Tvillingparasitten av Anders Somby

Tredje bok i serien om privatetterforsker Herlov Holm og hans assistent Jon Matson.

  • Norsk tittel: Tvillingparasitten
  • Forfattar: Anders Somby
  • Sjanger: Krim, Detektiv
  • Antall sider: 358
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Anders Somby

Anders Somby bur i Oslo. Han har tatt hovedfag musikk på Universitetet i Oslo, og har komponert musikk opp gjennom åra. I 2020 kom han ut med sin fyrste roman på eige forlag. «Chagall stjålet» er den fyrste boka i serien om privatetterforsker Herlov Holm. «Et hjerte for to» vart utgitt i 2021, og «Tvillingparasitten» i 2022. Alle bøkene er i samme serie.

Noe skriker på natta i skogen. Spor i marka tyder på at det er Oslo-Ulven. Men skrikene ligner ikke på lyd fra ulv.
I mellomtiden er langeren Max forsvunnet, og samboeren Liza Bergmann ber Herlov Holm og hans assistent Jon Matson om å finne ham.
I søket etter Max kommer de over en rekke menn som har blitt dopet, ranet og etterlatt i skogen, akkurat på det stedet der et mystisk vesen venter.
Finnes det skapninger fra gammel folketro i virkeligheten, eller er de fortsatt bare en myte?

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Tvillingparasitten».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er bok nr tre om privatetterforsker Herlov Holm og hans assistent Jon Matson, og er ein roman i krimsjangeren. Eg vil anbefala å lesa bøkene kronologisk, sidan det innimellom refereres til tidlegare bøker, og kjennskap og vennskap utvikler seg.

For dei som ikkje har lest noko frå serien før, så er dette ein artig parodi og vri på Sherlock Holmes og Dr. Watson. Politiet er lite involvert, sidan dette er meir ein rein privatetterforskning. Det er lett humor og innehar eit realtivt enkelt plott med nokre tvister undervegs.

Som ved dei forrige bøkene i serien, er det nokre medisinske terminologier involvert, der kjemiske bindinger og framstilling av stoffer er ein del av Herlov Holm sin kvardag. Dette vert ein viktig del av handlinga i desse bøkene, og ein vert etterkvart meir komfortabel med ord og uttrykk og bruken av stoffene.

Men som han og jeg burde vite, holder husets eier av og til på med produksjon av en del ulovlige stoffer på laboratoriet, eller kjøkkenet sitt. Stoffer som politiet egentlig ikke burde vite noe om, stoffer som Holm lager til eget bruk. Jeg så meg rundt, ikke noe ulovlig så ut til å flyte på kjøkkenbenken i dag.

Dei to hovedkarakterene, Herlov Holm og hans assistent Jon Matson, fortset i samme gate som tidlegare. Matson som den meir klønete og uvitende, og Holm som den smarte og løysningsorienterte personen som får med seg detaljer. Denne gongen må Matson også ta seg av sin 12 år gamle nevø. Bolt, som er forkortelse for det lange navnet hans, er ein veslevoksen gut som ein berre er nødt til å like. Denne karakteren var eit friskt pust inn i universet, og eg skulle gjerne sett at han fekk større plass i romanen.

Fyrste del av boka skil seg litt ut frå resten. Her er det meir mystikk og thriller-element, og ein får assosiasjoner til effekter som er brukt frå filmverdenen for å skape uhygge. Det fungerer utmerket, og Somby har klart å mane fram ein mystikk som er godt bygget opp ved bruk av eit vesen som lusker rundt i skogen ved mørkets frembrudd.

Kjeften til skapningen åpnet seg, og en tunge stakk ut. Den slikket opp langs halsen på mannen. Den smattet. Tungen kom ut igjen og slikket videre mot det ene kinnet. Munnen fant en øreflipp, bet seg fast med et hugg og sugde på den en stund, før den slapp og glodde ned i ansiktet. En tynn, lang dråpe sikkel disset seigt fra gapet ned mot huden. Brått åpnet mannen øynene og stirret skapningen rett i fjeset. Et redselsskrik skar gjennom den mørke skogen.

Ein person vert funnen død, og ved obduksjon oppdagar ein nokre merkverdige spor på kroppen. Det vert også funne ein hanske ved stedet der personen vart funnen. Dette fører til at Jon Matson mistenker at Herlov Holm kan være involvert. Men det er sjølvsagt ein umogeleg tanke. Eller…?

Nok ein gong er sentralstimulerende stoffer viktig for handlinga, og forfatter bruker tid på skildringer rundt dette. Det vert fort ein liten stopp i framdrifta her og der, men samtidig er det viktig å skjøna kva desse stoffene gjer med ein kropp og eit menneske. Så balansegangen mellom forklaring og handling gjer til at spenningskurven går opp og ned.

Ein ulv er observert i Nordmarka, og folk er redde for å bevege seg ute etter mørkets frembrudd. Her legg forfatter innimellom inn nyhetsoppslag om ulven. Der fungerer veldig godt, og er ein fin avveksling, samtidig som det føles ekte.

Utover i boka føler eg at forfattar kjem med enkelte lange og unødvendige utgreiinger og gjentakinger. Drivet i historia, som forøvrig er meget bra, mister litt av piffen når dette oppstår.

Hun er litt tunghørt og har derfor til vane å snakke høyt, bare for å være sikker på at alle hører hva hun sier. Helt unødvendig selvsagt. Hvorfor skal hun alltid snakke høyt, bare fordi hun selv hører litt dårlig? Det er jo heller slik at alle burde snakke høyt til henne, enn omvendt, ikke sant? Med den høyden burde det også være unødvendig å snakke høyt. En kan alltid tydelig se henne på avstand før en hører henne.

Eg hadde håpa at me vart enda meir kjent med hovedkarakterene, men det er andre karakterer som har fått den største oppmerksomheta i romanen. Til gjengjeld så kjem ein godt under huda på særskilt ein karakter, og her har forfattar klart å skape eit godt og klart bilete av vedkommende.

Etterkvart som historia utvikler seg, kjem fleire og fleire personer til. Eg liker måten forfatter sakte men sikkert introduserer nye karakterer til boka. Ein vert aldri bombadert med navn og titler, då ein får ein mjuk start og skjønner tilknytninga til personene umiddelbart. På denne måten vert boka også meir lettlest og oversiktelig.

Språket er som vanleg solid, og dialogene er lette. Eg følte at denne romanen skil seg litt ut frå dei forrige ved at det er mindre humor og meir alvor i handlinga. Somby har eit relativt enkelt plott, men legg likevel ut nokre feller for lesaren. Mystikken som omkranser historia i fyrste del av boka er meget godt skildra, og vesenet er velkonstruert, men eg skulle gjerne sett at forfattar holdt lengre på den spenninga og mystikken rundt vesenet før det vart avslørt.

«Tvillingparasitten» er nok eit godt eksempel på forfattartalentet til Anders Somby. Han skriv med stødig hånd ein lett og underfundig detektivroman, som innehar humor, alvor, mystikk og nerve. Sjekk ut boka og serien viss du vil ha ein litt annerledes leseropplevelse innen krimsjangeren. Anbefales.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s