Akkurat som du er av Gunn Bjørndal

Dette er ei historie inspirert av forfattars eiga sjukdom, og reisa tilbake til kvardagen. Her får me servert ei historie og mange dikt med gode bodskap.

  • Norsk tittel: Akkurat som du er
  • Forfattar: Gunn Bjørndal
  • Sjanger: Poesi
  • Antall sider: 189
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Tekst Forlag

Gunn Bjørndal gav ut diktboka «Akkurat som du er» i 2021.

Frå omslaget:
Ord er bare
ord
helt til de treffer
deg

Gunn Bjørndal

Denne boka er eit leseeksemplar frå Tekst Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Akkurat som du er».

Dette er ikkje berre ei diktsamling, det er også ei historie om å gå tilbake til barndommen, og sjå ting frå eit barns perspektiv.

Forfattar skriv i forordet at ho hadde ein travel kvardag, der døgnet aldri hadde nok timer, og ho sprang frå det eine til det andre. Brått snudde kvardagen, då ho vart sjuk. Ho klarar ikkje lenger å gå, sitte eller ligge uten at det vert uutholdelige smerter. Fra travelheten går ho inn i stillheten. Ho byrjar å lytte innover..

Etterkvart byrjar ho så smått å ta små turar som opptrening, og går tur i skog og mark. Her legg ho merke til ting ho før berre har hasta forbi. Ho tenker over at ein må miste noko, for å setje pris på ting. Med travelheten forsvinn gleden i dei små tinga. Ho byrjar å notere ned ord, og dette vert starten på ei reise som har ført til denne boka.

Bjørndal skriv om sine møter med «jenta», som ho treff på. Slik eg har tolka det, er det hennar sjølv frå barndommen, eventuelt hennar indre stemme som har vert med ho heile livet. Det vert 26 slike møter gjennom boka. Etter kvart møte med denne jenta, er det dikt som omhandler det dei har «diskutert». I starten vart eg litt forvirra, men når ein skjønar mønsteret, ser ein at dette er ei veldig godt komponert bok, med ein raud tråd gjennom heile historia.

Frå å vere heilt på botn, med store smerter og stillheten rundt seg, klarar forfattar å kjempe seg sakte, men sikkert tilbake til ein form for normal kvardag igjen. Takka vere samtalene og dei gode råda og ordene frå den lille jenta. Det handlar med andre ord om å gå inn i seg sjølv og lytte til sin indre stemme. Det er ingen tvil om at denne jenta ser ting med barnlige auge, og det er kanskje det me burde gjort. Stoppa litt opp og sett på ting frå eit barns ståsted. Hugsar du noko frå eigen barndom, der du var nysgjerrig? Kanskje kom du med eit godt råd eller ein tanke som fekk dei vaksne til å nikke gjenkjennende.. Barn kan vere veldig kloke, utan å vite det sjølv.

Hvorfor prøver voksne å gjøre så mange ting de ikke ønsker, og heller ikke mestrer, for så å ende opp med å bli skuffet over seg selv at de ikke klarer – gjennomføre?

Bjørndal tar oss med på sin reise gjennom møtene med denne jenta. På denne måten får me ei historie med framdrift og progresjon å fylgje med på, samtidig som me får varierte dikt om livet, som inneheld kloke ord og livsvisdom. Ho skriv blant anna om kor fritt og enkelt eit barnesinn er, og at fleire bør lytta til barnet i seg.

Forfattar skriv ein del om det å leve i nuet, og klare å stoppe opp og lytte til seg sjølv, og sjå dei små tinga og gledene i naturen og livet generelt. Psykisk helse er eit gjennomgående tema i boka. Ho skriv om sjølvinnsikt, korleis ein ser på seg sjølv og er sin eigen største kritiker. Ikkje sammenlign deg med andre, men prøv heller å vere den beste versjonen av deg sjølv.

av alle tanker jeg
tenker
liker jeg best
den
som aldri
forventer
jeg må klare
alt
selv

Frå diktet «jeg makter ikke»

Dei fleste dikta er fridikt, men nokre er på rim. Dikta handlar om livet, om tanker og menneskesinn. Men fyrst og fremst handlar da om å sjå på seg sjølv som noko positivt. Få opp augene for alle dei små tinga i kvardagen, i naturen, i livet, som du ellers overser. Dikta er fulle av visdomdsord, og positive tankar. Du er verdifull. Livet er verdifullt.

mange møter en
ny dag
med gamle
tanker
men, da kan nye tanker
møte et fullbooket
hode

Frå diktet «helt fullt»

Boka er godt oppsummert på slutten, og den raude tråden får eit verdig punktum. Det er ein del flotte bilete i boka, som viser symbolikken i innhaldet. Forfattar har gjort ein flott jobb med komponeringa av boka, då den er gjennomtenkt og flott regissert.

«Akkurat som du er» er i diktbok som tilbyr ein litt annleis leseopplevelse. Her får du ei historie med kloke ord og dikt om å komma seg tilbake til ein «normal» kvardag, og ikkje minst finna seg sjølv att. Eg likte måten boka er satt saman på, og trur at mange vil få glede og inspirasjon av boka.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s