En hverdag, to sider av Kristine Buettner

Ei diktsamling som treff breidt med sitt kvardagslege innhald, og som treff midt i hjerterota med sine ord.

  • Norsk tittel: En hverdag, to sider
  • Forfattar: Kristine Buettner
  • Sjanger: Poesi
  • Antall sider: 136
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Tekst Forlag

Kristine Buettner gav ut diktsamlinga «En hverdag, to sider» i 2021.

Denne diktsamlingen tar deg med på en følelsesladet reise gjennom livet. Den viser hvordan hverdagen kan bestå av alt fra uforglemmelige øyeblikk, til mer hverdagslige temaer og mørke dager. Boken treffer bredt med sin tematikk og er innom temaer som småbarnslivet, kjærlighet, sorg og personlig krise.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Tekst Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «En hverdag, to sider».

Diktsamlinga består av 94 dikt, og handler om kvardagsøyeblikk på godt og vondt. Forfattar skriv i forordet; «Tittelen «En hverdag, to sider» viser at ingen er kun det man ser.», og det gjenspeiles i dikta.

Boka er delt inn i tre deler: De gode dagene, De dårlige dagene og Alle de andre dagene. Dikta har ingen overskrifter, men alle dikt startar med eit hjertesymbol, slik at det er oversikteleg og stilreint. Eg synes kanskje at skrifta var litt liten, då tenker eg fyrst og fremst på dei som kanskje slit litt med synet. Det var også vanskeleg å lesa uten ei god lyskjelde i nærleiken.

I nokre av dei fyrste dikta vart eg dratt tilbake til barndommens dagar, med lange sommerkvelder, brisen som vaier i gardinene, og leiting etter krabber i stranda. Og ein får enkelte slike flashback ved å lese denne samlinga, for det er kvardagsleg, og folk vil på ein eller anna måte få minner frå noko ein sjølv har opplevd.

Enkelte dikt er på rim, ellers er det stort sett fri-dikt. Lengda på dikta varierer frå to linjer, til fleire sider. Språket er silkemykt og lett forståelig, då det knapt finnes dikt med dobbelttydinger eller som er svevende. Buettner har gode formuleringer i dikta sine, og dei virker veldig godt gjennomtenkte. Det er ei meining bak kvart dikt, og ho har lagt sjela si i dei.

Som voksen
vet jeg
at all julemagien
jeg følte som liten
i virkeligheten
var foreldre
som elsket meg
så usannsynlig høyt

Temaene er mange. Her finn ein blant anna dikt om småbarnsliv, psyken, kjærleik og kjærleikssorg, død, sakn, sorg og masken folk tar på seg. Og nettopp dette med masken er som ei raud tråd gjennom heile diktsamlinga. Sjølv om folk smiler, så kan dei gråte på innsida. Sjølv om folk helsar høfleg og seier hei, kan dei ha ein gnagende angst som veks som ein verkebyll. Dette synes eg forfattar får fram på meisterleg vis gjennom dikta.

Det er ein del sorgfulle og triste dikt, som blant anna om tapet av ein kjær person. Her kan ein formelig lesa mellom linjene at det å setja ord på dette har vert ein terapi for forfattar midt oppi all sorg. Denne delen viser kor dyktig Buettner er med ord og formuleringer. Det er rørende lesing, og vil garantert sette følelser i sving hos leseren.

Jeg tenker på tida du skulle fått
på alle åra som skulle ha gått
både hverdager og fest
med de du elsket mest
sommer, høst, vinter, vår
du skulle fått måneder
du skulle fått år

den tiden du kjempet
så var kampen tung
dessverre så tapte du
så altfor ung

Utdrag frå eit dikt

Ho skriv også om kroppspress, slenger eit sleivspark og to til personer som kun tenker på seg sjølv i korona-tiden, og ikkje minst om tida som løper frå oss, og kor viktig det er å leve i nuet. Ein veit aldri kva morgondagen bringer, eller kven som er med oss videre i livet. Det er óg dikt om at alle kan gjera ein forskjell i folks kvardag, og at alle er viktige.

«En hverdag, to sider» er ei gjennomtenkt og veldig godt utført diktsamling. Den treff breidt, og den treff deg til tider midt i hjerterota med sitt sorgfulle innhald og vakre skildringer. Ta ein pause frå kvardagen, les diktsamlinga, og la orda frå dikta synke inn. Du vil ikkje angre. Denne boka kan eg anbefale på det varmeste.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s