Et hjerte for to av Anders Somby

Herlov Holm må igjen bruke sine små grå, når han skal løyse nye saker med sin makker, Dr Jon Matson i denne detektivromanen.

  • Norsk tittel: Et hjerte for to
  • Forfattar: Anders Somby
  • Sjanger: Detektiv, Mysterie
  • Antall sider: 292
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Anders Somby

Anders Somby bur i Oslo. Han har tatt hovedfag musikk på Universitetet i Oslo, og har komponert musikk opp gjennom åra. I 2020 kom han ut med sin fyrste roman på eige forlag. «Chagall stjålet» er den fyrste boka i serien om spesialetterforskar Herlov Holm. Oppfylgjaren «Et hjerte for to» vart utgitt i 2021.

Ei religiøs syster er forsvunnet fra Bertillahjemmet i Oslo. I løpet av etterforskninga kjem Herlov Holm over eit mistenkeleg dødsfall på ein biokjemiker.
Eit hjarte har blitt transplantert i en ny kropp. Vil det slå like trufast for sin nye eiger? I mellomtida vil Jon Matsons hjarte byrja å slå for Holms nye assistent, Silje.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Et hjerte for to».

Boka har planlagt utgivelse 2. august 2021. Den kan forhåndsbestilles her.

Dette er bok nr to om spesialetterforskar Herlov Holm, og hans assistent Jon Matson. Eg vil anbefala å lesa bøkene kronologisk, då noko av handlinga går tilbake til «Chagall stjålet». Sjangeren er satt til detektiv og mysterie. Da skal også legges til at da er ei bok som til tidar er skrevet med humor og parodierer enkelte ting.

I denne detektivromanen tar forfattar oss med inn i den medisinske terminologien. Christian Solheim er eit kjemisk geni, og har utvikla eit stoff som kan overføra signaler frå hjernen til hjertet. Peter Dieter jobber på nevrologisk avdeling, og har samarbeida med Christian i tidlegare prosjekt. Når ein ung donorperson døyr, tar Dieter å sprøyter inn dette ASSS-stoffet før hjertet vert transplantert, sjølvsagt i forskningens teikn. Kva vil skje med resipienten som skal overta dette hjertet?

Det er ein god del medisinske uttrykk og navn rundt stoffer, medisinbruk og kroppsdeler i starten av romanen. Forfattar viser fagleg kompetanse, men for ein litt mindre lærd leser som meg, vart det litt kjedeleg, sjølv om da er godt forklart.

Som vanleg er jeg-personen doktor Jon Matson. Saman med hans gode ven, Herlov Holm, får dei snart eit oppdrag når to nonner melder ein postulant sakna frå Bertillahjemmet i Oslo. Saken skal visa seg å krysse andre saker, og dei får henda fulle.

Plottet er ikkje særlig djupt, og ein skjønner tidleg kva vei det går. Men eg vil likevel rose forfattar for det geniale plottet. Da er godt kommet på, og da er spanande og artigt. Med tanke på at da er ein god dose humor i Somby sine bøker, synes eg dette plottet var spot on.

Somby har mange morosame betrakninger som treff spikeren på hovudet. Som f.eks når to nonner dukker opp på døra til Herlov Holm. Matson opner døra, og når han ser dei to skikkelsene stå framfor seg, er hans fyrste tanke å sjå etter om flaska med Jägermeister framleis står på ei hylle. Slike betrakningar gjev boka sitt eige særpreg, og den er skrevet i ein lett tone.

Ein annen artig bi-historie er den nye assistenten til Holm. Ei ung og vakker dame, som Matson sjølvsagt faller pladask for. Dermed oppstår da ein del pinlege forviklingar, som ein berre må smila av.

««Å!» Jeg smilte fortsatt, men det stivnet som marengs. Øyeeplene mine føltes som om de løsnet fra sine faste plasser og rullet rundt i tomme øyehuler. Hun så selvfølgelig ikke at øynene mine rullet, men jeg tror jeg i hvert fall hevet øyenbrynene en smule. Jeg anstrengte meg for å holde maska.»

Alt er ikkje like realistisk, men når ein les ei bok ispedd med humor, så må ein berre ta det som det kommer. Her kjem f.eks leger med uttalelser om sjukdomsforløp på folk til framande personar… Etikk er med andre ord ikkje-eksisterande i romanen.

Sjølv om masse er skrevet med eit glimt i auge, er forfattar óg inne på meir alvorlege temaer. Han skriv blant anna om narkotiske stoffer, og ringverknader av dette. Kva det gjer med ein person over tid, og kva følger dette får for vedkommande, men óg personar rundt. Eit viktig bodskap, og viser at forfattar kan sjonglere mellom spøk og alvor på ein fin måte.

Parallelt med at me fylgjer Holm og Matson, fylgjer me og andre personar. Som f.eks ein person som er livredd for skygger. Da kan høyres merkverdig og litt tåpelig ut, men da har faktisk ei god forklaring.

Sjalusi, kameratskap, medisiner, forskningsprosjekt, narkotika, svik, humor, god gamaldags detektivetterforskning og eit variert univers er nokre av temaene i «Et hjerte for to».

Eg byrjar å like dei to hovedkarakterene betre og betre. Da er avslappande og befriende å lese om desse to. Ein lettere naiv Matson som stiller mange spørsmål, og ein Holm som er klokskapen sjølv. Ein god parodiering på Sherlock Holmes og Dr. Watson med andre ord.

Språket er godt, og dialogene er lette. Ein god del medisinske uttrykk trakk litt ned for min del, men kan ha motsatt effekt for andre. Dette øydelegg på ingen måte for hovedinnhaldet og inntrykket av historia og det artige og gode plottet. Heilhetsmessig er dette eit knepp opp frå forrige bok, og forfattar er verkeleg på rett vei med sine to herlege karakterer.

Likar du detektivbøker? Liker du litt humor ispedd alvor? Då kan eg anbefale bøkene om Jon Matson og Herlov Holm av Anders Somby. Ein sjanger som treng litt laussluppent innhald mellom alle dei alvorlege krimbøkene.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s