På ville veier – mot ukjent mål av Ole J. Andersen

Thomas var ein dyktig fotballspeler som hadde framtida foran seg. Men så kom alkoholen og ein gamal venn inn i biletet. Dette er ein rusrelatert krimroman med parapsykologiske element, som er bok nr sju i serien om eks-politietterforskar Koivo.

  • Norsk tittel: På ville veier – mot ukjente mål
  • Forfattar: Ole J. Andersen
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 385
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Elefantus Forlag

Ole J. Andersen (Født 1950) bur på Sokna i Buskerud. Han har 40 år bak seg i politiyrket, og er spesialutdanna innen rus og narkotika. Han debuterte som forfattar allereie i 1979 med boka «Politihistorie for Hønefoss». I 2013 kom han ut med sin fyrste bok om eks-politimannen Koivo. «På ville veier – mot ukjent mål» er bok nr sju i denne serien.

Thomas hadde ein god oppvekst med sunne interesser. Han elska naturen, blomstene, urtene, dei ville dyra og den friske lufta i skogen. Her fant han ro. Som ung var han óg ein meget god fotballspeler som hadde store planar for framtida, og den såg lys ut når sjølvaste Liverpool viste sin interesse for han. Men da var her problema starta. Alkoholen vart eit stadig større behov for Thomas. Han treff igjen sin barndomsvenn, Ansgar, som er blitt sprøytenarkoman. Ei tidlegare sak mellom desse to ser nok ein gong dagens lys, noko som skal få alvorlege fylgjer for dei begge. Kva skjer med ein gut som har arvelege alkoholgener og er disponert for å verta rusavhengig? Dette er ein rusrelatert krimroman med element av parapsykologi.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «På ville veier – mot ukjent mål».

Dette er mitt fyrste møte med forfattar Ole J. Andersen, så eg har ingen grunnlag for å samanlikne tidlegare utgivelsar frå samme forfattar.

På baksida av boka står det «eit snev av parapsykologi». Eg vil påstå at boka inneheld paranormale hendingar langt over snittet av eit snev. Parapsykologien er ein raud tråd gjennom boka, og ein viktig ingrediens i romanen. I starten kan det virka forvirrande, men utover i boka skjønar ein tankegongen bak dette.

Eg syntes særskilt starten og slutten på boka var bra. Midtpartiet vart meir rotete. Stamma i historien er der, men midt på stamma har forfattar lagt til for mange greiner, og eg følte at handlinga vart til medan han skreiv. Det er også ein del småfeil i boka som eg reagerte på. Som f.eks at hovedpersonen Thomas traskar i skogen, og ikkje anar kva dag eller månad det er, samtidig som han raskar med seg ei lokalavis frå ein postkasse her og der. Oppegåande som denne fyren er, burde han berre ha kikka på datoen på avisa. Slike opplagte ting burde vert unngått.

Som nevnt er dette den fyrste romanen eg les om eks-politietterforskar Koivo. Så eg veit ikkje noko om kor stor betydning han har i dei andre bøkene, men eg synes han får litt lita plass i denne romanen. Skulle gjerne sett at politietterforskinga var meir detaljert, og at Koivo kom tidlegare inn i biletet i boka.

Andersen veit kva han skriv om med sin bakgrunn i politiyrket gjennom 40 år. Det er ikkje vanskeleg å sjå at temaet rus ligg hans hjerta nært. Og det er styrken i romanen. For kva skjer med ein person som stadig søkjer seg til flaska? Og korleis påverkar da familie og miljøet rundt?
Språket er bra, og det er relativt korte kapitler, som også innehar overskrift. Nokre skrivefeil er det, men ikkje av den graverande sorten.

«Det eneste som hjalp nå var brennevin. Det var han helt sikker på. Sterkt brennevin. Nå følte han seg mer utmattet enn på lenge, og visste at han fikk delirium om han ikke fikk tak i sprit eller medikamenter som hjalp tilstanden hans. Først da kunne han bli frigjort fra et smertehelvete og hallusinerende opplevelser.»

Boka handlar fyrst og fremst om Thomas og den tidlegare venen hans, Ansgar. Eg likar at forfattar har få personar med i boka. Navn er nesten ikkje brukt, noko som gjer persongalleriet særs oversikteleg. Me kjem under huda på desse to hovedpersonane, og rus er sjølvsagt hovedtyngda i boka. Det er dessverre mange skjebner der ute, og Andersen skildrar nokre av dei meget godt i denne boka.

Det er også gode skildringar av floraen i den norske naturen. Forfattar er inne på plante og dyreliv rett som det er. Og ein lærar ein del om urter og korleis ein skal navigera i terrenget. Så dette er med andre ord ikkje berre ei rein rusrelatert krimbok, men også ei informativ bok om korleis ein kan leva av naturen.

«På ville veier – mot ukjent mål» er ei historie om kva rus kan føra med seg, og få kjenner til dette betre enn forfattar Ole J. Andersen. Til tidar ei god bok, og eit godt driv som gjorde at sidene flaug av stad. Det var eit hyggeleg fyrste møte med ein ny forfattar for min del, og garantert ikkje den siste boka eg les av han.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s