Velskrevet krimroman med eit alvorleg bakteppe
- Norsk tittel: Sov Dukkelise
- Forfatter: Ingrid Berglund
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 304
- Utgivelsesår: 2026
- Utgiver: Gyldendal Norsk Forlag
Ingrid Berglund (Født 1966) har ein mastergrad i økonomi og finans, og har blant anna jobba som finansanalytiker. Ho debuterte som forfattar med krimromanen «Det svakeste ledd» i 2006. Sidan den gong har ho gitt ut ei rekkje bøker. I 2022 gav ho ut krimromanen «Den svarte svanen», «En skygge på min grav» i 2023, «Den trettende statuen» i 2024, og «Sov Dukkelise» i 2026.

Dødsboadvokat Oda Krohg og hennes ukvalifiserte assistent, Reidar Simonsen, har avsluttet en vanskelig sak og gleder seg til en fredelig høst. Men i løpet av bare et par uker snus hele deres verden på hodet. Deres nye praktikant bringer med seg bagasje full av hemmeligheter og traumer. Alle nye klienter virker kjent, enda de er fremmede. Og en liten jente klamrer seg til dukken sin, idet morens vuggesang dør ut. Etter mange år med hemmelig identitet innser Oda at fortiden kan være i ferd med å lukke seg rundt henne, en fortid som til nå har vært fortrengt. Noen vil ha hevn.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Gyldendal Norsk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Sov Dukkelise».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein krimroman og bok nr. 4 i serien om dødsboadvokat Oda Krohg. Boka kan leses frittstående, men eg vil anbefale å lese serien kronologisk.
Oda og hennes assistent, Reidar, er endelig tilbake. Denne gongen handler det i hovedsak om Oda sjølv og hennes fortid. Berglund gir oss svar på mange av spørsmåla rundt denne litt mystifiserte karakteren Oda Krohg. Fortida innhenter Oda, og me får eit djupdykk inn i hennes oppvekst. Dette er i ferd med å innhente ho, og plutseleg er det ho som er i fare. Samtidig har dei fått inn ein ung praktikant på kontoret som sit på sine hemmeligheter. Bekymringene byrjer med andre ord å hope seg opp for Oda Krohg i denne boka..
Me fylgjer fleire personer parallelt, og dette er behørig markert med navn i kapitteloverskriftene. Enkelt, men effektivt verkemiddel. Det er ikkje berre mennesker som får sin plass i boka, for Oda har ein Golden Retriever, som heiter Hermann, som ho bruker mykje av fritida si på. Det er eit fint samspel mellom dyr og menneske, og viser at ein kan finne styrke, trøst og håp i ein hund.
Stemninga i boka vert satt umiddelbart. Det er noko dystert og mørkt over starten når små born vert innblanda i kriminalsaker og får sterke inntrykk som dei burde vert skånet for i så ung alder. Det gjer noko med heile settingen for resten av historia.
Hun sperret øynene opp og presset munnen mot dukken mens hun vugget frem og tilbake. Forsøkte å gråte så stille som mulig, selv om skrikene, bråket fra stoler som veltet, ting som ble slengt rundt, overdøvet alt. Det var som om hele verden gikk i tusen knas.
Me vert introdusert for ein heilt ny karakter i Margit Stene. Ho er 20 år, og kontorets nye praktikant gjennom NAV. Margit er ein karakter som ein aldri heilt veit kvar ein har ho. Ho er lat, gidder knapt å stå opp om morgenen og har ein arbeidsmoral som knapt er til stades. Likevel ser ein glimt av eit skarpt syn, av smarthet, og at ho langt frå er så uinteressert som ho kan gi uttrykk for. Ho bærer også på sine hemmeligheter som me etterkvart får ta del i. Dette er ein karakter som løftes fram av forfatter og som får skinne på sin heilt særegne måte. Her må Berglund få all mulig honnør for å skape ein så sammensatt, men likevel litt «enkel» karakter som ein får medfølelse for på ein merkverdig måte.
Oda får oftere og oftere flashback frå fortida når ho opplever ting som trigger det. Ho «ser» personer som ho føler høyrer fortida til, men som no oppsøker ho på nytt. Nokon er ute etter henne, men kven? Eller er det heile berre innbilning frå Oda si side? Har det enorme arbeidspresset dei siste månedene gitt ho ein psykisk knekk? Eller er det faktisk ein reell trussel? Her er det fleire spørsmål som dukker opp etterkvart som ein les. Uansett utfall så stig hvertfall spenningsnivået og tempoet auker inn mot sluttpartiet.
Som tidlegare nevnt så handler boka i hovedsak om Oda, men det er også ei dødsbosak som går parallellt som ligg og ulmer i bakgrunnen. Den vil liksom aldri heilt slippe taket, og her har Berglund gjort eit solid stykke arbeid med å implementere denne historia inn i livet til Oda. Paranoiaen vert ikkje mindre av den saken, og ein føler at noko skurrer, men aner ikkje kva. Og på toppen av dette så er det fortgang i bakgrunnen til Margit også. Dermed får ein få dødpunkter, sjølv om tempoet er relativt roleg, før den tar seg kraftig opp mot slutten.
Du kan fortrenge det som har skjedd, men kroppen din vil alltid huske.
Det er ei litt anna versjon av serien me får servert denne gongen. (Utan at det er negativt) No er det Oda Krohg som er midtpunktet, og det er hennar liv som er grobotn for oppbygginga av historia. Her er det meir eller mindre ingen plott, det går meir på spenning/thriller element. Det er eit alvorleg bakteppe for historia, og det er tatt utgangspunkt i ein reell situasjon.
Språket er som vanleg av ypperste klasse. Det er folkeleg og flytande. Dialogene føles naturlige og det er ikkje overdrivelser eller unaturlige karaktertrekk. Ein er aldri redd for at forfatter skal skrive seg bort, og med den tryggheten så kan ein gå inn i historia med hud og hår og berre kose seg med historiefortellinga til Berglund.
«Sov Dukkelise» er ein krimroman med eit alvorleg bakteppe. Berglund tar eit djupdykk ned i fortida til hovedkarakteren, og klarer å skape spenning, medmenneskelighet og eit skarpsyn på ein imponerande og truverdig måte. Ho klarer dermed å bygge videre på serien på ein heilt spesiell måte som gjer at det blir vanskeleg å utelate forfatter Ingrid Berglund når året skal oppsummeres.
TERNINGKAST: 5+