Fermenterte Tanker av Servet Karakaya

Ei diktsamling om kvardagens brutalitet, men også dei fine øyeblikka i livet.

  • Norsk tittel: Fermenterte Tanker
  • Forfattar: Servet Karakaya
  • Sjanger: Poesi
  • Antall sider: 237
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Tekst Forlag

Servet Karakaya (Født 1979) er opprinneleg frå Tyrika. Han kom til Noreg i 2002 som asylsøkjar. I 2013 gav han ut ei tyrkisk novellesamling som heiter «Zaman tunnelinde isabetsiz istikametler». For denne fekk han gullpenn-pris av «the art book times» avis i Istanbul. I 2020 gav han ut diktsamlinga «Fermenterte Tanker». «Ikke vent på meg» vart utgjeven i 2021, også dette ei diktsamling.

I forordet skriv forfattar følgende om boka: «Jeg ønsker gjennom diktene å få frem noe av hverdagens brutalitet, iblant med humor. Diktene handler om å se verden og mennesker, om kulturell tilpasning, naturens språk, hverdagens trivialiteter, verden i skyggen, redsel for å tape, håp til å leve, sommerfuglens bevis på transformasjon.»

Denne boka er eit leseeksemplar frå Tekst Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Fermenterte Tanker».

Dette er ei relativt stor diktsamling, der ein finn godt over 150 dikt. Nokre er berre på nokre få ord, medan andre går over fleire sider. Dei aller fleste dikta er fridikt, og har overskrift. Boka er ei rein tekstbok utan nokon form for bilete eller teikningar.

Forfattar er innom veldig mange forskjellige temaer. Han gir eit spark til samfunnet og til overfloden av det materialistiske i dei rike landa. Der enkelte klager på at det skal komme nedbør i morgen, er det andre som håper på ein dag utan bomberegn. Kontrasten er med andre ord store i dikta.

Han tar óg opp viktige saker, som f.eks fremmedfrykt og kontrasten mellom fattig og rik. Han er innom død, sorg og sakn, kjærleik, familie, redsel, og ellers andre kvardagslege ting.

Ein del av dikta vart for min del litt fór svevende. Dikt med dobbeltydingar, dikt som mest sannsynleg treng ettertanke og litt klokskap for å skjøna, og dikt eg rett og slett ikkje forstod noko ting av. Men likevel fant eg «Fermenterte Tanker» fornøyeleg, for han trekk fram mange kvardagslege ting som dei fleste kan assosiere seg med.

«Jeg
kunne ikke kjenne
meningen
i
livet
før
jeg begynte
å
kysse
deg»

Mange av dikta er til ettertanke, og Karakaya har gode bodskap og eit godt språk. Nokre gonger metaforisk, andre gongar provoserande og brutalt ærleg, men det er likevel masse sannhet i det han skriv om.

Han kjem stadig tilbake til kor godt me egentleg har det på vår del av jordkloden, og at mange av våre «problemer» er ein filleting i det store biletet. Forfattar skriv og nokre dikt om at me ikkje lengre ser kvarandre. Teknologien har gjort at me ikkje lenger hever blikket og ser ein person på samme måte som før. Eit kjærestepar holder hender på gata, men trykker på kvar sin mobil med si ledige hand… Det er noko i det han skriv.

Språket er godt, dikta flyt fint, temaene er veldig forskjellige og det er eit imponerande stykke arbeid Servet Karakaya har lagt ned i diktsamlinga si. Dette er nok ein person me kjem til å høyra meir frå i tida som kjem.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s