Stormark har skrevet ei diktsamling om fullmånens verknad på oss. Gjennom dikta får me sjå den positive energien som ligg til grunn rundt ein fullmåne.
- Norsk tittel: I lyset av fullmånen
- Forfattar: Elisabeth Naustdal Stormark
- Sjanger: Poesi & Lyrikk
- Antall sider: 93
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Tekst Forlag
Elisabeth Naustdal Stormark (Født 1963) bur på Sotra utanfor Bergen. Ho kom ut med bøkene «Sjelebilde», « Poesi fra sjelen» og «Poesi om havet» i 2020. Ho gav óg ut «Kunstens virkning på oss» og «I lyset av fullmånen» i 2021. Ho har tidlegare arbeida som medisinsk sektretær, og driv no med maling, skriving, musikk og healing. Ho driv Galleri Stormark Everything in Nature.

I forordet står det blant anna: «I denne boken fullmånens virkning på oss, har jeg samlet bilder av månen og ord som har kommet til meg i øyeblikket. De har alle et hint av kjærlighet, visdom, mystikk og magi i seg.
Håper du kjære leser og vil finne refleksjonene og poesien min og bildene av fullmånen spennende og interessant. Jeg blir glad dersom ordene og bildene mine også rører ved noe i ditt hjerte.»
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «I lyset av fullmånen».
Stormark er ei produktiv dame. Denne diktsamlinga er allereie hennes andre bokutgivelse i 2021. Frå før har ho gitt ut «Kunstens virkning på oss» dette året.
Diktsamlinga «I lyset av fullmånen» inneheld rundt 40 dikt. Da er overskrift ved kvart dikt, og da er mange flotte bilete av fullmåner som viser kor majestetisk den kan vera.
Ein kjenn umiddelbart att eigenarten og språket i dikta til forfattar, så ingenting er nytt der. Da som eg derimot beit meg merke i, er at i denne diktsamlinga er det langt fleire dikt på rim enn tidlegare. Oppsetta på dikta varierer óg meir.
«Jeg
rommer
hele meg.
Månen
rommer
hele seg.
Begge
er
vi
hel
innimellom.
Sammen
streber
vi
etter
å
holde
balansen
i
oss
selv.»
Denne diktsamlinga er meir eller mindre kun basert på positive dikt. Ho skriv om glede, kjærleik, endringar til da betre, fornying og positiv energi. Dette er med andre ord ei diktbok der Stormark sprudlar av energi og positivitet.
Da er noko mystisk og magisk ved ein fullmåne. Eit naturelement som har fascinert menneske i årtusener, og no har Stormark skrevet ei diktsamling rundt denne vakre store månen me kan kikka opp på. Ho skriv om at fullmånen varslar om byrjing og slutt, og starten på noko nytt. Her kjem ho med mange fine betraktningar som óg er tankefulle.
Nokre av dikta «går igjen» i form av at bodskapa er dei same, sjølv om teksten er forskjellig. Her kunne Stormark kanskje ha variert litt i innholdet, slik at ein ikkje fekk denne gjentakinga.
Forfattar har eit godt metaforisk språk, som f.eks at av og til «treng eit menneske mørket for å skinne». Mange av dikta kan tolkes på fleire måtar, og dermed skapar ho forskjellige bodskap i eit og same dikt. Dette er ein kunst som nok er enkelt å lære, men vanskeleg å beherske.
Fleire av dikta går på energier på det åndelege plan. Energier er eit viktig element for høgsensitive personar, og ifølge forfattar skjer da noko i kroppen rundt tida med fullmåne. Gamal og oppbrukt energi vert bytta ut med ny energi, noko óg dikta gjenspeiler.
Lesarar av denne boka vil kanskje få eit nytt syn, symbolsk sett, av fullmånen etter å ha lest dikta. Da er filosofisk, men samtidig skrevet med intuisjon og som inspirasjon.
Dette var ei flott reise inn i Elisabeth Naustdal Stormark sine betraktningar rundt kva som skjer ved fullmåne, metaforisk, men óg fysisk, psykisk og symbolsk. Ei diktbok som kan anbefales.
TERNINGKAST: 5-