Du er min historie av Trine-Lise Rygh

Ein samlivsroman med eit trollbindende språk.

  • Norsk tittel: Du er min historie
  • Forfattar: Trine-Lise Rygh
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 207
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Trine-Lise Rygh (Født 1974) er fra Bærum. Ho har ein bachelor i litteraturformidling, og har skrevet ei rekkje artiklar. Ho debuterte som forfatter med romanen «Hundedager» i 2020. I 2022 kom ho ut med romanen «Du er min historie».

Kvinnen i denne romanen lever i et forhold som gradvis har sviktet i sammenføyningene. Mannen er deprimert, han har alltid vært det, lever et liv litt på siden av alle andre. Han går. Forsvinner ned veien fra huset der de håpet å finne lykken. Noen ganger går han til andre.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Du er min historie».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein samlivsroman med eit gnistrende godt språk.

Forfatter Trine-Lise Rygh bokdebuterte med brask og bram i 2020, då ho gav ut «Hundedager», og fekk fortjent tildelt Språklig samlings litteraturpris 2021. Lista er dermed lagt, og spenninga var stor når eg byrja på denne nye romanen. Det må også legges til at denne romanen er heilt annleis enn «Hundedager».

Fyrst av alt kan eg seie at dette overhodet ikkje er ei A4-oppskrift på ein standard roman. Hovedpersonene er er uten navn. Ein har jeg-personen som er kvinnen, og du-personen som er mannen. Boka har egentlig ingen rød tråd. Det er lite sammenhengende historie, men heller refleksjoner frå kvinnen sin side. Alt foregår gjennom hennes auge. Er dette noko interessant å lese, spør du kanskje..? Med forfatter sitt eminente språkbruk, er svaret eit rungende ja. Men, og det er nok eit litt stort men; Innhaldet gjer nok til at dette ikkje er ei bok ein berre pløyer gjennom. For det står så masse mellom linjene, og ein må stoppe litt opp og reflektere innimellom. I så måte er nok ikkje denne boka for alle.

Det er få sider som har fulle sider med tekst. Ofte starter avsnittet midt på siden, og har kort men konsist innhald som skildrer forholdet mellom mannen og kvinnen.

Språket kan sammenlignes med ein kald vintersdag der ein ser eit snøfnugg dale sakte ned og legge seg øverst på den mjuke snøen. Så fint, så stille og så unikt. Ein kan formelig høyre stillheita mellom dei to personene, kun avbrutt av sekundviseren på ei klokke på veggen.

Jeg hører at du beveger deg, skrittene dine. Hva betyr den lyden, lyden av skrittene dine over gulvet? Jeg lytter. Hva gjør du? Hva skal du? Hva tenker du på? Jeg evaluerer, vurderer, lytter, glemmer å puste.

Handlinga startar på nyttårsafta i 2020, og me fylgjer dei to rundt eit år fram i tid. Det vert korte tilbakeblikk på livet som var, og gleden av å ha kvarandre i livet. Nå er den tida forbi, men kvinnen tviholder på den tida som var, og forsøker å gjere kvardagen så fin som mulig for mannen sin. Innimellom bærer ho begge sine tunge tanker og bører på sine skuldre. Mannen er deprimert, og har vært det lenge. Det vert dermed tøft for ho å nå frem til han. Men ho ser av og til at han får eit åpnere og meir livsfylt ansiktstrekk, men er det på grunn av henne, eller nokon andre?

Det er ingen direkte dialoger, sidan alt vert fortalt gjennom kvinnens auge. Hans svar vert viderefortalt av henne. Dette er eit fantastisk verkemiddel og skaper den illusjonen ein får av at dette er ein stillferdig roman.

Det er korte setninger og stort sett korte avsnitt. Det er melankolsk og trist, men samtidig så ligg håpet der for kvar minste ting mannen hennes gjer. Som forfatter så fint skriver; «Latteren din er gress som spirer». Ein så liten banal ting som eit smil eller ein liten latter er nok til at kvinnen får håp om betre tider, og ho forsøker å tviholde på desse få øyeblikka.

Har jeg fortalt deg hvor godt jeg liker at du ler, hvor godt jeg liker deg når du ler. Når du ler, da er alt bra. Jeg kunne gjort hva som helst for å få seg til å le.

Kvinnen bruker naboens epletrær og utelampe som eit fast holdepunkt i livet sitt. Det forandrer seg ikkje frå dag til dag, i motsetning til ekteskapet hennes. Dei har ei dotter som også bur under samme tak. Eg liker måten forfatter trekk inn oppveksten til eit ungt menneske i ein familie der ein person har psykiske plager, og at ho ser at foreldra glir frå kvarandre. Kva gjer dette med forholdet ho har til faren og til livet generelt?

Boka vart lest på ein ettermiddag, sjølv med små reflekterende stopp. Så lettlest og engasjerende er den. Når ein les denne romanen, så er det like viktig å lese og tolke det som IKKJE står skrevet. Det er magisk.

Med denne romanen setter Trine-Lise Rygh fokus på psykisk helse og på korleis eit familieliv utarter seg rundt denne personen. Det er reflekterende, vart og skildra på ein heilt unik og fantastiske måte.

Du legger deg og er sliten. Du våkner opp og er sliten. Du sover i det tynne lyset fra vinduet. Det har kommet et drag over ansiktet ditt. Jeg har sett det før. Jeg kan se det på lang avstand. Jeg ser det allerede fra vinduet når du kommer opp fra garasjen. Når du er sliten, er du taus. Tausheten din tar rom i huset.

Innhaldet er til tider usammenhengende, men samtidig føles det så naturleg, for ein må lese det som står mellom linjene. I hovudet danner ein seg dermed ein samanheng, sjølv om den ikkje er nedskrevet. På denne måten vil boka få nytt liv og nye betraktninger frå leser til leser, alt etter kvar ein befinn seg i livet. Det er litterært stor kunst.

«Du er min historie» er ein samlivsroman med eit trollbindende språk. Ein sjeldan gang no og då vert ord fattige når ein skal skildre eit litterært meisterverk. Dette er definitivt ein av dei. Romanen er unik på alle måter, og må berre oppleves. Trine-Lise Rygh er verkeleg eit navn å fylgje med på, og bøkene hennes kan anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s