Sterk roman frå livet for rundt hundre år sidan, med fokus på kjærleik, barnløyse, utruskap, gårdslivet og framtidsdraumar.
- Norsk tittel: Barnet i veven
- Forfattar: Emma Manin
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 282
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: Kolofon Forlag
Emma Manin (Født 1955) er utdanna sjukepleiar og cand.san. Ho debuterte som forfattar i 2020, med romanen «Barnet i veven».

«Barnet i veven» er ein gripande og kraftfull roman om framtidsdraumar og kunstnarkall. Forteljinga plasserast i ein rik vev av historiske detaljar, der svik, sinne, skuld, sorg og skam er kjensler som driv forteljinga framover.
To kvinner, Astri og Gunhild, får sine liv vevd tettare saman enn dei ynskjer. Tråden som bind dei er Hallvard. Han er gift med Gunhild, men gløymer aldri ungdomskjærasten sin, Astri.
Denne tråden utviklar seg i romanen, gjennom kjærleik, barnløyse, utruskap, fødsel og forsoning. «Barnet i veven» er ein roman om forventningar og ynskje om å lukkast, enten det er som kunstnar, eller som odelsfolk som skal føre garden vidare.
«Barnet i veven» viser korleis barnløyse for 100 år sidan måtte finne andre løysingar enn dagens eggdonasjon og surrogati.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Barnet i veven».
Dette er ein nynorsk-roman som foregår i ei vestlandsbygd for rundt hundre år sidan.
Romanen handlar fyrst og fremst om livet på Hans-gården. Gunhild giftar seg med Hallvard, og Gunhild flyttar inn på gården, der svigerforeldra driv med jernhånd. Særskilt er det svigermor, Brita, som er den mest markante og bestemte personen på gården. Det blir ein del småklinsjer når Gunhild kjem til gards, for ho er óg ein sterk person, som veit kva ho vil. Maktbalansen vert sett på ein prøve, noko som er ein spanande historie i historien, særskilt når det er ein naturleg progresjon.
I starten er alt fryd og gammen på Hans-gården i Husabø-grenda. Men ein kan lesa mellom linjene at det brygger opp til noko. Det vert kjærleik, utroskap, framtidsdraumar, skam og barnløyse som opptar det meste av romanen. Alle forventer at eit barn skal fødes og slekta skal videreføres. Men kva skjer når dette uteblir? I ei lita bygd der snakket og ryktene går, kan det fort verte ubehagelig å gå ute blant folk. Rundt om på gårdene fødes det unger i hopetall, og smerta vert ekstra stor når enkelte seier at dei har for mange born, og likevel har fleire på vei, medan andre ikkje får nokon. Dette vert eit sårt tema i boka.
Me fylgjer det kvardagslege gårdslivet i ei bygd på Vestlandet. Fyrste verdskrig er over, ringvirkningene av denne byrjar å slå inn over Noreg. Det samme gjer sjukdommene.
Forfattar skildrer eit klasseskille som var vanleg på den tida, med tjenestepiker og ei bygd med store økonomiske skilnader og status. Manin er dyktig til å gjere bygda levende, og ein ser for seg livet på denne tida.
Det fyrste som som slo meg medan eg las, var språket i dialogene. Ein vert dratt tilbake i tid med enkle ord og setningsoppbygging. Eit flott verkemiddel, som ein legg merke til.
Enkelte skildringer kan bli fór detaljerte, og eg mista litt interessa når det vart ei oppramsing av omgivnadene rundt. Det er óg ein god del om veving og fargespel i naturen i fyrste del av boka. Dette er eit viktig punkt i historien, men her kunne det kanskje vert korta litt ned på skildringene, og heller fokusert meir på sjølve historia.
Han hadde linskjorte med kvitsaum, med ein sølvknapp med anheng som lukka skjorta og pynta samstundes i halsen. Vesten var i raudt ullstoff, dobbeltkneppa, med smale svarte kantar av band i mange fargar, og knappar opp frå kneet. Han hadde kvite ullsokkar til. Den kvite jakka i tjukt vadmål, med same smale svarte fløyelskantane som på vesten, var markert på skuldrene, det gjorde Hallvard breiare enn han i røynda var. Jakka hadde ikkje knappar, ho var innsydd i ryggen, og stod på kroppen til Hallvard av seg sjølv.
Det er ikkje så mange personer å holde kontroll på, så det er eit oversiktlig persongalleri. Eg synes Manin treff godt med motsetninger og måten ho skildrer enkelte personer på. Tjenestepiken Anna er eit godt eksempel på dette. Ho sit der med store auge og hever augebryna når ho seier noko viktig. Men meir får me nesten ikkje vete om ho, enkelt og greit fordi at slik var det på den tida. Forfattar trekk fram nettopp dette, med å skrive at gårdsfolket ikkje visste noko om ho, og ikkje spurde dei heller. Slike små ting gjev denne romanen eit riktig tidsperspektiv og realisme.
Dødeligheten på denne tida var relativt stor, og me får eit innblikk i sorga og hjelpeløsheten rundt dette. Her er Manin ein god formidler, og måler eit sorgfullt bilete frå ei røff tid. Ho speler på dei forskjellige personlighetene i boka, og kor forskjellig dei sørger. Likevel levner det ingen tvil om at dei er i djup sorg over eit tapt liv.
Gunhild kjende ei djupare smerte enn ho trudde kunne råke eit menneske innvendig, i hjartet og hovudet samstundes. Ho ville bort frå den verklegheita ho var i.
Det handlar om å bli respektert, om å lykkes under dei forventningene ein blir satt under, og dei forutsetningene ein har i livet. Det vert med andre ord mange tunge stunder, der mørke tanker overtar kvardagen. Men det handlar like masse om å stå rakrygget når det stormer som mest. Det som eg synes var interessant var å sjå kven som faktisk klarte å stå av stormen, og korleis det heile endar. For sjølv om det på førehand blir lagt enkelte føringer for kva som vil skje, er slutten heilt open, der egentleg alt kan hende. Dette fører til at sidene flyr unna, og ein berre må lese videre. Dette var eit klokt valg av Manin, og gjer at drivet i romanen er til stades til aller siste setning er ferdiglest.
Språket er godt, det er relativt korte kapitler, og med dialoger som passar til tidsperioden, er den ei lesevennlig bok. Enkelte skrivefeil her og der, men absolutt godkjent for ei bok som er sjølvpublisert. Eg synes forfattar Emma Manin har skrevet ein god debutroman, og håpar det kjem fleire bøker frå den kanten.
«Barnet i veven» er velskrevet, og er ei bok eg kan anbefale videre til alle som er glad i ein innhaldsrik roman, med eit godt driv frå fyrste side av.
TERNINGKAST: 5-