Min elskedes ansikt av Jean-Louis Adorsen

Dette er ei strålende god novellesamling om romantikk og kjærleik.

  • Norsk tittel: Min elskedes ansikt
  • Forfattar: Jean-Louis Adorsen
  • Sjanger: Roman, Noveller, Kjærleik
  • Antall sider: 285
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: adorsen.no

Jean-Louis Adorsen er født i Frankrike i 1949. Flytta til Noreg i 1954. Har jobba som setter, typograf, systemkonsulent og IT-konsulent. Han byrja tidleg å skriva noveller, og fekk den fyrste på trykk allereie i 1968. I 2017 kom han ut med sin fyrste bok, «Høstmørket». Sidan har han gitt ut «Engelen Gabriel» (2019), «Cast-off» (2020) og «Min elskedes ansikt» i 2021.

Femten romantiske fortellinger av Jean-Louis Adorsen, forfatteren av spenningsromanene «Høstmørke» og «Engelen Gabriel» og krimnovellesamlingen «Cast-off». Fjorten noveller og én ukebladroman. Den eldste fortellingen er fra 1969, den nyeste ble ferdigskrevet 24. august 2021, samme dag som pocketutgaven av boka ble utgitt.
Noen er tidligere upublisert, noen er premiert og noen har vært på trykk i aviser og ukeblader.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Min elskedes ansikt».

Dette er ei novellesamling som omhandler kjærleik og romantikk. Novellene ligger på rundt 10-15 sider lange, medan éin vekebladroman er på litt over hundre sider. I hans forrige utgivelse, «Cast-off», var det krim som var tema.

Novellene strekker seg utover heile skrivekarrieren til forfattar. Frå 1969 til samme dag boka vart utgitt i august 2021. Det er tilfeldig rekkefølge på novellene. Nokre er publiserte i vekeblader frå før, medan andre aldri tidlegare har vert publisert. Felles for alle, er at dei handlar om kjærleik.
Språket er noko av det som imponerer meg mest i Adorsen sin bøker. Det er like høg kvalitet på novella frå 1969, som den han har skrevet i år.

Ingen noveller er like, og det er ingen opplagt ending på dei. Nokre er som forventa, medan andre kan ha overraskende vendingar og tvister på slutten. Forfattar skriv blant anna om nyforelskelse, hemmeleg forelskelse, sommerflørt, den fyrste store kjærleiken, utroskap og forviklingar rundt dette med kjærleiken, der ein må være to for å lykkes i eit forhold. Alle er lettleste med eit veldig godt språk.

I et øyeblikks klarsyn gitt det opp for meg at det umulig kan finnes bare én eneste rette; det finnes et utall rette – ja, nesten hvem som helst kan bli den helt rette for deg om du bare legger godviljen til og forsøker å vise respekt, og gir og tar imot nok av den kjærligheten alle trenger for å leve et lykkelig liv.

Frå vekebladromanen «Min elskedes ansikt»

Innimellom nokre noveller har han faktabokser om novellene, og «reklamerer» litt for sine tidlegare publiserte bøker. Det er interessant å lese desse faktaboksene, og få litt bakgrunn i kvifor han skreiv novella, men også om hans andre utgivelser.

Ei novelle er skrevet ferdig samme morgon som han gav ut denne boka. Denne har med dagsferske nyhende frå ei avis, som viser at den faktisk er skrevet samme dag. Dette var eit spenstig prosjekt, men det viser berre skrivegleden, og det å skape noko nytt. Mektig imponerende frå ein begavet forfattar.

Karakterene i historiene er vidt forskjellige. Nokre får ein stor sympati for, medan andre er meir av den usympatiske typen. Eg synes det er gledeleg å sjå at forfattar har brukt heile spekteret innanfor kjærleik. Begge ytterpunkt, og alt mellom desse ytterpunkta er med i denne samlinga. Det skaper ein stor variasjon, og dermed får me eit heilt nytt innhald i kvar novelle.

«Min elskedes ansikt» er nok ei imponerende novellesamling frå forfattar Jean-Louis Adorsen. Er du glad i noveller, så anbefaler eg å sjekke ut denne forfattaren. Det er noveller på eit høgt nivå.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar