Når du plukker en blomst av Sigrid Olsen

Åtte år gamal vert ho ufrivilleg med i Jehovas Vitner. Me fylgjer denne jenta gjennom livet, der alle valg ho tar vil få store konsekvensar. Dette er ein sterk roman om livet i og rundt menigheita.

  • Norsk tittel: Når du plukker en blomst
  • Forfattar: Sigrid Olsen
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 271
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Sol Forlag

Sigrid Olsen (Født 1958) bur i Bærum. Ho debuterte med barneboka «Trippelgjengen og loftmysteriet» i 2016. Olsen har foreløpig gitt ut tre bøker i denne serien. Ho er medforfattar i e-bok serien «Arven», og har også bidratt i antologien «Unik».

Ho er åtte år når onkelen kjem heim til dei. Han klarar å overbevise moren om å bli med i Jehovas Vitner. Dette snur opp ned på hennes trygge og sosiale tilværelse, og livet generelt. Ho riv ut eit bilete av Harmageddon frå ei bok som lover ho evig liv i paradis. Dette bilete viser ei ung mor som løper medan bakken revner bak ho, og flammane frå byen er nær ho. Babyen ho held inntil seg må dø, fordi kvinna ikkje er eit Jehovas Vitne. Dette er ei bilete som forfølger den åtte år gamle jenta. Ho sit att med mange spørsmål. Er alle mennesker utanfor menigheita onde? Når ho sjølv byrjar å stussa over Sannheten, er det då Satan som forsøker å lokka ho vekk? Menigheita fylgjer med på kvar einaste bevegelse, og viss du synder vert du tilintetgjort i Guds store krig, Harmageddon.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Når du plukker en blomst».

Dette kunne vert ein sjølvbiografi, eit portrett om ein person i Jehovas Vitner, eller ein oppdikta roman. Eller kanskje ein fin blanding av dei tre alternativa? For det er ingen tvil om at forfattar Sigrid Olsen sit på masse informasjon om livet på innsida av Jehovas Vitner. Balansegangen mellom fakta og fiksjon er knapt synleg. Den fungerer strålande som ein roman, men kan også komme under kategorien «dokumentar». Ein velskrevet og veldig interessant bok.

Jenta, som er hovedkarakteren i boka, nevnes som «hun». Denne jenta har ingen navn. Dette syntes eg var eit vellykka verkemiddel. Ofte kan ein forbinde eit navn med ein anna person eller setja ein person i ein «bås». Ved å utelata navnet, vert karakteren i mine auge meir framtredande og startar med blanke ark hjå lesaren.

«Lille julaften, i går, hadde vært en helt vanlig dag, bortsett fra tristheten, og stillheten fra radioen ingen fikk lov til å skru på. Julesanger og snakk om jul var galt å lytte til. Moren takket Gud for at de endelig hadde fått lyset inn i livet sitt. Nissene, englene og resten av julepynten var kastet.»

Denne boka handlar om kva Jehovas Vitner står for. Handlinga er vektlagt på 60 og 70-tallet, men foregår også langt inn i nyare tid.
Det er klart at for ein utanforståande kan noko av innholdet i denne boka virka provoserande. Måten ting vart gjort på, hvertfall på den tida, er rystande lesning. For kva skjer egentleg når du er med i menigheita? Me kan lesa om menneskesynet dei har, og tankegongen bak heile organisasjonen. Me får òg veta kva eventuelle konsekvensar ein får av å melda seg ut frivilleg eller ikkje.

Boka gjev ein større forståelse for Jehovas Vitner, og dens bakgrunn. Eg kan ikkje svare på om alt som står i denne boka faktisk er sanninga, men det var ein interessant og fengande lesestund. Olsen skriv særdeles godt. Språket er lett og flytande. Nokre begrep blir det sjølvsagt i ei slik bok, men dei er ikkje omfattande, og forfattar har i tillegg gode ordforklaringar bak i boka.

Til tider føler eg kanskje at forfattaren fremskundar åra litt vèl fort. Det blir ein del hopp framover i tid innimellom. Noko som gjorde at eg falt litt ut av leserytmen, særskilt siste del av boka.

Ingen tvil om at boka kan provosere og irritere lesaren. Samtidig får ein sympati og medfølelse for karakterar i forteljinga. Det vert også mange såre og triste øyeblikk, så kontrastane er med andre ord store. Eg er mektig imponert over forteljarstilen og dei mange gode metaforane. Eg må også få skryte ekstra av den fantastiske «til ettertanke» skildringa i slutten av boka, som også forklarar tittelen på boka. Den burde blitt trykt opp og hengt rundt om på vegger i de tusen hjem.

«Når du plukker en blomst» overraska meg med sin forteljarstemme og alle dei grundige skildringane rundt Jehovas Vitner, inkludert bibeltekstar og referansar til Vakttårnet og Våkn Opp! magasiner. Eg kan absolutt anbefala denne boka videre.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s