I pappas hode av Mari Moen Holsve & Karoline Grønvik

Ein velskrevet, rar og original teikneserieroman.

  • Norsk tittel: I pappas hode
  • Forfatter: Mari Moen Holsve
  • Illustratør: Karoline Grønvik
  • Sjanger: Teikneserie, Roman
  • Antall sider: 167
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Egmont Kids Media Nordic AS

Mari Moen Holsve (Født 1986) har blant anna studert litteraturvitenskap, og debuterte som forfatter tilbake i 2006 med «Skjelka-Agenten», som er ein fantasy-roman for born og ungdom. Sidan den gong har ho utgitt ei rekke bøker, og også vunnet fleire priser for sine utgivelser. I 2024 gav ho ut teikneserieromanen «I pappas hode». Karoline Grønvik har ein bachelor innan animasjon, og er animatør og illustratør. Dette er debutboka til Grønvik.

Tenk om du kunne reise inn i pappas hode! Se hvordan han hadde det før du ble født. Tenk om du kunne forstå hvorfor han er så mutt og lei seg. Akkurat denne reisen opplever søsknene Liam og Cornelia da de plutselig våkner opp inne i hjernen til pappaen sin. Men hvorfor er det så mange ulike pappaer der? Og hvordan kommer man seg egentlig ut igjen …?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Egmont Kids Media. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «I pappas hode».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein teikneserieroman for barn og unge, som tar deg med inn i hovudet til ein vaksen person.

Me møter søskenparet Liam og Cornelia. Foreldra er skilt, og for tida bur dei hos far sin. Han på sin side er meget opptatt med jobb, også når han er kommet heim. Liam sitter og gamer, noko som gjer til at Cornelia føler seg ofte einsam. Faren er ein mann med få ord, og som ikkje uttrykker følelser, og Cornelia lurer eigentleg kva faren tenker og føler. Plutseleg ein dag vakner både ho og broren inni hjernen på faren, og ei oppdagelsesferd er i gong.

Dette er i utgangspunktet ei teaterforestilling som er gjort om til ein teikneserieroman. Litt justeringer og omskriving har nok vert heilt nødvendig, men sluttresultatet er likevel eit solid stykke arbeid.

Historia er interessant og velskrevet. Det er godt kommet på, og ein får ein solid dose med læring og eit veldig viktig og fint bodskap. Boka er delt opp i kapitler, og innehar gode cliffhangere.

Gjennom ei reise inn i hjernen får me eit lite innblikk i korleis hjernen fungerer. Det snakkes blant anna om nevroner, og me får ta del i fleire versjoner av faren gjennom hans minner og tankebaner. Her blir me litt kjent med den kule faren, den omsorgsfulle faren, men også den triste familiefaren. Desse versjonene av han vart til gjennom eit levd liv, og borna får sjå korleis han var før og etter at han vart far.

– Hvem er familiepappa?
– Han er den aller kuleste! Han er supersnill og er liksom sjefen i hjernen. Det er han som vet hva som er best å gjøre. Men nå er det ingen som har sett ham. Ikke på mange timer. Og uten ham, så… skjer det rare ting i hjernen.

Når borna ikkje er tilstades så ser ein at dette er ein far som sliter emosjonelt. Men så lenge han ikkje uttrykker dette i deira nærvær, så aner dei ikkje kva han tenker og føler. Men med ein gang dei får ta del i kva som skjer inni hjernen hans, så skjønner dei med ein gong meir kva som foregår.

Borna må samarbeide for å komme forbi hindringer i sin jakt på å finne att familiepappaen. Det er mange hindringer og forskjellige «vesener» som forsøker å stoppe dei. Samholdet mellom søskena vert dermed satt på ein skikkelig prøve.

Det er relativt lite tekst. Sjølve tekstformatet består av store bokstaver, med fin størrelse som gjer den enkel å lese. Det er gode markerte snakkebobler og det er enkelt å fylgje rekkefølgen i dialoger.

Illustrasjonene er direkte og uttrykksfulle, der illustratør bruker særskilt augene og øyenbryna på karakterene til å uttrykke det dei føler. Ho har valgt å ha lite bakgrunnsmiljø i sine illustrasjoner, og det vert ein del einsfarga og minimalistisk over det. Men så lenge karakteren er fokuset i historia, så fungerer det meget bra.

Universet kan nesten like godt minne om eit sci-fi prega univers med «vulkaner, skoger og opne sletter». Samtidig er det noko heilt eigenarta med miljøet, som gjer til at ein trur på at både historie og illustrasjoner faktisk tar del inni hjernen på ein person.

I hjernen får dei god hjelp til å navigere seg fram ved hjelp av ein som kaller seg Bupp. Denne karakteren viser at det å ha negative tanker, og det å slite litt innimellom er heilt normalt. Dette er ein artig og livlig karakter som eg ikkje skal avsløre så masse av, men les ein bak i boka, så skjønner ein meir kvifor nettopp denne karakteren er med.

Eg virkelig elska dei stripene der det ikkje er tekst, men der illustrasjonene taler sitt eiga og tydelige språk. Rett og slett magisk i sitt enkle men effektfulle format. Det er også eit meget godt sampel mellom illustrasjoner og historie. Det er særs viktig i denne type bøker, men langt ifrå ein selvfølge. Så all ære til forfatter Holsve og illustratør Grønvik for eit godt og fruktbart samarbeid.

Eg liker at når det er noko negativt som foregår, så forandrer miljøet seg, og ein får eit meir mørkere univers med ein gong, noko som gjenspeiler dei følelsene faren føler på. Dette fremstår som eit godt visuelt verkemiddel, og skaper ein dyster stemning utan at ein treng å utbrodere det i tekstsammenheng.

Det er uten tvil ein rar og original historie. Men samtidig er den genial på sin måte, og ein får eit forhold til sine eigne og andres følelser på eit anna plan gjennom denne boka. Det emosjonelle aspektet kjem virkelig til sin rett.

«I pappas hode» er ein teikneserieroman som innehar ein fjellstøtt historie med gode visuelle uttrykksformer. Med sitt bodskap om det emosjonelle og undertrykte følelser, er dette ein fin og viktig forteljing å formidle videre. Dette er nordic manga på sitt beste.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar