Den Store Arkana – Novellesamling av Henrik Aareskjold

Novellesamling som tar utgangspunkt frå tarotkort.

  • Norsk tittel: Den Store Arkana – Novellesamling
  • Forfattar: Henrik Aareskjold
  • Sjanger: Noveller, Fantasy
  • Antall sider: 166
  • Utgivelsesår: 2026
  • Utgiver: Indiemoon

Henrik Aareskjold (Født 1984) debuterte som forfattar i bokform med novellesamlinga «Den Store Arkana» i 2026.

En novellesamling inspirert av tarotkortenes mystikk – der drømmer og mareritt veves sammen. Åpne portene til en verden hvor hverdagens realiteter møter fantasi, sci-fi og mørke eventyr. La kortene guide deg gjennom historier som vil holde deg våken lenge etter siste side.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Den store Arkana – Novellesamling».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei novellesamling som tar utgangspunkt i tarotkorta i den Store Arkana.

Forfattar skriv i sitt forord at han er ein empiriker med verdisyn på at kosmos består av materie, energi og vitenskapens lover, og tar dermed avstand frå pseudovitenskap, det alternative og det overtroiske. Men han er ein drømmer. Ein som liker å dikte opp det som ikkje finnes og som ikkje har rot i virkeligheten, og det vises att i novellene.

Den Store Arkana representerer store livshendingar, kosmisk lærdom og menneskets livsreise. Aareskjold fylgjer kortstokken slavisk, og han har dermed skrevet 22 noveller som skal representere kvart kort på kvar sin måte. For kvar novelle så er det overskrift og kva kort den representerer, noko som er oversiktlig og det er ein original idè forfattar har begitt seg ut på.

Innhaldet er variert, men det som oftest går igjen er at det er dramatiske noveller med død og fordervelse og ein kamp for å overleve. Her finn ein alt frå dronninger, guder, djevelen, nisser og marer, så spennvidda er stor. Det meste er skrevet i sci-fi og fantasy-ånd, men noko menneskeleg er det også.

En skikkelse trasket gjennom mørket, en lutrygget kjerring kledd i svart, med ei rive over skulderen og en sopelime drassende etter seg. Hun gikk noen skritt til, sveipte sopelimen langs bakken i en stor bue, og fortsatte frem til våningshuset. Der stoppet hun opp og kikket på den stille bygningen. De kunne se ansiktet hennes tydelig nå, inntørket og hult som en gammel trerot, med gapende kjeft og øyne som skinte med et kaldt og giftig lys.

Nokre av novellene er bygd opp som kjente eventyr. Her finn ein blant anna reineste Askeladden-historie med ein vri, men det er gjenkjennbart. Og det er nødvendigvis ikkje noko negativt å bygge opp ei historie rundt noko folk kan assosieres med.

Eg følte det vart litt varierende kvalitet, og det er litt armer og bein her og der når novellene skrider fram. Aareskjold er på mange måter ei laus kanon på dekk. Ein veit aldri heilt kva som kjem eller kva utfallet blir. Når eg googla meg fra til tyding på enkelte av korta og samanlikna det med tematikken i novellene, så følte eg at han kanskje ikkje traff innertier når det kjem til meininga bak alle korta, men det er likevel underholdande og definitivt leseverdig. Eg vil også tru at korta kan leses på forskjellige måter og at tydinga ikkje nødvendigvis er svart/kvit ut frå det eg googla meg fram til, så ha det i mente.

Språket er bra og fantasien er det definitivt ikkje noko i vegen med. Det er som nevnt mykje ondskap og mørke og med tidvis overraskende endinger. Ein finn også nokre jeg-fortellinger som skiller seg litt ut i den forstand at forfattar dermed kan skrive litt om tanker og følelser på ein anna måte.

Likevel satte jeg meg ned foran observasjonvinduet og kikket ut i universets uendelighet. Bare de som har reist ut i tomrommet, kan forstå hvor små vi egentlig er, hvor liten Jorden er i det store mørket, og hvor lite det skal til før man blir slukt av det.

Bakerst i boka står det om bakgrunn og idè for kvar enkelt novelle. Dette er forsåvidt interessant, men eg skulle gjerne sett at det også var ein liten forklaring på kva kvart kort representerte, ikkje berre navnet på det foran kvar novelle. For ein utenforstående som ikkje har vert borti tarotkort før, så seier ikkje f.eks tittelen «Yppersteprestinnen» meg noko som helst.

Når det skal skrives om fantasy-skapninger og vesener, så er ein avhengig av at forfattar klarer å skildre denne karakteren på ein såpass overbevisende måte at den blir levende i lesers tankegang. Her synes eg at Aareskjold har lagt ned eit godt stykke arbeid og tatt seg tid til å gjere nettopp dette, utan at det nødvendigvis går ut over tempoet i novella.

Vinden ulte rundt dem, og regnet hamret. Sjøormen tårnet over dem, og fiskesnøret gikk rett opp i det enorme gapet, hvor rad på rad av skarpe tenner truet. Fosser av sjøvann rant fremdeles nedover den skjellete buken. De stirrende øynene glodde på dem med et reptils likegyldighet.

Eg liker idéen og originaliteten bak boka, og sjølv om eg følte det var eit litt varierende innhald, så er dette ei novellesamling som gir noko tilbake til lesar. Ingenting er A4 i historiene, og ein veit aldri kva veg det går eller kva neste novelle vil innehalde. Overraskelsesmomentet er dermed definitivt til stades, og ein må berre gå inn i kvar novelle med åpent sinn. Eg vil likevel tru at dei som har kjennskap til den Store Arkana og kva kvart kort representerer vil få størst utbytte av denne novellesamlinga, utan at det legg noko demper på innhaldet.

«Den Store Arkana» er ei novellesamling med eit bredt spekter av karakterer, vesener og univers. Det er hovedsaklig eit mørkt innhald, men det er også småartige og tankevekkende noveller som skaper store motsetninger til ondskapen som rår. Dette er absolutt ein meget godkjent grobunn for forfatterskapet til Henrik Aareskjold, og eg håper me får høyra meir frå ham i dei kommende åra.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar