Ein roman om korleis den seksuelle kraften kan frigjere oss.
- Norsk tittel: Livskraft – En nøkkel til frihet
- Forfattar: Berit Elisabeth Berg
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 203
- Utgivelsesår: 2022
- Utgiver: Berit Elisabeth Berg
Berit Elisabeth Berg er busatt i Oslo og har bakgrunn som sjukepleiar, coach og HMS-rådgjevar. I 2022 gav ho ut romanen «Livskraft – En nøkkel til frihet».

Dette er fortellingen om Elham og hans famile. I barneårene blir han utsatt for en alvorlig tragedie. Senere får han opplæring i hvordan den seksuelle kraften kan brukes til å helberede dype sår. Historien starter i ørkenen og viser hvordan personlig frigjøring kan spre seg mellom mennesker, og på veien møte motstand i form av satte normer og regler i samfunnet.
Denne boka er eit leseeksemplar på Ebok frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Livskraft – En nøkkel til frihet».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman som er ein inspirasjon til å opne opp for sin eiga livskraft og seksualitet.
Boka starter på mest mogleg dramatisk vis. Her får forfattar meg som lesar med frå fyrste stund. Me møter unge Elham som passar kamelene ute i ørkenen i leiren der blant anna familien hans holder til. Ein frykteleg tragedie sender Elham og vetlesøstera på flukt ut i ørkenen. Her må dei klare seg sjølv, og sakte men sikkert klarer dei å bygge opp ein ny leir, der fleire personer søker tilflukt. Men dei skal ikkje få leve så lenge i fred…
I løpet av natten pakket han det som var igjen av eiendeler og festet dem på kamelene. Ved daggry var de klare til å dra. Her var det ingen hensikt å være lenger. Familien, og det som hadde vært hjemmet deres, var borte. Elham var fortsatt en ung gutt. Nå var han alene i verden med ansvaret for et lite jentebarn og en flokk kameler. I løpet av noen timer hadde han blitt mann.
Me fylgjer fleire personer gjennom boka, der liv og død går hand i hand. Karakteroppbygginga er god, og ein vert kjent med hovedkarakterene på kvar sin måte. Eg synes likevel at siste del av boka var den beste, då ein fekk dei store motsetningene og konflikter mellom særskilt to personer. Då kom også handlinga og bodskapet i boka betre fram.
Romanen er delt inn i fleire deler, der me fylgjer fleire generasjoner opp gjennom årene. Felles for dei alle, er kampen for frigjering av dei satte reglene og normene av presteskapet i landet. Folk er på flukt og er redd for konsekvenser, det er forfølgelse og ein vert satt inn i straffen det medfører å ikkje fylgje dei normene samfunnet ellers lever etter i landet.
«En kvinne har mye kraft, styrke og visdom i seg når hun har fått tilgang til den. Mange prester i alle kulturer vet dette. Derfor har seksualitet og kvinner blitt fordømt, for å hindre dem i å få tilgang til kraften og dermed bli fri. En fri kvinne er en trussel for religion. Dersom alle kvinner er frie, vil religiøse ledere miste all makt og kontroll over menneskene.»
Det er til tider store hopp i tid, og ein får følelsen av at ein går glipp av viktig informasjon, og ein føler at forfatter kanskje rusher utviklinga i boka på denne måten.
Det handler like masse om seksualitet og livskraft, som det handler om flukt frå forfølgere og frigjering av eit strengt regime. Ein får nokre nærgående seksuelle skildringer, utan at det går over styr. Det er likevel overgrep og voldtektsskildringer med, som kan være sterke scener for enkelte.
«Du har nok aldri sett en kvinne før,» konstaterte hun. «Kom så skal du får se.» Hun ventet ikke på svar og la seg midt i den store sengen og ba ham sette seg på sengekanten ved bena hennes. Han betraktet henne der hun lå med bena lett spredt. Undret seg over de runde brystene hennes og la merke til hvor annerledes hun var enn ham mellom lårene.
Kvinner vert utsett for undertrykkelse, og ei gruppe eller stamme forsøker å frigjere dei frå dette ved å undervise dei i livskraften og spesielle pusteteknikker, og samtidig auke den seksuelle kraften overfor mannfolka. Sex er til for å nytes, framfor å verta utnytta. Dette er noko av bodskapet forfattar kjem med, og som ho skriv inn i historia. Det handler også om vranglære, og korleis informasjon vert tredd nedover hovudet på personer, med den idé at slik skal det være. Punktum.
Suggesjon er godt brukt i romanen, og framstår som eit godt verkemiddel. Dette bruker Berg for å vise kva ho vil med romanen, og der lykkes ho godt.
Eg synes at konfliktnivået er litt for enkelt oppbygd, hvertfall i fyrste del av romanen. Nokre er fullstendig uenige med stammelederen, men etter nokre få setninger er stort sett alle på samme bølgelengde. Det er litt for enkelt å overtale ei gruppe på denne måten.
«Nei,» svarte Laos. «Vi er ikke uenige, du har rett. Når du forteller er det så forbasket logisk. Jeg er irritert for at jeg ikke har tenkt det samme selv, tidligere.»
Språket starter litt vaklende, men tar seg opp utover i boka. Det vart ein del «tunge» setninger, der setningsoppbygginga kunne vert skrevet meir effektivt.
Det vert blant anna ånder, healing, tidsreiser, seksuelle skildringer, massedrap, forfølgelse, nærkamper, helbreding og sanndrømte personer. Innhaldet spriker dermed til alle kanter, men samtidig så er det bra driv i historia og det skjer heile tida eit eller anna. Strukturen kunne kanskje vert betre, men det er spennende historier me får servert.
Eg likte at Berg ikkje har lagt handlinga til eit spesifikt land. Det er heller ikkje tidsbestemt, så om dette foregår på 2000-talet utenfor sivilisasjonen eller om det foregår for mange hundre eller tusen år sidan, skal ikkje eg svare på. Men det fungerer utmerket, og ein kan forestille sjølv kvar og kor tid det foregår for sitt indre lerret medan ein les.
Ein og anna plassen vart samme hendelse gjenfortalt sett frå eit anna menneske sitt ståsted. Dette er eit meget godt verkemiddel som gjer til at boka får ein ekstra dimensjon.
Me fylgjer som nevnt fleire generasjoner, og det er spennende å sjå utviklinga gjennom desse personene. Dei kjemper den samme kampen, men på kvar sin måte. Det store spørsmålet vert om utfallet vil bli det samme, eller om dei faktisk klarer å gjere ein forskjell, i eit land der normer og skikker står sterkt, og der straffeforfølgelse som oftest ender med døden.
«Livskraft – Ein nøkkel til frihet» er ein generasjonsroman med undertrykking som tema. Ved enkle grep kan ein frigjere seg frå mange normer og regler, men vil det bli godt mottatt, og kva vert konsekvensene? Historien er spennende og interessant, og eg føler at Berit Elisabeth Berg har klart å få fram bodskapet sitt på ein veldig fin måte.
TERNINGKAST: 4-