Døden oss i hælen går av Venke Astrid Gangstø

Bok nr. 3 i serien om Kriposetterforsker Silje Johnsen.

  • Norsk tittel: Døden oss i hælen går
  • Forfatter: Venke Astrid Gangstø
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 320
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Kolofon Forlag

Venke Astrid Gangstø (Født 1967) er utdanna lektor i norsk. Ho debuterte som forfattar med krimromanen «Bed & breakfast» i 2020, og gav så ut krimromanene «Før bjørnen er skutt» (2021) og «Døden oss i hælen går» (2023). «Tannhjulet» er hennes fyrste roman og vart utgitt i 2022.

Etterforsker Silje Johnsen får mandag morgen melding om at tre lærere er døde på Skogen videregående skole. Det er mistenkelig med tre dødsfall på så kort tid, så hun starter en drapsetterforskning sammen med Erik Korgen. Dødstallet fortsetter å stige, og når en skoleklasse med lærer reiser på en avslutningstur til Irland, er det ikke alle som kommer levende tilbake til Norge.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Døden oss i hælen går».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein krimroman, og bok nr. 3 i serien om etterforsker Silje Johnsen. Boka kan fint lesast frittstående.

Tre lærere vert funnet døde ved Skogen videregående skule, og Silje Johnsen og hennes kollegaer i Kripos vert satt på saken. Med så mange elever og lærere på skulen, så er det mange potensielle gjerningspersoner. Etterforskningsteamet innser fort at dei jobber mot tida når eit nytt drap vert begått. Dei må jobbe på høygir for å unngå ytterligere drap.

Me møter att Silje Johnsen, og denne gongen får ho nok sin vanskeligste sak så langt i fanget. Samtidig er det ei historie som er lagt opp slik at me fylgjer fleire personer parallelt. Dermed kjem Silje litt i bakgrunnen i denne boka, sjølv om ho har ei stor rolle å fylla.

Tre personer vert funnet døde ein mandags morgon på ein videregående skule, og alt ligg til rette for ein spennende start. Men eg sakna meir driv i starten. Det vert eit litt halvhjerta forsøk på spenning, og det vert ein urealistisk likegyldighet til alle dødsfalla frå både elever og dei andre ansatte som jobber ved skulen. Særskilt rektor er meget passiv og dysser det heile ned. Pressen ville kasta seg over saka, det ville vert eit massivt oppbud og eit stort press for å få løyst saka så raskt som mogleg. Det er meir eller mindre fraværende her.

Istadenfor å fylgje ei rett linje, skape eit godt driv og skape situasjoner som intensiverer spenningsmomenta, så har Gangstø valgt å gå vekk frå ein rein etterforskningskrim. Her fylgjer me andre personer, blant andre lærere som jobber ved skulen, og det drar tempoet ned betraktelig. Det vert ein del langdryge utgreiinger og masse unyttig informasjon som strengt tatt ikkje har noko med historia å gjere.

På programmet stod Taurusfjellene og det 1825 meter høye Alacabel-fjellpasset til Konya som het Ikonium før. Det var et av de største kristne samfunnene på apostelen Paulus’ og Barnabas’ sin tid. På brosjyren viste de noe som så ut som sandfarga grotteboliger.

Når forfatter fyrst har valgt å fylgje fleire personer parallelt, og har bevisst valgt å trekke ned tempoet, så skal det seies at desse personene var ein fryd å fylgje. Desse kapitlene er meir romanprega, og her synes eg at Gangstø skriv verkeleg godt. Her kjem me meir under huda på karakterene, og ein vert meir kjent med desse enn med hovedkarakteren sjølv.

Eg likte måten forfatter viderefører observasjoner som er gjort av personer gjennom andre karakterer. Det blir ein sømløs overgang mellom karakterene og ein får eit meir heilhetlig bilete av det som skjer. Som leser får ein også meir informasjon enn det Kripos-teamet sitter på, så ein ligg ofte eit steg og to foran dei.

Ein ser raskt at forfatter er lektor, når ho drar inn norsk litteratur i historia. Det vert blant anna Hedda Gabler, Romeo og Juliet og Ibsen-stykker som trekkes fram. Greit nok at det handler om døden i litteraturen, men det har lite nytteverdi for meg som leser.

Det er eit uoversiktlig bilete, der noko har skjedd foran elever, medan andre ting har skjedd utan at nokon har vert til stades. Progresjonen i historia kjem dermed etter observasjoner, tips, vitner og avhøyrssituasjoner. Ein møysommelig og nitidig etterforskning er dermed uungåelig, og me får ta del i den.

Etterkvart som romanen utvikler seg, så føler eg at forfatter har ein meir målretta handling og skrivestil. Vinglinga som ein kan sjå i starten, forsvinn sakte, men sikkert, og det er ein fin progresjon. Dermed sitter leser att med eit betre inntrykk når boka er ferdiglest, og ein har lyst til å lese meir om Silje Johnsen.

Ein og anna makabre skildringer finn ein i boka. Særskilt ei hending på eit likhus kan få det til å gå kaldt nedover ryggen på ein medan ein les. Ellers så består det aller meste av «uskyldige» dødsfall utan det brutale bakteppet.

Det kunne gå uker og måneder før det ble oppdaga at de hadde dødd. Da var det som oftest naboer som klaga over vond lukt. Noen opplevde til og med flekker i taket og frykta det verste fra leiligheten ovenfor. Å få med seg alle de menneskelige restene i pose var ikke alltid like lett. Forråtnelsen var kommet for langt.

Litt gjentaking av sak og tråder er det i boka. Dette er det pluss og minus ved. Minus viss ein får det med seg fyrste gong og byrjer å lukte lunta for korleis det heile ender, og pluss viss ein faller litt ut eller har gløymt dei små spora forfatter legger ut rundt om.

Miljøskildringene er gode, og særskilt når forfatter tar oss med til Irland, så føles det som å være der. Ho skildrer irske tradisjoner, kultur, landskap og været på ein måte som gjer til at det blendes naturleg inn i tekst og handling. Det føles med andre ord ikkje påtvunget.

«Døden oss i hælen går» er ein krimroman med eit møysommelig etterforskningsarbeid. Med sine gode skildringer og ei handling og tekst som utvikler seg i riktig retning, så får ein lyst til å lese enda meir om etterforsker Silje Johnsen.

TERNINGKAST: 4-

Legg igjen en kommentar