!
Eg trur forfattaren har brukt god tid på å skapa karakteren Nina Lunde. For denne karakteren er ei kompleks dame. Ho er morosam, distré, varierar mellom lav og høg sjølvtillit, liten grad av sjølvinnsikt, og er særdeles klønete av seg. Nina er ei dame som rotar seg opp i mange absurde og morosame situasjonar i sin jakt på draumemannen.

«Han puster og peser. Bobla sprekker. Det første jeg ser er noe som kan minne om en hvalross som har fått av seg alle klærne, og er på vei til å kaste seg over meg med et svært gap som kommer til å sluke meg i dragsuget. Jeg mister lysten helt i løpet av et par sekunder.»

Eg fekk assosiasjoner til boka « Eleanor Oliphant har det helt fint» medan eg leste «Søndagsbitch». Ei einsom kvinne som trur at alle rundt henne har det fantastisk, og som rotar seg opp i ein del pinlege situasjonar.

Eg synes den til tider var morosam og underholdande. Men det var også partier der det kanskje vart litt for «klissete» og nokre vél urealistiske episodar.

Denne boka er lettlest og morosam. Samtidig så ligg einsomheita som ein mørk skygge over forteljinga. Sjølv i godt voksen alder kan ein bli frossen ut av ein venninnegjeng, og det sårar like masse som det gjorde i ung alder. Det handlar om livets kvaler, om samvit og om at ein veit kva ein har, men ikkje kva ein får. Eg trur at den kvinnelege lesarskaren vil finne denne boka særdeles fornøyelig! Og med oppfylgjaren ute, er det berre å gje seg i kast med serien om Nina Lunde.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s