Abnormium av Ida Kinden Jonassen

«Abnormium» drar deg inn i eit univers der enkelte personer har spesielle og unike evner. Dette er ein spennende fantasy-roman for ungdom.

  • Norsk tittel: Abnormium
  • Forfattar: Ida Kinden Jonassen
  • Sjanger: Roman, Fantasy, Ungdom
  • Antall sider: 226
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Kindex Forlag

Ida Kinden Jonassen er utdanna lektor, og underviser i norsk og engelsk, og har master i pedagogikk. Ho valgte å starta Kindex Forlag for å kunne gje ut nynorsk og bokmål i ei og samme bok. Ho debuterte med barneboka «Brune Auge» i 2016. I 2021 gav ho ut ungdomsromanen «Abnormium».

So lenge Athea kunne hugsa, hadde ho vorte innelåst kvar kveld. Ho måtte beskyttast mot eit eller anna der ute. Athea hadde alltid tenkt at mora berre var sjuk. So kom marerittet, dei søvnlause nettene, lyden frå kjellaren og ikkje minst Abnormium. Du vel sjølv om du vil lesa på nynorsk eller bokmål. Begge versjonane er å finna i ei og same bok.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Kindex Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Abnormium».

«Abnormium» er ein ungdomsroman med fantasy-element som omhandler abnorme mennesker på ein kostskole. Ikkje la deg lure av ein litt «tung» tittel, for det er ein drivende god historie Jonassen serverer.

Det er fyrste gong eg har sett at ei bok har både bokmål og nynorsk versjon av teksten i éi og samme bok. Dette er eit strålande tiltak, og vil nå ut til eit større marked.

Me blir kjent med Athea. Ho må gå gjennom sju dører kvar kveld på vei til soverommet sitt, der ho vert innelåst, då mørke krefter lurer i mørket. Athea tar aldri vener eller kjæreste med seg heim, då ho meiner mora er sjuk. Så byrjar det å skje ting, og mora velger å sende Athea på ein kostskole, nærare bestemt til Abnormium. Her vert ho kjent med abnorme mennesker. I dette tilfellet har dei spesielle og individuelle evner og kan forvandle seg til dei rareste ting. Dette er starten på ei spanande og mystisk reise inn i abnormenes verden.

Det er på mange måter ein fantasy, men samtidig er det også ein roman. Fantasy i form av at enkelte personer har spesielle evner og vesener som dukker opp, men ellers er det ein roman med følelser, svik, kjærleik og spaning. Ein finn óg nokre morosamme observasjoner og kommentarer her og der i romanen.

Eg synes starten var forvirrende. Eg skjønte ikkje relasjoner, bakgrunn eller kva som eigentleg skjedde. Dermed såg eg for meg at dette kunne bli ei lang og tung lesestund. Etterkvart skjøna eg at alt heng saman. Alle ting har ein årsak, og forfattar koplar saman dette ned til minste detalj utover i romanen. Når boka var ferdiglest, fekk eg lyst til å lesa den ein gong til, for å få eit enda betre bilete av handlinga og særskilt starten på romanen.

Hovedkarakterene er Athea og Mikkel. Ut frå teksten å dømme, er dei i tenåra. Dei vert kjent med kvarandre ved å gå på samme kostskole ein stad i Noreg, der Mikkel vert fadder for Athea. Forfattar har ikkje brukt all verden av tid på å skape karakterer me vert godt kjent med. Som lesar skulle eg gjerne ha kommet meir under huda på dei, men samtidig så er dette ein ungdomsroman, og dermed kjem nok oppbygging av spenning og mystikk i fyrste rekke, noko som er forståelig.

Ho snudde seg mot lyden og sette auga i eit underleg vesen. To store, grøne auge som sat midt i eit smalt, svart andlet, stira på ho. Det var ein slags panterliknande skapning. Eit beist som flekka skarpe tenner og pressa seg veg mellom trea. Nærare og nærare. Smidig og leikande. Ei knurring som lett kunne forvekslast med latter, trilla ut av munnen på det.

Humøret til enkelte karakterer skifter fort i boka. Frå djup sorg og sinne, til smil og latter. Det er med andre ord ein berg og dalbane i følelsesregisteret til enkelte av karakterene. Av og til kan det kanskje bli litt i overkant av svingninger, sjølv om dei går gjennom ein skremmende fase i livet.

Språket er flytende og enkelt. Ordet «abnormium» er nok det vanskeligste ordet i romanen, men kan vere nok til at enkelte vert litt skremt av tittelen. Det er det ingen grunn til. Kapitla er relativt korte og fullt overkommelige for ungdom. Etter ein litt forvirrende start og veldig mange spørsmål, kjem Jonassen med stadig nye opplysningar og byggjer lag på lag, og når romanen er slutt, sit ein att med ein verkeleg god følelse.

Det som i utgangspunktet kan virke som merkverdige og snodige evner blant personene, er nøye gjennomtenkt, og som passar strålande inn i romanen. Jonassen har gjort eit veldig godt arbeid med plottet og storyen, og den kan fint leses av vaksne óg.

Ein sit med fleire spørsmål undervegs. Som f.eks kva som feiler mora til Athea. Vil ho det beste for si eiga dotter, eller er ho tvers gjennom ond? Fleire bærer på mørke og overraskende hemmeligheter, og ein får stadig vekk wow-faktor i avsløringer. Det er med andre ord ein drivende god og spennende fantasyroman Ida Kinden Jonassen har skrevet.

«Abnormium» er ein velskrevet roman for ungdom ispedd fantasy-elementer. Med sine mange overraskelsesmoment, spesielle evner og mystikk, men samtidig den jordnære og menneskelige framtoninga i teksten, gjer til at dette vart ei hyggeleg leseopplevelse. Anbefales.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s