Nedtelling av Tina Frennstedt

Tess må lede Cold Case-gruppa i ei vanskeleg drapssak 15 år bak i tid. Dette er krim som er basert på verkelege hendingar. «Nedtelling» er bok nr. 2 i Cold Case-serien.

  • Norsk tittel: Nedtelling
  • Original tittel: Cold case: Väg 9
  • Forfattar: Tina Frennstedt
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 487
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Tina Frennstedt (Født 1969) er ein av Sveriges fremste kriminalreportere. Ho har jobba for fleire aviser, og med TV-produksjoner, der ho har spesialisert seg på uoppklarte forbrytelser. Frennstedt gav ut «Forsvunnet» i 2020, som er den fyrste boka i serien om Cold Case-gruppa med Tess Hjalmarsson som leder. Bok nr 2 er «Nedtelling», og kom ut i 2021.

En kontroversiell kvinnelig kunstner blir funnet drept ved Stenshuvud fyr. I tilknytning til liket oppdager man en type leirjord som viser seg å være identisk med den man fant på et drapssted utenfor Ystad for 15 år siden, da en ung musiker ble funnet død.
Når kriminalinspektør Tess Hjalmarsson sammen med kollegaen Marie Erling, undersøker saken, finner de ingen åpenbare koblinger mellom ofrene. Men nyheten igangsetter en kjede av dramatiske hendelser på Österlen.
Samtidig begynner en tobarnsmor å mistenke at ektemannen hennes ikke er den hun trodde han var.
Nedtelling er andre bok i Frennstedts bestselgende Cold Case-serie. Serien er inspirert av virkelige hendelser som har utspilt seg i Malmø og på Österlen.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Nedtelling».

Dette er den andre boka i Cold Case-serien til Frennstedt. Serien er inspirert av verkelege hendingar som har utspelt seg i Malmø-området. «Nedtelling» er mitt fyrste møte med serien og forfattar, og eg kan seie at boka fint kan leses frittståande. Men enkelte steder henvises det nok til tidlegare hendingar, så det er nok ingen ulempe å lese «Forsvunnet» fyrst.

I og med at me fylgjer eit etterforskningsteam som skal prøve å løyse ei gammel sak, så er ikkje dette ein krimroman som er fylt med action og stort forbruk av voldelege samanstøyt. Her går det meir roleg for seg, der små nyanser i avhør kan vere nok til å løyse ei vanskeleg sak.

Tess, som er leder for Cold Case-gruppa, får i oppgåve å prøva å løysa ei sak som skjedde 15 år bak i tid, nærare bestemt rundt Ystad i 2004. Denne saken blir trekt fram då ein kunstner vert funnen drept med eit spesiell type leirjord, som ein også fant på drapsstedet 15 år tidlegare. Gruppa består hovedsakleg av kun to personer, nemleg Tess, og kriminaletterforsker Marie Erling. Grunna omstrukturering og andre pågående saker, vert gruppa ribba for personer. Når dei i tillegg har fått beskjed om at gruppa muligens vert avvikla, må dei óg konsentrera seg om eit tidspress, i tillegg til å finna nye spor i saken.

Som i mange krimbøker, er det omorganiseringer og interne konflikter også i denne krimromanen, men heldigvis vert det tonet ned utover i boka. Fyrst og fremst er det avhøyr, etterforsking, analyser av prøver og profilering av gjerningsperson som er i fokus. Det vert ein god del ord mot ord, og påstand mot påstand. Kven har reint mjøl i posen, og kven er lystløgner? Det er realistisk og eit meget godt plott med rot i sanninga.

Hovedkarakteren er den 42 år gamle Tess Hjalmarsson. Forfattar har dratt meg som leser inn i denne karakterens personlege sfære, i tillegg til jobblivet. Eg føler verkeleg at eg har lært Tess å kjenne. Ei kvinne som er lesbisk, og som har eit stort ynskje om å få barn. Ho har dermed blitt inseminert i Danmark, og me fylgjer utviklinga; Er ho gravid, eller var det eit mislykka forsøk? Me vert også dratt inn i kjærleikslivet hennes, og familieproblem. Ho jobbar hardt, er pliktoppfyllende, og har stor omsorg for dei etterlatte. Marie Erling er litt motsatt, men sammen utfyller dei kvarandre godt. Det er med andre ord gode og spennende karakterer, som også gjer til at det vert interessant å fylgja dei videre i serien.

Miljøskildringene er eit solid stykke arbeid. Enkelte scener er meget godt skildra, og ein kan formelig kjenna frykten til personene som er involvert.

Hun fortsatte treningsrunden. Snart hørte hun bilen enda nærmere. Hun kikket litt bakover og så at den kjørte like bak henne. Den var så nær at hun nesten kunne føle varmen fra lyktene mot beina. Hun stoppet, gikk litt fremover og skygget med hånden for øynene. Bøyde seg ned for å prøve å kikke inn på førerplassen. En skarp stråle fra en lommelykt traff ansiktet hennes, og hun skvatt bakover. Bilen satte i gang, bråsvingte forbi henne og forsvant av gårde.

Fyrste del av boka synes eg var litt kjedelig. Den traff meg enkelt og greit ikkje slik eg hadde håpet på. Men når ting byrjar å skje, og etterforskinga kjem i gang for fullt, så vert boka god. Verkeleg god.

Parallelt med etterforskinga, fylgjer me også ein mann og ei kone med barn, som er ein spennende og interessant bi-historie. Den er såpass på sidelinja at eg lurte på om den hadde noko med sluttproduktet å gjere i det heile. Svaret… Da finn du ut av sjølv.

Det ligg ein skikkelig dose med research bak denne boka. Den oser kvalitet, og ingenting er overlatt til tilfeldigheter. Frennstedt er ein drivende god historieforteller, som absolutt har gjort seg fortjent til å utgi boka utenfor dei svenske grensene.

«Nedtelling» er ein krimroman som er godt balansert mellom jobb, privatliv og spennende bi-historier. Den er litt som eit godt gammeldags kinder-egg. I ein krimroman der ein etterforsker ei sak som har skjedd for lenge sida, kan det vere litt vanskeleg å holde spenning og tempo oppe. Dette synes eg Tina Frennstedt har klart på ein veldig god måte, særskilt med å involvere leserene inn i privatlivet til både Tess og Marie. Då har ho fleire strenger å spele på, noko ho gjer til fulle.

Etter ein litt trå start på boka, vart dette ei bok eg ikkje kunne legge frå meg. Det er allereie planlagt fleire bøker i Cold Case-serien, så her er det berre å glede seg til fortsettelsen. Ei bok eg varmt kan anbefale til alle krimelskere der ute.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s