Ein psykologisk thriller med overnaturlege element utspiller seg på ei øde øy i nord.
- Norsk tittel: Nattreise
- Forfatter: Tore Aurstad
- Sjanger: Thriller, Grøsser
- Antall sider: 218
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Vigmostad & Bjørke
Tore Aurstad (Født 1972) er forfatter og oversetter. Aurstad debuterte som forfatter tilbake i 2004 med barneboka «Trettenkloa». Sidan den gong har han skrevet ei rekkje med grøssere for born og unge, i tillegg har han hatt stor suksess med krimromaner saman med Carina Westberg. Fleire av bøkene har vert nominert til Rivertonprisen.

Thomas Dahl, eks-rockestjerne og programleder, har mange skandaler bak seg. Nå lager han tv på en avsidesliggende øy i Nord-Norge. Sammen med deltakerne bor ham i et angivelig hjemsøkt hus som har tilhørt en okkult sekt. Skeptikeren Thomas opplever underlige hendelser, som får han til å lure på om historiene om huset er sanne, og snart innser han at det er fare på ferde. Thomas tvinges til å konfrontere både sin egen og husets fortid. Men er det allerede for sent?
Denne boka er eit leseeksemplar på frå forlaget Vigmostad & Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Nattreise».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein grøsser og ein psykologisk thriller for vaksne.
Forfatter har valgt å forsøke å slå seg inn i kanskje den vanskeligste sjangeren som er å oppdrive; nemlig psykologisk thriller og grøsser-sjangeren. Her er vegen kort frå å lykkes til å mislykkes. Ein må holde leseren på tå hev gjennom heile boka og knapt gi leseren pustepauser. Historien skal krype inn under huden og inn i sinnet, og den skal sette sitt spor og skape engasjement. Har Aurstad klart å knekke koden?
Me møter Thomas Dahl, ein eks-rockestjerne, som nå er manusforfatter, programleder og åndejeger. Etter ein episode mista han jobben som programleder hos sin tidlegare arbeidsgjevar og etterkvart skjærte det seg også i ekteskapet. Nå lager han tv-episoder som legges ut på Youtube, der han oppsøker det paranormale og forsøker å finne ut kva som ligg til grunn for at unaturlege ting skjer. Han er sjølv ein skeptiker, men vil han forandre meining etter nokre dager i eit gammelt hus på ei øde øy langt oppe i nord?
Greia var jakt på paranormale fenomener fra virkeligheten, i stil med dokumentarene på History Channel ispedd en dose Åndenes makt, men ørlite mindre tacky. Vi dro rundt til steder som skulle være hjemsøkt – hoteller, gårder, gamle hus, båter – overnattet der og lette etter spor og spøkerier.
Teamet hans består av ein regissør og ein frilansfotograf, i tillegg til ham sjølv. Saman jakter dei på paranormale fenomener og produserer ein serie som har ein god fanskare på Youtube. Denne gongen er det okkulte sekter som er tema, og teamet skal bo i huset til den avdøde sektlederen Gustav Von Lönnrot. Her skal dei også ha med deltakere av ulik bakgrunn, for å sjå korleis dei reagerer. Her finn ein blant anna ein blogger, ein innehaver av ein klesbutikk og eit medium. Karaktermessig store skilnader på dei med andre ord.
Saman med teamet sitt reiser han ut til øya for å klargjere huset til deltakere skal komme. Desse deltakerne skal bu og muligens få oppleve paranormale hendinger mens dei vert filma. Thomas er programleder og speler inn klipp som seinere skal redigeres inn i programmet. På denne måten får me vera med på innspillinga av episoden, der regissøren speler hovedrollen, og scener som må spilles inn på nytt, forandringer undervegs og litt småkrangling teamet seg i mellom.
«Noen sa en gang at det eneste vi har å frykte, er frykten selv. Men kanskje han tok feil. Kanskje vi bør frykte det som bor i mørket. For som kjent består verden av lys og mørke, men iblant er det mørket som skinner kraftigst.»
Hovedkarakteren er Thomas. Han er ein person som har ein brokete fortid frå si tid som rockestjerne. Han har ein sønn som snart er myndig, men som han tilsynelatende ikkje har så veldig god kontakt med, sjølv om han er i tankene hans titt og ofte. Thomas er ein kompleks karakter med fleire sider ved seg. Det er litt vanskeleg å få tak på kven han eigentleg er, og kva han har opplevd. Det virker som forfatter har valgt å gjere han til ein open, men samtidig lukka og mystisk person. Det fungerer heilt greit i denne sjangeren.
Deltakerne framstår for meg som pappfigurer. Eg skjønte aldri heilt kvifor dei var med i historia i utgongspunktet. Forfatter har gjort lite for å personifisere desse karakterene og deira rolle i dette eksperimentet. Det kan nesten virke som dei er slengt med i handlinga i ettertid, for dei passar ikkje heilt inn i resten av boka.
Aurstad har gjort eit solid stykke arbeid med lokasjonen. Huset dei skal filme i, er lokalisert på ei øde øy langt oppe i nord. Flagdøy er stedet, og det gamle men ærverdige huset på øya er berykta for sine paranormale opplevinger. For å komme til øya må dei leige ein til å kjøre dei ut med båt. Når dei så er overlatt til seg sjølv kjem skodda, regnet, mørket og den trykkende følelsen. Dei får også ein følelse av at dei ikkje er åleine på øya. Scenen er dermed satt.
Til slutt dukket Flagdøy opp i skodda, med huset i skarp, illevarslende silhuett mot den grå himmelen. Det var tussmørkt nå og lys i vinduene, lik et par blinde øyne som stirret ut i en tom grimase, underlig skarpt og tydelig i skumringen.
Som leser får me ta del i tv-opptaka og regien bak dette. Det synes eg fungerer sånn delvis. Det tar ned tempoet og spenninga i handlinga, men legg samtidig til ein viss grad av realisme.
Huset som skal være hjemsøkt har vert opprinnelse til blant anna utøvelse av svart magi og okkulte ritualer. Det ligg ein mørk historie å lurer i veggene, og Thomas oppsøker kilden til dette og intervjuer vedkommende. Sakte, men sikkert klarer han å danne seg eit bilete av kva som har skjedd i huset, men er det reelt sett opp mot det som faktisk skjer på stedet? Er det onde ånder som fordriver folk frå staden? Og er det ei logisk forklaring til at det forekommer poltergeistfenomener, at ting faller ned og at folk ser skygger og høyrer stemmer i huset? Teamet hans er på saken, og med eit medium i hus kjem dei nærare og nærare eit svar…
Aurstad skildrer ein mørk verden. Det er trykkende stemning og grøsserelementa kjem som perler på ei snor. Det er kloremerker på tapetet, skikkelser i vinduene, stemmer som hvisker og i det heile tatt dystre scener. Skeptikeren Thomas byrjar med andre ord å få problem med å komme opp med logiske forklaringer på det som hender.
Det isnet i meg. Før trodde jeg at mørkeredsel er noe kun barn lider av, men man vokser det aldri av seg. Alt utenfor kjentes illevarslende: vinden, havet, den svarte himmelen. I taket syntes jeg å se en skygge bevege seg. Jeg følte meg ikke trygg, selv med låst dør og lukkede vinduer. Men jeg hørte fortsatt de lave, vislende lydene, som om noe nærmet seg, gled fremover, ville bli sett og følt, men ikke ga seg til kjenne. Noe som hvisket et navn.
Språket er godt, og ein ser at det er ein erfaren forfatter som står bak. Han er dyktig på å setje stemninga i boka, og klare å beholde mystikken rundt huset til siste slutt. Boka er lettlest og relativt kort, noko som gjer den til ein fin lektyre mellom andre tyngre bøker.
Thomas slit med mareritt som ein sitter å undrer seg litt over. Kjem det av det som skjer i huset? Har noken manifestert seg i kroppen hans, eller det ein projisering av hans eiga frykt og fortid? Nokre ting får ein svar på, medan ein del spørsmål vert stående ubesvart.
For dei som liker å sjå på paranormale tv-program som f.eks Ghost Adventures og Destianton Fear, så finn ein mange likhetstrekk og ein ser at forfatter kan ha blitt inspirert av denne type program. Så er det jo slik at å få dette over i tekstform ikkje alltid er like lett. Ein ting er å skape spenning og og få fram uforklarlige ting gjennom eit tv-bilete. Noko heilt anna vert det når ein skal forklare og skildre dette gjennom ord utan at tempoet vert dratt ned eller at det vert uklårt det som skjer.
Enkelte partier i boka er verkeleg gode, der grøsserelementa og den sitrende spenninga kjem til sin rett. Men det blir stykkevis og delt, og i ein slik sjanger så fell ein fort mellom to stoler når slikt oppstår. Eg synes at sluttpartiet vart rotete og eg sliter enda med å skjønne heilt kva som eigentleg skjedde og kva forfatter ville oppnå.
Ideen er god, språket er godt og miljøskildringene er meget solide. Men utførelsen stod ikkje i stil med resten til at boka verkeleg klarte å trollbinde meg. Når alt dette er sagt, så håper eg at Aurstad fortsetter å skrive i denne sjangeren, for det er absolutt potensiale der.
«Nattreise» er noko så sjeldent som ein grøsser og psykologisk thriller med lokasjon på ei øde øy i nord. Overnaturlege element speler ein viktig rolle og liker du det paranormale og mystikken rundt dette, så er dette ei bok du bør sjekke ut.
TERNINGKAST: 4-