Ein sterk og usminket sjølvbiografi om alkoholmisbruk, og kampen for å komme ut av det.
- Norsk tittel: Må du drikke i dag, mamma?
- Forfattar: Nina A. Lea
- Sjanger: Sjølvbiografi, Dokumentar
- Antall sider: 224
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Forlag Nina Lea
Nina A. Lea (Født 1972) bur i Kongsvinger og utdanner seg til å verte helsesekretær. Ho debuterte som forfattar med dokumentarboka «Må du drikke i dag, mamma?» i 2021.

Jeg var en tobarnsmamma med en bra lederstilling og et godt liv. Så greide jeg ikke håndtere hverdagen lenger. Det var bare en ting som kunne få meg til å koble ut – det neste glasset!
– Det var så lett å bare ta et glass vin, kjenne skuldrene senke seg og følelsene flate ut. Jeg følte jeg fortjente det. Helt til jeg en dag nådde bunnen. Alkoholen hadde tatt over livet mitt. Jeg måtte bare finne det ut selv.
Boken du nå holder i hånden, forteller om min kamp ut av alkoholens makt og hvordan jeg reiste meg igjen. En dag av gangen.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Må du drikke i dag, mamma?».
Denne boka er ein sjølvbiografi/dokumentar, som tar for seg alkoholmisbruk og dens ringvirkninger på hovedperson og familie.
Forfattar skildrar korleis ho havna i alkoholens klør og alt det fører med seg. Ho skildrar også den vanskelege og tøffe kampen om ein dag å komme seg ut av det. Det heile starta andre året på videregående, der ho smaka alkohol for fyrste gong. Der og då skjønte ho at dette passa ho. Til å byrja med drakk ho berre i helgene i lystig lag på byen eller fest. Etter kvart tok ting overhånd med jobb, stress, overarbeiding og store forventninger. Alkohol gjorde til at ho klarte å stresse ned, og dette vert starten på misbruket.
Dette er ei dønn ærlig sjølvbiografi, der me fylgjer Nina gjennom opp og nedturer. Ho seier opp jobben, er skilt, men borna er til stades, men slik eg tolker det, tar dei samtidig litt avstand fra moren. Sjølv om omsorgen for moren er der, kan ein lese mellom linjene at dei er frustrerte, redde og oppgitt. Boka handlar egentlig ikkje så masse om borna, men om Nina og hennes kamp mot misbruket. Me får på denne måten eit godt inntrykk av korleis ein alkoholiker tenker og korleis ein kan og bør omgåes desse. For det er mange triggerpunkter for ein alkoholiker gjennom ein vanleg kvardag. Nå er sjølvsagt ikkje alle mennesker like, men det er uansett eit godt utgangspunkt å lese denne boka for å skjønne den lange veien ut av den bobla dei lever i.
Selvfølgelig tenkte jeg på Elise og Fredrik, men vi levde hvert vårt liv nå. To unge voksne under samme tak som mammaen sin. De bekymrer seg selvfølgelig. Irriterte seg. Var vel til tider både forbannet og lei. Ville ikke ta med venner hjem. Så rart! Jeg som var så kul.
Frå kapittelet En vanlig natt
Enkelte steder sleit eg litt med tidsperspektivet, om det var før eller etter ho starta vegen tilbake frå misbruket. For det er litt hopping att og fram, og dermed lurte eg litt på om ho sprakk, eller om dette var frå ein tidlegare periode.
Ho skriv om moren sin som alltid er til stede, som trufast kjører og henter ho fra klinikker, legevakt og akuttmottak. Ho er med Nina på ferieturer utenlands, og passar på ho så godt ho kan. Nå får me ingen uttalelser fra moren, då det er med Nina sine auge me ser heile historia frå, men at moren er skamfull på grunn av enkelte episoder, det er det ingen tvil om.
Forfattar imponerer med sitt språk, sin ærlighet og skildringer som sett ho sjølv i dårlig lys. Men det er slik kvardagen var, og sjølv om den kan vere brutal, er det levende og ærlige betraktninger sett frå ein alkoholikers ståsted. Tankemønsteret til ein rusmisbruker er særskilt interessant å fylgje med på, der ho meiner sjølv ho har full kontroll, der ho går på polet når ingen er heime, der ho kaster opp i stillhet for ikkje å vekke mistanke, og der ho stadig finn nye grunner for seg sjølv for å drikke.
Når jeg lå på sykehus i en slik tilstand, så har jeg som regel tenkt masse. Hva tenkte personalet om meg? Hva leste de i journalen? Hva snakket de om, seg i mellom? Allikevel, alltid hyggelige. Hjelpsomme og omsorgsfulle. Jeg følte meg så ivaretatt. Det føltes godt å gråte da. Å gi slipp…
Frå kapittelet Påminnelse
Boka har korte kapitler, og er i så måte særs lesevennlig. Ein sjølvbiografi av ein ukjent person kan høyres kjedelig ut, men her er det eit tema som er eit stort samfunnsproblem, og som alle kan få eit forhold til i løpet av livet. Det er interessant å fylgje med på forløpet til misbruket, vegen til bunnen, og ikkje minst reisa tilbake til ein normal kvardag. For som ho skriv så fint; «Selvbildet var på bunnen og skammen på topp». Denne setningen oppsummerer det meste.
Siste del av boka tar meir for seg forskning og samfunnsrelaterte opplysninger og påstander, og dermed får boka også eit fagleg innhald. Men fyrst og fremst er det ein mors kamp å få bukt med problemet, under tett oppfølging av instanser og familie.
Minutt for minutt, time for time, dag for dag. Det er min bane, mitt liv. Så er det opp til meg hvordan det blir. Hvordan dagene går. Hvilken vei jeg velger. Hvilke valg jeg tar og ikke tar. Det er opp til meg hvordan jeg har det. Jeg er den som påvirker hverdagen min mest. Det er jeg som har valget.
Frå kapittelet Alkoholisme – en sykdom
Eg er imponert over kor rakrygget forfattar fremstår med sin historie. Mange ville nok vegret seg for å skrive ei sånn bok, der ein utleverer seg totalt, og fremstår naken og ubeskyttet for innsyn. Men nettopp dette gjer at boka er så god. Ein får eit unikt bilete på ein annleis kvardag. På alle dei bevisste og ubevisste valga, på alle fristelsene som oppstår, og på alle irritasjonsmoment på folk som berre vil sitt beste. Det er ei tøff bok å lese. Ikkje berre det å fylgje Nina gjennom misbruket, men også å lese om dei som står på utsida og berre må sjå på forfallet utan å kunne gjere all verden for å stoppe det.
«Må du drikke i dag, mamma?» er ei bok for alle involverte parter der alkohol er blitt ein del av kvardagen. Den er opplysende, ærleg, og setter ting i perspektiv. Nina A. Lea skal ha all honnør for måten ho står fram med sine erfaringer frå sitt liv som misbrukar. Anbefales på det varmeste.
TERNINGKAST: 5