Sofia og den alvorleg kreftsjuke mora, Jane, havnar plutseleg på ei øy midt i havet. Samfunnet her er heilt annleis enn det dei er vant med i England. Dette er fyrste bok i ein planlagt fantasy-trilogi om Månetetragonene.
- Norsk tittel: Øya på sokkelen
- Forfattar: Gry K. Karlson
- Sjanger: Ungdom, Fantasy
- Antall sider: 260
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Neglebitt Forlag
Gry K. Karlson (Født 1980) bur i Sveio kommune i Vestland Fylke. Ho jobbar i SIM (Sunnhordland Interkommunale Miljøverk), og driv Stutteri GK, der ho blant anna avlar varmblodshestar. Ho debuterte som forfattar i 2016 med boka «En liter blod», som er ein vampyrroman for ungdom. Boka «Øya på sokkelen» er den fyrste boka i ein planlagt trilogi om Månetetragonene.

Sofia Wilson utdannar seg som astrofysiker. Men då mor hennar, Jane, vert alvorleg kreftsjuk tar ho ein pause frå studiane. Saman flytter dei ut til barndomsheimen til Jane. Her dukkar det opp nokre merkverdige gjenstandar, og ei hending gjer at dei havnar på ei øy i eit svart hav så langt auga kan sjå. Men dei er ikkje åleina på øya. Det bur fleire tusen mennesker her. Kultur og tidsperiode er heilt annleis, og gamle mennesker forsvinn på mystisk vis. Mellom naturkrefter, intriger og trusler, finn Sofia spor etter faren som forsvant i ein ekspedisjon 11 år tidlegare. Men kvar er dei? Og korleis skal dei koma seg heim att?
Denne boka er eit forhåndseksemplar frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Øya på sokkelen». Boka har lanseringsdato 15. februar 2021.
Denne boka fekk eg tilsendt som eit forhåndseksemplar frå forlag i E-bok format. Eg hadde inga kjennskap til denne romanen på førehand. Så når eg byrja å lesa fann eg ut at dette måtte vera ei ungdomsbok. Men etterkvart vart eg meir usikker, då språket vart litt røffare og skildringane meir nærgåande. No i ettertid ser eg at dette er ei ungdomsbok i aldersgruppa 12-16 år, samt for voksne. Dette er noko som eg kan seia meg heilt enig i.
I kjent fantasy-stil vert me ganske kjapt dratt rett inn i eit heilt nytt univers, der det er andre reglar og normer enn det hovedpersonane er kjent med frå før. Klarar dei å integrera seg inn i det nye samfunnet? Klarar dei å kjempa seg gjennom alle utfordringar og prøvelsar som ligg foran dei? Og ikkje minst, klarar dei å finna veien attende til sin vante kvardag? Sånn sett er ikkje dette noko nyvinning innan sjangaren, men den er likevel spennande og fylt at intriger, action, monster og ein dose humor. I tillegg har den rot i virkeligheita, slik at lesar vil kjenna seg att i skildringar og situasjonar som oppstår.
No er dette bok nr 1 i ein trilogi, men eg sakna litt bakgrunnsinformasjon om den kreftsjuke mora til Sofie. Og ikkje minst om faren som forsvann under ein ekspedisjon for 11 år sidan. Men dette kan sjølvsagt vere noko som forfattar kjem innpå i dei neste bøkene. Men enn så lenge er dette eit lite minus frå mi side.
Eg vart dratt tilbake til barndommens tankar med ein gong når hovedpersonen i boka, Sofia, utforskar eit tårn. Eit tårn ho aldri måtte gå opp i som barn, og som alltid har vert låst. Kva skjuler seg oppe i dette tårnet? Fantasien byrjar sjølvsagt å jobbe på høygir. Så finn ho nøkkelen, og historia er i gong. Ei historie som er særdeles godt komponert, og forfattar har verkeleg klart å skapa eit univers som eg som lesar trur fullt og heilt på. Eg var til stades i handlinga. Eg var der faktisk i nokre øyeblikk når eg ikkje leste boka også. Noko som må seiast å vera eit uttrykk på at denne boka er oppslukande og veldig spennande, sjølv for ein antikk ungdom som meg.
«Pulsen tikket under huden da døren gled opp. Innenfor var det mørkt. Hun fomlet etter en bryter og skvatt da en gammel lyspære kom på. Det første hun så var trappetrinn. Støvete, grå tretrapper. Sofia pustet tungt. Dette var stort. Kanskje ingen hadde vært her siden faren levde? Ikke på elleve år? Forsiktig satte hun foten på første trinn.»
Boka er lettlest, sjeldan heile sider med tettpakka skrift, noko som gjer boka overkommelig for den yngre garde i ungdomsalderen.
«Øya på sokkelen» er ikkje berre fantasy med mystikk, monster og slåssing. Forfattar har på imponerande vis fletta inn familiedrama, kjærleik, svik og bedrag på ein strålande måte i romanen sin. Da heila vert ein naturleg del av historia, som gjer den til ei veldig god bok også for den voksne leserskaren. Samholdet mellom mor og dotter er også godt skildra. Den omsorgen dei har for kvarandre, på godt og vondt, er noko mange kan kjenna seg igjen i.
Eg ventar allereie i spenning på bok nr 2 i denne trilogien, som er forventa utgjeven hausten 2022. «Øya på sokkelen» er ei bok som eg trur vil vera lika interessant for vaksne som for ungdom, og viss du ikkje har lest fantasy før, så er denne boka eit godt utgongspunkt til å ta steget inn i fantasy-sjangeren. Denne kan eg varmt anbefala vidare når den vert lansert 15. februar 2021.
TERNINGKAST: 5