Forfattar Elisabeth Naustdal Stormark vil med denne boka setja søkelyset på det indre sjelebilete, og med kloke ord og flotte malerier vil ho prøva å vera til inspirasjon for andre.
- Norsk tittel: Sjelebilde
- Forfattar: Elisabeth Naustdal Stormark
- Sjanger: Poesi & Lyrikk
- Antall sider: 52
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: Publica Forlag
Elisabeth Naustdal Stormark (Født 1963) bur på Sotra utanfor Bergen. Ho kom ut med boka «Sjelebilde» og « Poesi fra sjelen» i 2020. Ho har tidlegare arbeida som medisinsk sektretær, og driv no med maling, skriving, musikk og healing. Ho driv Galleri Stormark Everything in Nature.

Gjennom ord og bilete delar Elisabeth Naustdal Stormark sine erfaringar med lesaren. Ifølge ho så har alle mennesker vi møter på vår vei i livet, eit bodskap til oss, som me treng der og då. Dette er ei bok om reisen i vårt indre sjelebilde. Forfattar har skrevet denne boka i håp om at den kan vera til inspirasjon for andre.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Sjelebilde».
Eg har lest og bokanmeldt «Poesi fra sjelen» frå samme forfattar tidlegare. «Sjelebilde» er annleis, sjølv om den innehar sjølvmalte bilete og enkelte dikt. Dette er ei bok som går meir på det åndelege planet. Det handlar om å finna seg sjølv og finna roen i vårt indre sjelebilete. Nøkkelorda i denne boka kjærleik og positivitet, både til seg sjølv og til sine medmennesker.
«Jeg har så lett for å ta meg av alle andre og se deres behov, men glemmer mine egne. Jeg har drevet rovdrift på meg selv og vært for streng mot meg selv. Dermed har jeg ikke nok energi i stammen til å slå ut i full blomst.»
Gjennom flotte abstrakte malerier tar Stormark oss med på ei lita åndeleg reise, der ho blant anna skriv om kraftdyr, høgsensitivitet, hjelpere og det spirituelle.
Det er mange kloke og veloverveide ord og setningar i denne boka, som set seg i tankegongen til lesaren. Eg vil dra fram spesielt ein setning. Den lyder slik: «Tårer er ord fra hjertet som munnen ikke klarer å uttale». Dette er poesi frå øverste hylle, og samtidig ein veldig virkningsfull setning.
Målgruppa for denne boka er nok betrakelig smalere enn hennes diktsamling i «Poesi fra sjelen». Her må ein vere meir på bølgelengde med sitt indre og ha litt åndeleg forståelse for å få fullt utbytte av boka.
Eg meiner at denne boka ville passet ypperlig som ei lydbok, der ei roleg stemma las medan ein mediterte. Krafta bak kvart ord ville nok blitt forsterka på denne måten.
Eg synes bileta til Stormark er veldig flotte og originale. Det er noko særegent med måten ho uttrykk seg gjennom måleria. Fargerike, men samtidig eit avslappande blikkfang. Det må også nevnes at maleria hennes er malt med ulike ting ho finn i naturen.
«Sjelebilde» kan lesast frå perm til perm på 15-20 minutter. Men dette er ikkje ei bok ein berre pløyer gjennom. Dette er ei bok til ettertanke, der kvar setning har ein djupare meining og tanke bak. Er du interessert i sjeleliv og ei meditativ reise inn i ditt indre, så er denne boka eit veldig godt alternativ.
TERNINGKAST: 4+