Skyggebarn av Eli Therese Gran

Denne boka handlar om jakta på eiga identitet når ein vert adoptert. Kva skjer med eit menneske når grunnlaget for identiteten vert brått tatt frå deg som barn? Dette er historia til Eli Therese Gran som vart adoptert frå Sør-Korea i 1969.

  • Norsk tittel: Skyggebarn
  • Forfattar: Eli Therese Gran
  • Sjanger: Dokumentar/Sakprosa
  • Antall sider: 171
  • Utgivelsesår: 2019
  • Utgiver: Eli Therese Gran

Eli Therese Gran (Født 1968) er opprinneleg frå Sør-Korea, men har budd i Noreg i over 50 år. Ho er gift og har to voksne barn. «Skyggebarn» er hennes debutbok. Notater er blitt skrevet på i mange år, men fyrst i 2019 vart det til ei bok.

Eli Therese Gran vart bortplassert på ei trapp utanfor ein barneheim i Sør-Korea i 1968. Ho vart adoptert til Noreg året etter. Då ho landa i Noreg var ho norsk og ingenting anna. Eli Therese fekk stadig høyre om kor heldig ho var som var kommen til eit slikt land. I denne boka fortel ho om sitt liv som adoptivbarn, om tøff oppvekst og om ringveknadane av å ha mista sin identitet frå fødsel av. Dette er den sanne og utilslørte forteljinga om adoptivbarnet Eli Therese Gran.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Skyggebarn».

I «Skyggebarn» møter me forfattar Eli Therese Gran. Ho fortel si historie om da å vera eit adoptivbarn. Ho kjem til ein familie med ei dotter og ein adoptert gut frå før, som er velståande og lykkeleg. Hvertfall på overflata. Men sanninga er at adoptivmora angrar tidleg på at dei har adoptert dei to. Streng disiplin i heimen med avstraffelsar i form av ris, bli fråtatt måltid og husarrest var vanleg for småting. Tilhørigheta forsvinn som dugg for sola, og savnet etter ei kjærlig mor blir ekstra stort. Forlatt av biologisk mor og gitt opp av adoptivmor, begir ho seg ut i eit liv i kaos. Med polioskada bein vart det mange sjukehusopphald, operasjoner og bruk av krykker. I tida på sjukehus var adoptivforeldra sjeldan på besøk, men ho fant ein tilhørighet med dei andre pasientane på rommet. Det vart slik at Eli Therese ikkje ville reisa heim att når ho vart utskreven. Ho var allereie då ein «belastning» for foreldra. Oppveksten vert tøff, og identiteten som renn uforløst rundt i kroppen hennar, blir ein større og større verkebyll etterkvart som ho blir eldre. I ein alder av 8 år kjenn ho på ein melankolsk stemning som er inni ho, og som ho ikkje kan setja ord på. Byrja å leva eit utsvevande liv i slutten av ungdomsåra med sjekkhefte og kreditt, noko som førte til eit enormt overforbruk. Forfattaren beskriv om mange feilslåtte forhold, der alkohol og vold var ein del av kvardagen, om abort, terapi, krisesenter og barnevern.

«Jeg var som et nytt design som ikke passet inn hos dem jeg kom til, så de omformet meg til den de kunne gjenkjenne – og så ikke hvor mye de samtidig formet skallet som skjulte det som var ment å bli meg.»

I boka er det beskrevet ein god del om identitet. Identitet formes frå det øyeblikket eit liv dannes og gjennom oppvekst, nedarvede gener og miljø. Kva skjer når denne prosessen vert forstyrra eller avbrutt? Dette er utgongspunktet for forteljinga Eli Therese Gran beskriv. Ho fekk diagnosen reaktiv tilknytningsforstyrrelse. Dette innbefattar at ho har vanskeleg med å oppretta og knytta relasjonar til mennesker, som igjen knyttes til identitet og adopsjon. Det var ikkje uvanleg at adopsjonspapira inneholdt uekte navn, fabrikert fødselsdato og å vera ein «blandingsrase» utan å vera da.

Saknet etter sine biologiske foreldre lyser gjennom på nesten kvar einaste side i boka. For sitt indre skapte ho eit romantisk bilete av kven foreldra var, og kvifor ho vart plassert vekk. Ho kan føla si eiga biologiske mor gjennom seg sjølv. Her kjem identiteten inn i bilete igjen. Korleis skape ein identitet når du ikkje kjenn ditt eiga opphav?

Denne boka er på mange måtar ein sjølvbiografi. Forfattar skriv ærlig og oppriktig om mangel på tilhørighet og relasjonar og alle ringverknadane da kan føra med seg vidare i livet. Omsorgssvikt er også eit viktig tema. Ein rollefigur i livet har vert totalt fråverande, og gjer til at ho tar mange feilslåtte valg seinare i livet.

Eg synes kapittelinndelingane i boka er litt rotete. Det vert litt fram og tilbake i tid, og gjer det litt uoversikteleg i tidsperspektiv. Eg sit også med kjensle av at forfattar kanskje brukar adopsjon som ein unnskyldning for mange av feilvalga ho tok, der eg føler at eit valg er noke som blir tatt uavhengig av bakgrunn. Men kanskje forfattar har eit poeng?

«Skyggebarn» er fyrst og fremst, ifølgje forfattar sjølv, berekna for andre adopterte, foreldre til adopterte og folk som jobbar innan instansar som har med adopterte og deirar oppvekst og oppfølgjing å gjera, men har også appell til andre som av andre årsaker har slitt med tilknytning og relasjonskader. Med denne boka kan dei få eit betre bilete på kva det faktisk vil seia å vera adoptert. Gran skriv godt, og har mange gode reflekterte tankar rundt si eiga situasjon.

Det er ei sterk og rørande bok. Eli Therese Gran si stiloppgåve om savnet etter sin biologiske far, som ho skreiv i 8.klasse er noko som sit spesielt att. Den er gjengitt i sin heilhet i boka, og er gjennomsyra av ekte og oppriktig savn, og på mange måtar beskriv heile hennar liv og bok. Og den vart skreven når ho var 15 år… Ikkje rart ho fekk karakteren S på den. Denne boka vil eg spesielt anbefala til dei i rett målgruppe. Eg trur den kan gjera forståelsen større, og skilnaden mindre.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s