Lya vert påkjørt og bilisten kjører vidare. I grøfta ligg Lya, som med dette vert lam frå livet og ned. No vil ho finna ut kven som kjørte på ho.
- Norsk tittel: I Lyas øyne
- Original tittel: Dans les yeux de Lya – 1. En quéte de vérité
- Forfattar: Carbone & Cunha
- Sjanger: Barn og ungdom, Teikneserie
- Antall sider: 64
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: QlturRebus Forlag
Bénédicte Carboneill, aka Carbone, (Født 1973) er utdanna lærar, og vart også rektor, før skriving overtok kvardagen for fullt. Ho byrja å skriva for barn og unge. I 2015 byrja ho med teikneseriar. Då gav ho ut «Le Pass’Temps». Sidan har det blitt ei rekkje utgivlesar. Justine Cunha (Født 1992) er frå Compiègne, nord i Frankrike. Ho har alltid vert opptatt av teikneseriar, manga og teikningar. Cunha starta sin karriere i animasjonsfilmbransjen, før ho gjekk over til å bli illustratør. I 2018 starta samarbeidet med Carbone om serien «I Lyas øyne».

Vakre Lya har heile livet foran seg, men dagen før ho fyller 17 vert ho påkjørt. Bilisten kjører vidare og lar Lya ligga igjen hjelpeslaus og hardt skadd i grøfta. Etter kvart vert ho funnen, men då er skadane blitt så store at ho vart lam frå livet og ned. No ventar eit liv i rullestol. Frå denne dagen startar kampen for å akseptera den nye kvardagen. Men fyrst og fremst vil ho finna ut av kven som kjøyrde på ho, og lot ho ligga døande igjen i grøftekanten. Lya oppdagar eit dokument, der nokon har bestukket foreldra med ein stor pengesum for å skjerma gjerningsmannen. Lya bestem seg for å komma til bunns i saken. Saman med sin gode ven, Antoine, er ho villig til å gjera alt i jakta på sanninga og gjerningspersonen.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget QlturRebus Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «I Lyas øyne».
Dette er bok nr. 1 i serien om Lya.
Det fyrste som slo meg når eg las denne teikneserien, er at denne er mynta for den meir voksne generasjonen av ungdomar. Tematikken og innholdet gjer at det kan gå litt over hovudet for dei yngre. Denne kan også vere interessant for dei vaksne.
Da skjer ikkje all verden i dette fyrste bindet. Da virker som tekstforfattar brukar denne boka som ei innleiing til det som kjem vidare i serien. Og det er heilt greit, så lenge tempoet og framdrifta tar seg litt opp utover. Da kan virke som det fyrst og fremst er tre hovedpersoner. Sjølvsagt Lya, vennen hennes Antoine, og sekretæren i advokatfirmaet, Adele. Da er hvertfall hovedfokus på desse tre i denne fyrste boka.
Historia og plottet er bra. Lya sit i rullestol, og må ha hjelp for å finna ut av ting. Ho treng hjelp innad i advokatfirmaet, der ho skal vera trainee i 10 veker. For i arkivet i kjelleren i dette firmaet ligg det ei mappe, som skal inneholda informasjon med navn på kven som kjørte på ho. Men kven kan ho stola på?
Teikningane er litt annleis enn det ein kanskje ser normalt. Her er det veldig mange «close-up» teikningar av personar, der me kun ser ansikt, eller halve kroppen. Bakgrunnen i teikningane er minimalistiske og lagt lita vekt på. Så det er ingen tvil om at kropps og ansiktsuttrykk er i fokus hos illustratør i denne serien.
Teksten var veldig enkel å lese. Da er laga god plass inni leseboblene, og ein føler på ingen måte at det er overfylt. Ellers er det klassiske bobler med snakke og tenkebobler.
Det blir vanskeleg, og også urettferdig å setja ein karakter på ein slik teikneserie etter kun ei bok. Derfor velgjer eg hvertfall på nåværende tidspunkt å ikkje gjera da. Fyrste bok i serien byggjer seg opp mot mange mulige og spennande veger vidare i historia. Eg meiner den absolutt er verdt å fylgja med på.