Dyr som gjemmer seg av Line Renslebråten

Her presenteres dyr fra heile verda, som har unike eigenskapar til å gjøyme seg i sine omgivnadar. Bli med inn i naturens fantastiske rike med denne lærerike boka, som passar for alle aldrar.

  • Norsk tittel: Dyr som gjemmer seg
  • Forfattar: Line Renslebråten
  • Sjanger: Fakta, Barn og Ungdom
  • Antall sider: 100
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Kagge Forlag

Line Renslebråten (Født 1980) bur i Asker. Ho er forfattar og illustratør. Renslebråten debuterte som forfattar med barneboka «Under senga» i 2013. Sidan den gong har ho gitt ut ei rekkje fagbøker og sakprosabøker for born og ungdom. Ho er veldig opptatt av natur og miljø, noko som også vises igjen i bokutgivelsene.

Med fargerike teikningar og morosamme fakta kan du med denne boka læra korleis dyr gjøymer seg i naturen. Her vert 39 dyr presentert med kvar sine fantastiske egenskaper. I Amazonas svømmer fisker som liknar blader, og i Asia etterligner ein edderkopp ei marihøne. Og sanneleg finnes det eit dyr som er gjennomsiktig, der du kan sjå små tarmer og eit bankande hjarta. Denne boka passer alle aldrar.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Dyr som gjemmer seg».

Dette er fyrst og fremst ei morosam og lærerik bok. Boka er delt inn i 5 kategoriar. Frå dyr som kamuflerar seg med fargar, til dyr som skiftar forkledning etter omgivnadane. Språket er slik at alle kan fylgje med på kva som står. Det er enkelt, men likevel ikkje barnsleg, så dette er ein formidlarkunst av høg klasse.

«Regnskogen i Costa Rica er full av farer.
Et slangehode strekker seg ut fra en grein.
Slangens svarte øyne stirrer på deg.
Kommer du for nær, hogger den mot deg.
Ingen tør å nærme seg. Men slangen er bare juks. Den falske slangen er en larve, som later som om den er farlig.»

Det er ingen fotobilete av dyra som er med i boka. Derimot er det teikningar forfattar sjølv har illustrert. Og det skal seiast at det er flotte illustrasjonar, som gjorde at eg ikkje sakna ekte bileter. Renslebråten har også lagt opp til at dyra er litt «gjemt» i illustrasjonane. Her må det påpeikast at dette kun er for den yngre garde, då dei forskjellige dyra er relativt lette å få auga på. Men nettopp dette gjer at denne boka også vil bidra til at dei yngste vil finna denne boka interessant. Så eit godt trekk frå forfattar dette.

Om du les for andre, eller les for deg sjølv, så er dette ei lærerik bok. Dyra som er nevnt, er frå alle verdenskantar. Alt frå ein hare til til ein snikmorderbille. Kvart dyr fyller to sider av boka. Den eine sida inneheld ei lita «historie» som forklarar korleis og kvifor den gjøymer seg. Den andre sida er ei faktaside med blant anna kvar for ein verdensdel ein kan finna dyret, størrelse på dyret, kva den liker å spise og kva slags dyr den gjemmer seg for. Og sjølvsagt er det latinske navnet på dyret nevnt, noko ein alltid kan imponera folk med viss ein lærer seg desse navna.

Og nettopp størrelse må eg skriva nokre få ord om. Her er det ingen måleenhet i form av cm, men derimot er det noko alle kan assosiere seg med, nemlig menneskelege kroppsdeler. Barn vil nok slite med å skjønne kor langt f.eks 12 cm er, men dei skjønner kor lang ein pekefinger eller ein underarm er. Dette er også langt enklare for ein voksen å forklare eit barn. Så eit veldig bra og klokt verkemiddel av Renslebråten.

I dagens samfunn der mobil, konsoll og pc-speling er blitt ein kvardag for så mange unge, er det ekstra viktig å klare å skape eit engasjement i bokform, som kan røske dei litt vekk frå dei digitale plattformene. Med «Dyr som gjemmer seg» har forfattar Line Renslebråten klart nettopp dette. Her kan ein diskutere rundt middagsbordet, ein kan bla i boka saman, finna favorittdyret sitt, barn og vaksne kan saman høyra kvarandre i eigenskapane til dyra.. Det er så masse ein kan få ut av denne boka, uavhengig av alder.

«Dyr som gjemmer seg» vil eg varmt anbefala vidare. Om du ikkje har barn, om du bur åleine eller har ein stor familie, om du er 5 eller 105 år har ingenting å seie for denne boka. Denne kan lesast av alle, og vil vera eit godt gavealternativ til den som «har alt». Sjeldan eller aldri har eg lært meir om dyr og natur på 100 sider, enn det eg gjorde med denne boka.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s