Diktsamling som handler om å oppdage nye sider ved seg sjølv, og respektere seg sjølv for den ein er.
- Norsk tittel: Å stå her
- Forfattar: Yngvild Hvamstad Nybø
- Sjanger: Poesi, Dikt
- Antall sider: 69
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: FRIforlag
Yngvild Hvamstad Nybø gav ut diktsamlinga «Å stå her» i 2021.

Dette er en bok som kort fortalt ble til på et sykehus i 2020. Skrivesperren min forsvant to år tidligere, og jeg begynte å skrive igjen. Mye. Det skulle et sykehusopphold til før jeg hadde mot nok til å begynne på denne boken.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Å stå her».
Dette er ei diktsamling som fyrst og fremst handlar om selvrespekt og aksept for å være den du er. Boka består av 40 dikt og nokre små historier, som smeltes sammen til ei historie.
Forfattar vart sjuk utan at legene heilt fann ut kva som feilte. Ho byrja å lytta til kroppens signaler, og at det var på tide å tenke på seg sjølv og si eiga helse. I forbindelse med dette starta ho å skrive poesi igjen, og denne boka er eit resultat av dette.
Dikta er plassert midt på sida, og gjer til at sidene vert luftige. Innimellom dikta har ho med enkelte små historier, som er vare og nære forteljingar frå sitt eiga liv. Nokre bilete er også med i boka, og er av samme format som på forsida.
Ho skriv om å elske seg sjølv, og samtidig slutte å rakke ned på seg sjølv. Mange av dikta er gjenkjennelige, der dei fleste nok har vert i ein situasjon eller hatt tanker rundt noko av det ho skriv. Når ein kan assosiere seg med teksten, vert det ekstra interessant. Det er dikt som er til ettertanke, der Nybø skildrer korleis ord kan knuse eit hjerte eller selvfølelsen og måten ein ser på seg sjølv. Ord har mykje større makt enn det ein tenker over, og Nybø er flink til å få fram dette.
Dei fleste dikta handlar om forfattar sjølv, om korleis ho har forsømt sin eiga kropp og sinn og om frykten for kva andre tenker om ho. Ho unnskylder seg overfor seg sjølv for alle ord, tankar og følelser som ho har brukt mot sin eiga kropp. Her kjem ho med mange gode poenger og betraktninger. Det er like viktig å snakke og rose seg sjølv opp og fram, som det er å komme med rosende ord til andre.
Bestemoren til forfatteren kom med følgende kloke ord; «Du må aldri unnskylde deg for den du er».
Frykten er som
Frå diktet Frykten
havet
ikke la deg
skremme
sitt stille
i båten
bare du kan
styre skuta
Ho brukar gjerne sterke og fremtredende element frå naturen, som sol og måne for å fremheve bodskap i enkelte dikt. Dette er eit trygt valg av verkemiddel, og som alle har eit forhold til.
Nybø får tilbake ilden og gleden av å oppleve ting, og ho skriv om kjærleik, om støtte og det å ha nokon å lene seg på.
Ho har eit dikt med hyllest til dei som jobbar på sjukehus, der ho takkar for omsorg og at dei ser mennesket bak sjukdommen.
Ein kan lese mellom linjene at dette er tema som ligg nært hjertet til Nybø. Det er ein lidenskap og eit engasjement som leser vert ein del av. Det handler om å møte seg sjølv og klare å være seg sjølv gjennom dei verste stormene i livet.
Når jeg ikke skammer meg
Frå diktet Her nå.
over fortid
når jeg ikke engster meg
for fremtid
da er jeg bare
akkurat her
akkurat nå
Eit og anna dikt er på engelsk, og forfattar viser med dette at ho behersker begge språk på ein poetisk strålende måte.
Det er ei gjennomført bok der det er ein raud tråd og ein plan bak diktsamlinga, og ein kan fylgja progresjonen til forfattar, frå den usikre til den trygge personen.
«Å stå her» handlar om å behandle seg sjølv med respekt, og lære å setje pris på den du er, uavhengig av kva andre måtte seie. Yngvild Hvamstad Nybø skildrer med stor lidenskap, og det vises igjen i dikta. Det er nært og sårt på ein gong. Kan anbefales på det varmeste.
TERNINGKAST: 5