Farvel til krumkakene av Mona Helene Eidem

Korleis skal ei snart 75 år gamal gift dame klare å lausrive seg frå sin trauste kvardag for å oppnå ein draum? Dette er den hjertevarme og morosamme forteljinga om Johanna’s vei mot draumen.

  • Norsk tittel: Farvel til krumkakene
  • Forfattar: Mona Helene Eidem
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 232
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Eidem Forlag

Mona Helene Eidem (Født 1964) bor i Mo i Rana. Tidlegare jobba som pedagog, men driv no sitt eige firma, Eidem Kommunikasjon, og sitt eiga forlag, Eidem Forlag. Ho debuterte med novellesamlinga «Løvhytta» i 2015, før ho kom ut med krimnovellesamlinga «Alt det vi ikke ser» i 2018. «Farvel til krumkakene» er hennes fyrste roman.

Johanna er ei snart 75 år gamal dame som er kasserar i menighetsrådet. Ho har vert saman med mannen sin, Eilert, i 60 år, og finn livet forutsigbart og kjedeleg. Men ho har sine eigne prinsippar som ho tviholder på, heilt til den dagen Anna flytter inn i nabohuset. Etter dette møtet tar livet til både ho og mannen ein heilt ny retning, men spesielt for Johanna. Ho byrjar å leve livet sitt igjen, og har ein draum ho veldig gjerne vil få fullført. Saman med Anna legg dei hemmelege planar for å gjennomføra denne draumen. Det fører dei inn i dei mest utenkelege situasjonar.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Farvel til krumkakene».

«Farvel til krumkanene» handlar om livet til den eldre garde, men også korleis møte med den yngre garde kan glede og gje livet ei ny meining. Forfattar får fram mange gode poeng med denne boka. Blant anna at ein aldri vert for gammal til å dele av sin livserfaring, og ein vert heller aldri for gammal til å lære nye ting i møte med nye mennesker.

«Eilert var snar med å rydde bordet. Johanna snudde seg tilbake mot oppvaskkummen. Hun ville ikke forfølge ordene hans, men hun kjente at noe var i ferd med å endres mellom dem. Om de kom hverandre nærmere eller om avstanden økte, var hun usikker på.»

Denne boka er tvers gjennom ei varm og til tider humoristisk bok. Men eg føler kanskje at forfattar prøver litt vél hardt å finne på forskjellige sprell for Johanna, Eilert og resten av gjengen i boka. Det blei litt overdrevet i enkelte av situasjonane.

Det oppstår mange hendingar som set diverse personar i pinlege situasjonar. Ein juletur med menighetsrådet går ikkje heilt etter planen, noko som absolutt var eit veldig godt humoristisk innslag. Det er óg mange gode dialogar, der me kan lesa om eit levd liv med bekymringar og både gode og dårlege minner som kjem fram undervegs i romanen. Ein kan óg lesa om ein helsetilstand som er blitt forringa med åra, og som hemmar hovedpersonen markant i kvardagen, utan at da stoppar ho nevneverdig.

Eidem tar oss med på reisa til Johanna, frå det låste og trauste livet ho har, til å frigjera seg og bli ein heilt ny versjon av seg sjølv, på godt og vondt. Men kor langt vil ho strekkja seg for å oppnå draumen sin? Vil ho kasta moral og samvittighet over bord for dette? Forfattar er dyktig til å skildra valgets kvaler for å nå eit mål.

Eit anna viktig element i boka er møtet med den yngre garde. Det er befriande å lesa om korleis eit slikt møte kan gjera begge partar godt. Dei eldre deler av sin visdom, og dei yngre utstråler energi og påfunn som gjer Johanna og Anna mange år yngre på eit blunk.

Eg syns boka er på sitt beste når Eidem skriv om tida som var, og når ho skildrar forholdet mellom Johanna og Eilert. Dei har grodd heilt saman, og alt er rutine og faste plikter. Her vil kanskje nokon kjenne seg att? Alle har sine meiningar for kva som er best for Johanna, utan å bry seg særlig om hennes meiningar. Eg synes også ho får godt fram dette med «bygdedyret» og all sladder og rykter som kan forekomme i ei lita bygd der alle kjenner alle, og korleis dette hindrar folk frå å kunne vera seg sjølv.

«Farvel til krumkaker» er ei lettlest bok, med korte kapitler og godt og flytande språk. Den inneheld lun humor og har eit langt levd liv som bakteppe for romanen. Denne boka er perfekt å lese mellom krimbøker, eller som ein lett leselektyre i ein travel kvardag.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s